JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Brot med etablert praksis

I 2006 fastslo Statsministerens kontor (SMK) at det ikkje kom på tale å utnemne ein sitjande statsråd i ei ny statleg stilling. SMK opplyser nå at det har vore ukjent for Erna Solberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg står fast på at ho kan utnemne statsrådar i eiga regjeringa til embetsstillingar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

7345
20210416

Dette er saka

21. september i 2020 vart forsvarsminister Frank Bakke-Jensen utnemnd til ny fiskeridirektør. Søknaden var hemmeleghalden heilt frå han søkte 16. juni, fem veker etter søknadsfristen.

Dag og Tid klaga hemmeleghaldet inn for Sivilombodsmannen, som kritiserte det.

Dag og Tid har vidare dokumentert at inga regjering sidan 1908 har utnemnt eigne medlemer til nye embete.

Nå blir utnemningspraksisen til Solberg granska i kontrollkomiteen på Stortinget.

Politikk

vidar@dagogtid.no

I mars 2006 stilte partileiar og parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, spørsmål til statsminister Jens Stoltenberg (Ap) om kva retningsliner regjeringa ville fylgje om ein statsråd, statssekretær eller politisk rådgjevar ville søkje ei stilling der regjeringa/ Kongen i statsråd eller eit departement tok den endelege avgjerda.

Opplysningane om spørsmålet frå Høybråten og Stoltenbergs svar kom fram under den opne høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen fredag 9. april om utnemningspraksisen til statsminister Erna Solberg.

Konfronterte Solberg

Statsministerens kontor opplyser nå til Dag og Tid at statsminister Erna Solberg (H) var ukjend med konklusjonane frå 2006 før leiaren i kontrollkomiteen, Dag Terje Andersen (Ap), konfronterte henne med desse opplysningane i høyringa sist fredag.

Bakgrunnen for Høybråtens spørsmål var at Helen Bjørnøy (SV), som då var miljøvernminister, var lansert som kandidat til bispestolen på Hamar. Høybråten sat då i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Svaret frå Stoltenberg var klart: «Under ulike regjeringer i etterkrigstiden har en fulgt den praksis at statsråder, statssekretærer og politiske rådgivere må ha sluttet i stillingen en viss tid før regjeringen eller departementet foretar utnevning eller ansettelse i ny høyere stilling i staten.»

Kjent tema ved SMK

Temaet var såleis godt kjent ved Statsministerens kontor før Erna Solberg sette i gang «kursendringa» i 2014, ved å utnemne eigne statsrådar til nye embete medan dei sat og vart sitjande som statsrådar.

Det er overraskande om embetsverket ved SMK ikkje orienterte og åtvara Solberg-regjeringa om «rettstilstanden» på området. Overfor Dag og Tid blir det påpeika at det fylgjer av pliktene embetsverket har til å hindre at statsråd eller regjering «dummar seg ut».

Dag og Tid har stilt spørsmål til SMK om dette. Dag og Tid har også bede om innsyn i materiale som eventuelt vart utarbeidd ved SMK før Stoltenberg svara Høybråten. Ifylgje SMK finst det ingen slike dokument.

– Manglande gen

– Det at ein ved Statsministerens kontor ikkje finn spor av dokument om spørsmål og svar mellom Høybråten og Stoltenberg, tyder på at Jens Stoltenberg hadde evne til å tenkje prinsipielt sjølv, til liks med alle tidlegare statsministrar sidan 1908. Det at ingen andre statsministrar etter 1908 før Erna Solberg i 2014 gjer slikt, er talande i seg sjølv. Det undrar meg at dagens leiing ikkje har eit politisk gen som forstår dette, og eg er også overraska over at administrasjonen ikkje har evna å gripe inn når statsministeren var i ferd med å slå inn på ville vegar, seier Andersen.

Kjell Magne Bondevik (KrF), som var statsminister i to periodar, seier til Dag og Tid:

– Eg ville fylgt det som har vore innarbeidd praksis om ikkje å utnemne sitjande statsrådar. Om ein statsråd hadde ynskt å søkje ei stilling regjeringa skulle tilsetje, ville eg bede vedkomande søkje avskil som statsråd.

Aldri Willoch

Dag og Tid har også vore i kontakt med fleire av statsrådane og statssekretærane i Kåre Willochs (H) regjering (1981–86). Dei er alle klare på at Willoch aldri ville ha funne på å utnemne ein sitjande statsråd til ei ny embetsstilling.

– Eg har litt vanskar med å førestille meg at Willoch kunne ha funne på noko slikt, seier Arne Skauge (H).

Han var statsråd i heile regjeringstida til Willoch. Skauge legg til at «sånt som dette skal departementsråden passe på at ikkje skjer» mynta på irregulære handlingar. Han peikar på at Dag Berggrav, som den gong var toppembetsmannen ved SMK, var veldig påpasseleg slik.

Skauge fortel også at Willoch samla heile den politiske leiinga som skulle innta regjeringskontora, til kurs for å lære opp og innprente køyrereglane før dei var utnemnde og tiltredde.

«Orden i sysakene»

Svein Sundsbø (Sp), som var landbruksminister 1985–86, fortel at «det skulle vere orden i sysakene – ikkje noko smartness. Alt skulle skje etter boka». Han fortel at alle tilsetjingar der regjeringa eller einskilde statsrådar var involverte, vart diskuterte under regjeringslunsjen på fredag, etter statsråd. Dette var fast praksis. Og Willoch var involvert i alle utnemningar.

Rakel Surlien (Sp), som var miljøvernminister 1983–86, fortel også at Willoch var veldig oppteken av at alt skulle vere formelt og korrekt i orden.

Arne Synnes (KrF) var statssekretær i Willoch-regjeringa 1983–86. Også han understrekar at «Willoch var 100 prosent prinsippfast» og ikkje ville ta snarvegar.

Fjernt for Willoch

Vi har snakka med fleire av deltakarane frå Willoch-regjeringa som ikkje vil bli siterte, men som alle gjev uttrykk for at det ville liggje fjernt for Willoch å skulle utnemne nokon frå eigne rekkjer til nye embete medan dei sat i posisjonane sine. Det blir vist til fleire døme på at personar søkte avskil og forlét regjeringskontora for å kunne søkje nye stillingar.

Dag og Tid har også funne døme på ein slik avgang før utnemning frå Borten-regjeringa (1965–71).

Den 3. oktober 1970 gjekk Ragnhild Elisabeth Schweigaard Selmer (H) av som justisminister. To månadar seinare, 4. desember 1970, vart ho utnemnd til høgsterettsdommar.

Inviterte seg sjølv

Under høyringa i kontrollkomiteen kom det også fram at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen hadde invitert seg sjølv til intervju i Nærings- og fiskeridepartementet om stillinga som fiskeridirektør. Dette vart gjennomført 8. juni 2020, meir enn ei veke før han leverte søknaden på stillinga. Frå departementet deltok assisterande departementsråd og ein ekspedisjonssjef. I tillegg var det også med representantar for hovudjegerfirmaet som var hyra inn i samband med tilsetjing av ny fiskeridirektør.

Fleire av medlemene i kontrollkomiteen gav uttrykk for undring over framgangsmåten. Komiteen vil nå stille nye spørsmål om utnemningspraksisen.

Forsvaret

I høyringa forsvarte statsminister Solberg seg ved å vise til at kontrollkomiteen, også med tidlegare statsrådar som medlemer, ikkje har hatt merknader til utnemningane av statsrådane, Elisabeth Aspaker til fylkesmann i 2014 og Bent Høie til fylkesmann i Rogaland i 2018.

Solberg står fast på argumentasjonen om at kritikken som kom frå Stortinget etter Løvland-utnemningane i 1908, handlar om at det var eit forretningsministerium som stod bak dei omstridde utnemningane i 1908. Ho ser då bort frå det som faktisk vart uttala i debatten og forsikringane som kom frå justisminister Johan Castberg om korleis regjeringa til Gunnar Knudsen (V) fylgde opp kritikken.

Komitéleiar og saksordførar Dag Terje Andersen vedgjekk for sin del at Stortinget har forsømt seg ved ikkje å gripe inn tidlegare, og han kontra med å slå fast at tida nå er inne for å setje foten ned.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis