JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Den mangelfulle førebuinga

Beredskapsarbeidet i Noreg er for fragmentert i leiing og planlegging, og vi er for dårlege på samarbeid og til å tenkje på tvers av sektorar, seier tidlegare forsvarssjef Harald Sunde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Endringane i den tryggingspolitiske situasjonen er ei utfordring for samfunnstryggleiken også her i landet, som til dømes her på Melkøya utenfor Hammerfest, der Equinor har bygd eit anlegg for mottak og prosessering av naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet via ein 145 kilometer lang gassrørleidning.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

7647
20230616

Bakgrunn

Totalberedskapskommisjonen vart oppnemnd ved kongeleg resolusjon i januar 2022 for å vurdere og gjere framlegg til korleis dei samla samfunnsressursane kan og bør nyttast for å vidareutvikle samfunnstryggleik og beredskap og sikre best mulig samla nytte av ressursane.

Beredskap

eva@dagogtid.no

Forsvarskommisjonsleiar Knut Storberget skapte overskrifter då han for ein dryg månad sidan erklærte dagens forsvarspolitikk for direkte uansvarleg og tilrådde ei dobling av forsvarsbudsjetta dei neste ti åra. Førre veke kunne tidlegare forsvarssjef Harald Sunde leggje til at det er like omfattande manglar i den generelle beredskapen i samfunnet.

Totalberedskapskommisjonen, som Sunde har leidd, meiner det trengst eit taktskifte og store endringar i måten vi tenkjer, planlegg, organiserer og jobbar med samfunnstryggleik og beredskap på: Beredskap må inn i læreplanane i skulen; det bør arrangerast nasjonale og regionale kurs om totalforsvar, samfunnstryggleik og beredskap for leiarar i organisasjonar og næringsliv; innbyggjarane må ta større ansvar for eigen beredskap; planlegginga, leiinga og samordninga av beredskapsarbeid må styrkjast; vi må evne å handtere samansette trugsmål eller såkalla hybride åtak betre; næringslivet må inkluderast i beredskapsstrukturane i langt større grad; vi må tryggje forsyninga av mat, legemiddel, kraft og andre essensielle varer betre og på eit anna vis enn i dag.

Under framlegginga av rapporten sa Sunde endåtil at føresetnaden om opne, globale forsyningsliner, som vi i stor grad har basert oss på dei siste tiåra, ikkje lenger kan leggjast til grunn for beredskapsplanlegginga.

Dag og Tid har snakka med kommisjonsleiar Sunde.

– Er det fyrst og fremst verda som har endra seg, eller bygde vi ned for mykje av beredskapen vår etter den kalde krigen?

– Mange land i Vest-Europa bygde ned både den militære og den sivile beredskapen etter den kalde krigen, men vi ser at det også var land som ikkje gjekk like hardt til verks. Finland er eit døme, og noko av forklaringa er at Finland hadde store menneskelege tap under andre verdskrigen, og at landet har ein annan tryggingspolitisk situasjon og nærleik til Russland. Pengane som er sparte inn på forsvar, har også kome andre delar av samfunnet til gode og bidrege til velferdsauke. Men å skode bakover her er ikkje så konstruktivt, for det er òg nye tider no, seier han.

Skjerping på alle nivå

Sunde skisserer fire globale trendar som kommisjonen ser særleg utfordrar norsk beredskap:

klimaendringane, som set både natur og samfunn under stadig større press

den endra tryggingspolitiske situasjonen, med aukande stormaktsrivalisering og eit større spekter av moglege konfliktar enn før

den teknologiske utviklinga, som skapar nye sårbarheit og trugsmål

befolkningsutviklinga, som utfordrar berekrafta i økonomien og velferdssystema, som igjen utfordrar beredskapen.

– Kva er dei mest relevante krisescenarioa vi bør bu oss på, slik du ser det?

– Det er klimaendringar og endringane i den tryggingspolitiske situasjonen, med nye og meir samansette trugsmål.

– Dette er ikkje nyoppståtte utviklingstrekk. I rapporten dykkar påpeikar de òg at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap har vorte styrkt i fleire omgangar det siste tiåret, fyrst etter terroren i 2011 og no også som følgje av pandemien og krigsutbrotet i Europa. Kva er det som likevel ikkje er forstått og gjort godt nok?

– Beredskapsarbeidet er for fragmentert i leiing og planlegging, og vi er for dårlege på samarbeid og beredskapstenking på tvers av sektorar. Det er gjort mykje godt arbeid med grunnberedskapen, og vi er gode i naudetatane og på søk og redning, men dei overordna systema våre må skjerpast, og dei må skjerpast på alle tre nivå: sentralt, regionalt og lokalt.

Eigne langtidsplanar

Overordna meiner kommisjonen det må utarbeidast ein nasjonal tryggings- og beredskapsstrategi, og at det må etablerast betre strukturar for informasjonsdeling og nasjonal situasjonsforståing ved krise. I tillegg må det etablerast eigne langtidsplanar for beredskap, etter modell frå langtidsplanane Forsvaret vert styrte etter, ifølgje kommisjonen. Langtidsplanar må innebere at det vert planlagt, prioritert og sett av ressursar til beredskap i fireårsperiodar, i staden for å gjere det år for år, som i dag.

– Forsvarssektoren er styrt etter langtidsplanar utan å ha vorte sett betre i stand enn at han no treng ei dobling av budsjetta over ein tiårsperiode for å fungere, om vi skal tru Forsvarskommisjonen. Kva tilseier at langtidsplanar kjem til å styrke den sivile beredskapen?

– Utfordringa for Forsvaret er løyvingane og den store underfinansieringa av sektoren over lang tid. Når det gjeld beredskapen er det den fragmenterte planlegginga og gjennomføringa som er hovudproblemet. Vi treng ei samla planlegging mellom sektorar og lengre perspektiv enn å planleggje frå år til år. I tillegg må planane for forsvar og beredskap sjåast i samanheng, slik at ressursar og utstyr kan utnyttast mellom dei to sektorane.

Ser til Finland

Når det gjeld forsyningsberedskapen, syner kommisjonen til at vi gjennom perioden med aukande globalisering ikkje berre har bygd ned eigne forsyningslager, men at vi på enkelte område også har gjort oss avhengige av land vi ikkje har interessefellesskap med. Kommisjonen meiner det no er på tide å vrake prinsippet om at varer skal kjøpast for levering «just in time», og i staden leggje til grunn eit føre-var-prinsipp. Det inneber ifølgje kommisjonen å gjere nye vurderingar av råvaretilgang og handelsvegar og å auke eigenproduksjon og endåtil lagring av visse typar matvarer. I tillegg tilrår kommisjonen at det vert etablert ein nasjonal forsyningsberedskapsorganisasjon, slik Finland har, med ansvar for å koordinere forsyningsarbeid mellom næringsliv og offentleg forvalting.

– De skriv at det med aukande tryggingspolitiske spenningar er naudsynt å produsere så mykje mat vi kan, på eigne ressursar. Men Noreg har best føresetnader for å produsere mjølk og kjøt, som er produkt der forbruket er på veg ned, eller bør gå ned, om vi skal følgje nye kosthaldsråd og klimaråd. Korleis løyse denne floka?

– Det må dei som er ekspertar på feltet, finne gode løysingar på. Poenget vårt er at vi ikkje produserer nok mat i Noreg i dag. Vi er for avhengige av import, medan god beredskap er å redusere importbehovet ved å utnytte eigne ressursar best mogleg.

– Finland har i dag lager av korn som dekkjer ni månaders forbruk, og Sverige skal kunne handtere alvorlege forsyningsforstyrringar i minst tre månader. Kor lang tid har Noreg forsyningar for i dag?

– Regjeringa har alt starta med kornlagring som skal dekkje to månaders forbruk, men det er påpeika at det bør dekkje meir enn det. Kor mykje meir er derimot ikkje noko vi svarar på. Dette må det gjerast sårbarheitsanalysar og vurderingar av for å finne ein god balanse.

– Apropos sårbar: Når det er blottlagt kor dårleg beredskapen vår er, gjer ikkje det oss endå meir sårbare?

– Eg trur ikkje det. For å verte betre må vi fyrst erkjenne kvar vi står i dag, og det er det vi bidreg til. I tillegg peikar vi på at 80 prosent av det vi treng i ein naudsituasjon, alt finst i næringslivet vårt, og at næringslivet difor må verte del av beredskapsarbeidet i større grad. Den bodskapen har også avskrekkande effekt, seier Sunde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Å skode bakover her er ikkje så konstruktivt.

Harald Sunde, leiar av Totalberedskapskommisjonen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis