JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Det kinesiske spelet

Henrik Stålhane Hiim ved Institutt for forsvarsstudium trur ikkje Kina ønskjer ei fredsmeklande rolle, men seier det òg vil vere rart om landet støttar Russland med våpen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kinesiske toppdiplomaten Wang Yi har den siste veka møtt europeiske leiarar og snakka om innsatsen for å stoppe krigen, men han var òg i Moskva, der han lova å jobbe for å styrkje forholdet til Russland.

Foto: Sputnik / Reuters

5354
20230224

Samtalen

Henrik
Stålhane Hiim

fyrsteamanuensis ved Institutt for forsvars­studium

Aktuell

Forholdet mellom Kina og Russland

eva@dagogtid.no

Kinas utanriksminister Qin Gang er uroa over at krigen i Ukraina eskalerer, og seier at Kina skal samarbeide med verdssamfunnet for å fremje dialog og konsultasjon. Det gjekk fram av ein tale han heldt tysdag. Nyleg har òg den kinesiske toppdiplomaten Wang Yi vore i Europa og snakka om Ukraina og innsatsen for å stoppe krigen.

Samstundes som dette skjer, melder både USAs utanriksminister Antony Blinken og Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg om ei aukande uro for at Kina skal byrje å støtte Russland med våpen.

Fyrsteamanuensis Henrik Stålhane Hiim ved Institutt for forsvarsstudium forskar på kinesisk tryggingspolitikk og seier det vil vere ei underleg timing om Kina sel våpen til Russland no.

– Det ville slå fullstendig bein under Kinas eige påståtte fredsinitiativ. På tryggingskonferansen i München prøvde Wang å slå ein kile i forholdet mellom USA og Europa ved seie at enkelte krefter ikkje ønskte fred mellom Russland og Ukraina, og det finst vel lite som ville knyte USA og Europa tettare saman enn om Kina byrja å selje russarane våpen. Kina har òg avvist påstandane.

– Er det truleg at Kina faktisk vil ha ei nøytral og fredsmeklande rolle?

– Eg trur ikkje det. Det er venta at Kinas president Xi Jinping skal halde ei form for fredstale fredag, så vi får sjå kva som kjem der, men eg trur desse initiativa fyrst og fremst handlar om å syne ei form for engasjement, utan at Kina ønskjer å oppnå så mykje konkret. Forholdet til Russland er for tett til at dei kan leggje press på russarane.

– Kina har ikkje fordømt invasjonen, men gjeve uttrykk for uro og teke til orde for forhandlingar. Kva er det Kina eigentleg meiner om krigen?

– Krigen og måten han har utvikla seg på, har vore ei belasting for Kina. Både fordi han går dårleg for den viktigaste strategiske partnaren deira, Russland, og fordi han bidreg til å forverre Kinas forhold til USA og Europa. Eg trur likevel ikkje vi skal vente at Kina endrar politikk. Lina deira har lege fast sidan invasjonen tok til, og det er å ha ei form for kvasinøytral rolle der dei i realiteten går ganske langt i å støtte Russland.

– Korleis har forholdet mellom Kina og Russland utvikla seg det siste året?

– Den strategiske partnarskapen ligg fast, trass i belastinga krigen har vore. Det kjem av at Russland geopolitisk er ein attraktiv partnar for Kina. Dei to har ein felles fiende i USA, og forholdet mellom USA og Kina har berre vorte dårlegare og dårlegare dei siste åra. Samstundes gjev det gode forholdet til Russland også Kina ryggen fri til å konsentrere merksemda si i havområda i Aust-Asia, der stormaktsrivaliseringa mellom Kina og USA fyrst og fremst går føre seg. Til sist meiner nok Kina òg at det er lite å hente på å justere kursen og fordøme krigen. Det ville gjort forholdet til russarane dårlegare, men ikkje betra forholdet til amerikanarane.

– Wang, som var i Moskva denne veka, varsla nye avtalar mellom Russland og Kina denne veka. Kva er grunnen til at dei styrker samarbeidet no?

– Eg trur det berre er uttrykk for partnarskapen dei alt har – kontinuitet i ei line som har lege fast gjennom år. Kanskje meiner dei òg at Russland treng meir støtte no.

– Det er nett varsla at president Xi Jinping planlegg å vitje Moskva i løpet av våren. Kvifor no?

– Frå russisk side skjer det for å syne at dei framleis har internasjonal støtte, og frå kinesisk side skal vi ikkje sjå vekk frå at det kan ha samanheng med det særs spente forholdet til USA etter ballongfadesen. Eigentleg var jo planen no å prøve å stabilisere forholdet til USA, og Blinkens besøk til Kina skulle bidra til det, men alt ramla saman med ballongsaka.

– Kva er indikasjonane på at Kina har tenkt å støtte Russland med våpen?

– Vi veit ikkje meir enn at det er sagt frå amerikansk side. Det gjekk rykte i amerikanske medium om mogleg våpensal i mars i fjor, men det vart seinare nekta for frå kinesisk side. Amerikanarane stadfesta deretter at dei ikkje hadde indikasjonar på at det kom til å skje. Det betyr ikkje at våpensal ikkje kan skje no, men eg tenkjer det ville vore rart om dei gjorde det no. Det ville vore drastisk og ei klar endring i politikk frå Kina.

– Men om så, kva for våpen har Kina tilgjengelege for russarane?

– Kina har meir enn nok forsvarsmateriell dei kunne ha overført, og ein god del av det er nok kompatibelt med russisk utstyr. Kina har tidlegare importert mykje militært materiell frå Russland, så det kan jo bety at det finst utstyr som er kompatibelt, men noko av det siste russarane selde til Kina, var avanserte luftvernsystem. Eg veit ikkje kor aktuelt det er å sende det tilbake.

– Kina og Russland har òg hatt militærøvingar saman. Kor omfattande er det militære samarbeidet deira?

– Det har vorte tettare gjennom fleire år, og øvingane har vorte meir avanserte og naturtru. Det har òg vore fellesøvingar mellom alle delar av det russiske og kinesiske forsvaret, og det er tett kontakt mellom forsvarsleiarar i dei to landa. Samstundes er det på ingen måte snakk om nokon allianse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis