JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ei merkeleg form for pomorhandel

Verdien av dei russiske fiskelandingane i Noreg er ikkje enkel å få innsyn i.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4502
20220916
4502
20220916

Sanksjonar

peranders@dagogtid.no

I sommar skreiv fleire aviser at russiske båtar hadde levert fisk i Noreg for kring halvannan milliard kroner så langt i år. Men det stemmer ikkje. Det reelle talet er svært vanskeleg å finne, av grunnar vi skal kome attende til. Og måten den russiske fiskeeksporten via norske hamner går føre seg på, er i seg sjølv verd å studere litt nærare.

Forhistoria går attende til samanbrotet for sovjetkommunismen. På 1990-talet vart det mogleg for russiske fiskebåtar å levere fangstane sine i Noreg, og for ein del norske foredlingsbedrifter vart «russarfisk» berginga etter at norske trålreiarar slutta å levere råstoff. Dette var ein vinn–vinn-situasjon for russiske fiskarar (som fekk betre betalt enn heime) og for norske mottak (som fekk fisk å arbeide med). Og den norske insisteringa på at russiske trålarar må få bruke nordnorske hamner, ville vore lettare å skjøne for eit par tiår sidan, da russarfisken berga mange arbeidsplassar her i landet.

Frysehotell

I dag gjer derimot dei fleste russiske trålreiarane som dei fleste norske: Fangsten blir frosen om bord og levert til såkalla frysehotell på land, til dømes i Tromsø, Båtsfjord, Kirkenes eller Sortland. Så kjem det fryseskip som tek han ut i verda til eksportmarknadene, ofte via Rotterdam. Berre ein liten del av russarfisken blir foredla i Noreg. Og så er vi framme ved det som gjer verdien av denne pussige pomorhandelen så vanskeleg å kartleggje.

For sjølv om Råfisklaget har tal som fortel at russiske skip har landa 96.000 tonn fisk til ein verdi av ca. 1,6 milliardar kroner i norske hamner så langt i år, er ikkje dette den verkelege verdien. Dette er ein formell transaksjon, den såkalla førstehandsomsetnaden, som er eit krav for at russarar skal få lande fangsten sin i Noreg. Men fisken blir ikkje eigentleg kjøpt av norske kundar, dette er ein formell transaksjon via ein norsk agent. Den verkelege handelen med fisken skjer med kjøparar ute i Europa eller i Kina, som betaler ein langt høgare pris enn den minsteprisen Råfisklaget opererer med i statistikken sin.

Ukjend pris

Eit enkelt døme: Så langt i år har russiske skip levert 71.000 tonn fryst torsk i norske hamner. Hos Råfisklaget er denne fisken registrert med ein verdi på kring 30 kroner kiloen i snitt. Men gjennom mykje av 2022 har fryst torsk hatt prisar på over 50 kroner – og iblant over 60 kroner kiloen – i den verkelege marknaden i Noreg.

Kva dei russiske trålreiarane faktisk har fått for fisken sin på verdsmarknaden, er uvisst. Dag og Tid ringde til Lars Valdermo, dagleg leiar for Troms Seafood, for å få vite litt meir om denne typen handel. Troms Seafood handterer slike transaksjonar for utanlandske reiarlag, og eigarane av selskapet driv òg eit frysehotell i Tromsø. Men Valdermo var svært kortfatta på telefonen:

– Eg har ikkje noko behov for å kommentere den saka meir. Media har vore flinke.

Det er alt Valdermo vil seie.

Men det vi kan ta for gjeve, er at russiske reiarar får betre betalt for fisken enn dei offisielle tala frå Råfisklaget viser. Og, ironisk nok: Ukraina-krigen er ei årsak til at både russarar og nordmenn får mykje betre betalt for fisken sin i år enn i fjor.

Mat går fri

For dei russiske reiarane har det fleire fordelar å operere i Noreg: Båtane som fiskar vest i Barentshavet og i Norskehavet, får kortare veg til lands, Noreg har effektive frysehotell med bra service, og det blir kortare veg for fisken som skal sørover i Europa.

Her er det verdt å merke seg at russiske matvarer i all hovudsak er unnatekne sanksjonane. EU har ikkje importhindringar mot sjømat frå Russland, bortsett frå visse skaldyr og kaviar. USA har derimot forbydd all import av russisk sjømat, medan Storbritannia har straffetoll på russisk fisk.

For Noregs del er ikkje inntektene frå den russiske fisketrafikken store. Frysehotella og agentane tek seg betalt for tenestene sine, nokre nordnorske verft tener bra på å reparere eller byggje om russiske fiskebåtar, og leveransar av bunkers og proviant gjev nokre inntekter langs kysten.

Da sanksjonane vart diskuterte i regjeringsapparatet i april, åtvara Kommunaldepartementet om at eit hamneforbod kunne gå ut over norske aktørar avhengige av tenester og handel med russiske fartøy, skreiv Dagens Næringsliv i august. Ifølgje avisa var Nærings- og fiskeridepartementet «spesielt bekymret for verftsindustrien i Øst-Finnmark».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis