Digitalisering, oppussing og kvinnestrategi
Kriminalomsorgsdirektoratet er samd i at fengselshelsetenestene, særleg for dei kvinneler, treng eit løft.
Heidi Bottolfs.
Foto: Trygve Indrelid / KDI
pernille@dagogtid.no
Då Sivilombodet var på tilsyn i Bredtveit fengsel i mars i fjor, fekk fengselet mellom anna kritikk for bruken av såkalla samtalelappar som einaste kommunikasjonsmiddel mellom dei innsette og helsetenesta. Vart ein samtalelapp borte, vart det ikkje alltid fanga opp. Men undersøkingane synte òg at timeavtaler i spesialisthelsetenesta kunne gå tapt ved at behandlingsreiser ut av fengselet vart avlyste som følgje av låg bemanning. I tillegg risikerte innsette som måtte flyttast, å få behandlinga i spesialisthelsetenesta avbroten eller forseinka, fordi helsetenesta i den nye sjukehuskretsen vurderte retten til helsetenester annleis enn den førre tenesta.
Desse funna har kriminalomsorga teke konsekvensane av, ifølgje Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør i avdeling for førebygging, tilbakeføring og tryggleik i Kriminalomsorgsdirektoratet.
På e-brev til Dag og Tid fortel ho at kriminalomsorga har utvikla ei digital sjølvbeteningsløysing for innsette slik at dei kan ta kontakt direkte med helsetenesta. Ordninga er under utprøving i Agder fengsel, og vil på sikt verte tilgjengeleg for alle fengsla i landet.
– Kriminalomsorga har også dei siste åra pussa opp helseavdelingar ved fleire fengsel, slik at helsetenestene har gode arbeidsvilkår når dei gir helsehjelp til innsette. Ved overføring til andre fengsel eller lauslating er det dei ordinære helsetenestene som må sørgja for vidareformidling av pasientinformasjon som er teiepliktig, og som kriminalomsorga ikkje har tilgang til. Kriminalomsorga samarbeider med ulike tenester i fengsla og vertskommunen for best mogleg å sikre gode lauslatingsprosessar.
– Kva tenkjer KDI om at kvinnelege innsette vert ei stadig sjukare gruppe?
– Studiar viser at kvinnelege innsette har større omfang av psykiske lidingar og rusproblem enn mannlege innsette. Kriminalomsorga har difor laga ein plan for å sikre likeverdige soningsvilkår for kvinner.
– Kva må til for at fengselshelsetenestene skal få eit løft, slik de ser det?
– Utgangspunktet er ansvarsfordelinga mellom kriminalomsorga og helsetenesta. Helsetenesta har ansvar for helsetilbodet til dei innsette, medan kriminalomsorga har ansvar for å leggja til rette for dette, blant anna ved å stilla eigna lokale til disposisjon for helsetenesta. Kriminalomsorga har over noko tid registrert ei veksande vanhelse, særleg blant kvinnelege innsette, både psykisk og kroppsleg. Nokre av dei er så sjuke at kriminalomsorga ikkje kan leggja til rette straffegjennomføringa for dei for å møta behova deira. For å styrkja tilbodet til denne gruppa må tilskotet til vertskommunane til fengsla styrkjast, det same må samarbeidet med spesialisttenesta.
– Kvifor trur de kvinnelege innsette vert stadig sjukare, og kva konsekvensar har det for organiseringa av helsetenestene i kriminalomsorga?
– Ei av årsakene til vanhelsa blant kvinnelege innsette kan vere at det er ein større del av kvinner samanlikna med menn som gjennomfører straffa i samfunnet, utanfor murane. Lidingstrykket blant kvinnene som gjennomfører straffa i fengsel, blir difor relativt større. Kriminalomsorga tilrår at helsetilbodet til kvinnelege innsette blir styrkt for å møta det at dei har særskilde behov og er ekstra sårbare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.