JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Brannsløkking i Mali

Norske soldatar skal til Mali for å nedkjempe militante islamistar. Bidraget handlar meir om norsk alliansebygging enn om Mali,
meiner oberstløytnant og forskar Tormod Heier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frankrike har hatt antiterrorstyrkar i Mali i fleire år. No skal norske spesialsoldatar til landet saman med svenskane, under fransk kommando.

Foto: AP

13761
20210903
13761
20210903

Forsvarspolitikk

eva@dagogtid.no

Farleg og uoversiktleg, er ord som vert brukte om situasjonen i Mali. Landet vest i Sahel-regionen har vore utsett for to militærkupp berre det siste året. Samstundes får islamistiske opprørargrupper stadig sterkare fotfeste i landet, og valden aukar.

Det som går føre seg, har bakgrunn i eit militærkupp og eit påfølgjande tuaregopprør nord i Mali i 2012, året etter invasjonen i Libya og Muammar al-Gaddafis fall. Opprørarane vart så fortrengde av jihadistar, som tok fleire byar nord i landet, før regjeringsstyrkar med hjelp frå Frankrike greidde å ta kontrollen att.

Franskmennene vart verande i Mali med antiterrorstyrkar, gjennom operasjonen Barkhane, som tel over 5000 soldatar. I 2013 vart det òg oppretta ein fredsbevarande FN-misjon som skulle bidra til å stabilisere landet, og EU har etablert program og kapasitetsbyggingsmekanismar.

Men trass i tungt internasjonalt nærvær har ikkje situasjonen betra seg. Opprøret har tvert om spreidd seg inn i nabolanda Niger og Burkina Faso, så vel som sørover i Mali. Nupi-forskar Morten Bøås seier jihadistane er nærare hovudstaden Bamako i dag enn dei var i 2013, og at han ser få lyspunkt i landet.

Organisasjonen International Crisis Group rapporterer at jihadistiske åtak i heile Sahel er femdobla sidan 2016, og at valden mellom etniske grupper har eksplodert. Grupper som relaterer seg til Al Qaida og IS har rekruttert misnøgd ungdom, auka talet på åtak mot nasjonale tryggingsstyrkar og festa grepet fleire stader.

Til dette området er det den norske regjeringa, med støtte frå Arbeidarpartiet, nyleg har vedteke å sende norske spesialsoldatar.

Hurtigstyrke

Det norske styrkebidraget til Mali er på under ti personar, og dei fleste av desse er spesialsoldatar som skal vere del av ein svensk hurtigreaksjonsstyrke, ifølgje Forsvarsdepartementet.

Den svenske styrken er på om lag 150 soldatar og inngår igjen i ein rundt 400 personar stor europeisk styrke som vert kalla Takuba. Takuba-styrken er knytt til og skal støtte den franske antiterroroperasjonen Barkhane, og Noreg har òg tilbydd å sende to offiserar til Takuba-hovudkvarteret.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seier dei norske soldatane skal vere med på å trene den maliske hæren til å kunne vareta tryggleiken i grenseområdet mellom Mali, Niger og Burkina Faso, og at dei skal heim att saman med det svenske styrkebidraget, etter planen, våren 2022.

Mangelfulle svar

Noreg vart fyrst beden om å bidra med ein større styrke til Takuba, men regjeringa sa nei. I ettertid har fleire andre europeiske land vedteke å bidra med soldatar.

Det er Mali sjølv, saman med Frankrike, som har bede Noreg og andre europeiske land om hjelp.

Frankrike har sidan 2014 mist 55 soldatar i Barkhane-operasjonen, og franske styresmakter ønskjer no at andre europeiske land skal vere med på å ta meir ansvar i regionen. 10. juni i år varsla Emmanuel Macron dessutan at landet vil avslutte Barkhane-operasjonen.

Eit spørsmål som då melder seg, er korleis ein operasjon med rundt 400 soldatar skal ha føresetnad for å oppnå noko i Mali som ein operasjon på 5000 soldatar ikkje har klart. I tillegg kan ein spørje seg kva Noreg ser føre seg å oppnå med å sende berre nokre få soldatar til Mali. Og kva konkret kan dei få til ved å vere der berre eitt år?

Så langt er det gjeve få svar på dette offentleg. I regjeringa si pressemelding om vedtaket forklarar Bakke-Jensen soldatbidraget til Mali med at det vil «gi oss bedre situasjonsforståelse i dette området» og «styrke forsvarssamarbeidet med Sverige», i tillegg til at «operasjonen er sentral for å hindre at militante islamistgrupper skal få ytterligere fotfeste i Sahel». Det vert òg synt til at tryggingssituasjonen i Mali er utfordrande.

Informasjon frå naboar

I Danmark og Sverige, som begge sender fleire soldatar til Mali enn Noreg, har styrkebidraga vorte ope diskuterte og samtykte til i Folketinget og Riksdagen.

I debatten i Folketinget vart det understreka at Takuba-operasjonen kjem til å innebere «offensiv magtanvendelse», at det vil kunne førekome «dansk frihedsberøvelse af personer», at terrortrugselen i Mali er høg, at danske styrkar «vil være attraktive mål for angreb fra militante islamister», og det vert skissert kor mange kroner bidraget til Mali kan kome til å koste.

Under behandlinga i Riksdagen vart det lagt til grunn at oppgåva til Takuba er å hjelpe tryggingsstyrkane i Mali med å nedkjempe væpna terroristgrupper, inkludert gjennom felles operasjonar. Det gjekk òg fram at styrken skal kunne operere i Niger, og det vart stadfesta at det kan oppstå plutseleg behov for forsterkingar av den svenske innsatsen dersom tryggingsvilkåra skulle forverrast.

I Noreg har det ikkje vore nokon open politisk debatt om regjeringsvedtaket. Det er berre lagt fram for den utvida utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, der forhandlingane er hemmelege.

Det vi veit, er at opposisjonen på Stortinget fyrst sa nei til å sende eit større styrkebidrag til Mali, men at Arbeidarpartiet no altså har gjeve regjeringa ryggdekning til å sende eit mindre bidrag.

Forslag om endringar

Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen seier at både Danmark og Sverige, til skilnad frå Noreg, har grunnlovfesta at nasjonalforsamlinga må samtykke når væpna styrkar skal brukast i utlandet. Sosialistisk Venstreparti har fremja forslag om det same i Noreg, medan Arbeidarpartiet og Venstre har fremja forslag om at regjeringa pliktar å konsultere Stortinget i slike saker. Forslaga er ikkje tekne endeleg stilling til enno. Det er det det komande Stortinget som skal gjere.

– Men det er etablert praksis at regjeringa må konsultere stortinget om det å delta i farlege oppdrag i utlandet, og då er den utvida utanriks- og forsvarskomiteen det vanlege forumet, seier Holmøyvik.

Sjølv om konsultasjonane i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen er hemmelege, burde ålmenta alt i dag likevel fått innsyn i kva informasjon regjeringa byggjer vedtaket på, altså den kongelege resolusjonen om å sende soldatar til Mali. Det meiner Christoffer Conrad Eriksen, som er jussprofessor ved Universitetet i Oslo.

Eriksen sat i det regjeringsutnemnde uavhengige Libya-utvalet, som evaluerte Noregs rolle i Libyakrigen i 2011. Utvalet kom med ei rekkje tilrådingar for å sikre kvaliteten på både vedtaksprosessar og den norske deltakinga i framtidige internasjonale operasjonar, og tilrådde mellom anna at kongelege resolusjonar om norske styrkebidrag til internasjonale operasjonar som hovudregel bør offentleggjerast for å bidra til større tillit.

I tilrådinga, som Stortinget bad regjeringa følgje opp, går det òg fram at ein slik resolusjon bør innehalde alt frå nødvendige fakta, grunngjeving for innsatsen og skildring av økonomiske og administrative konsekvensar, til å skissere rammene for bruk av norsk militærmakt, vurdere om operasjonen er ein «krig» etter Grunnlova, og i så tilfelle kva som gjer at han er «til forsvar for landet», og målsetnader ved innsatsen.

– Det å vere open om rammene for internasjonale styrkebidrag er viktig for tilliten til avgjerdene om å sende norske soldatar ut av landet, for ålmentas kontroll med slike avgjerder og for den demokratiske deltakinga i ordskifte om bruken av forsvarsmakta, seier Eriksen.

Eit tverrpolitisk utval som har greidd ut om kontrollfunksjonen til Stortinget, har òg kome til at Stortinget, i spørsmål om militæroperasjonar i utlandet, bør involverast i større grad enn i dag.

Ikkje offentleg

Dag og Tid har bede Forsvarsdepartementet om innsyn i den kongelege resolusjonen om å sende soldatar til Mali, men fått til svar at han ikkje er offentleg. Vi har òg spurt kva ein reknar med at oppdraget Noreg skal vere del av, konkret kan oppnå på det eine året dei norske spesialsoldatane etter planen skal vere i Mali, og kor truleg det er at soldatane vert trekte ut att etter eit år, utan å få svar.

Forsvarsministeren har derimot svara på spørsmål om kva som er hovudgrunnen til å sende norske soldatar til Mali.

– Det er å bidra til å hindre at militante islamistgrupper skal få ytterlegare fotfeste i Sahel, seier han, og legg til at det å sende norske soldatar til Takuba vil bidra til å betre den norske forståinga for utviklinga på bakken i Mali, og til å styrkje forsvarssamarbeidet med Sverige.

På spørsmål om kvifor Noreg går med i ein franskleidd styrke i staden for å auke innsatsen gjennom FN, syner han til at regjeringa har to spor for Forsvarets innsats i Sahel-området: både innsats gjennom FN, som Noreg har bidrege med sidan 2013, og som kjem til å vidareførast, og bidrag knytt til kapasitetsbygging.

– Bidraget til Takuba er del av kapasitetsbyggingsinnsatsen og går ikkje på kostnad av FN-innsatsen, seier han.

– Må vere realistiske

Anniken Huitfeldt (Ap), som er leiar av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, sa i fjor til NRK at Ap ikkje støtta eit bidrag til Takuba-styrken i Mali, mellom anna fordi partiet ville prioritere Nato eller FN-oppdrag. Kva er det som har fått Ap til å skifte meining i saka no, spør vi henne.

– Premissen for spørsmålet er feil. I fjor var det snakk om eit norsk bidrag på om lag 150 personar. Bidraget no er på under ti soldatar. Det er så lite at det ikkje svekkjer det norske Forsvaret eller gjer at vi må seie nei til eventuelle andre førespurnader, seier ho.

– Kva reknar de med at oppdraget Noreg skal delta i no, konkret kan oppnå før dei norske soldatane etter planen skal heim att i 2022?

– Målsetnadene bør vere realistiske, gjeve det avgrensa tidsrommet og storleiken på det norske bidraget, men føremålet er å halde terrororganisasjonane i området i sjakk.

– Men når vi fyrst skal bidra, burde vi ikkje bidra med fleire?

– Vi vart fyrst inviterte til å etablere ein eigen norsk base på line med den svenske på om lag 150 soldatar. Det meinte vi var eit altfor omfattande bidrag i ein del av verda der vi har relativt lite erfaring og kompetanse, seier ho.

– Nokon må bidra

Bøås på Nupi er for norsk militærdeltaking i Mali, fordi han fryktar for konsekvensane ved å ikkje ha internasjonale styrkar i landet.

– Trekkjer vi ut den internasjonale militære innsatsen no, er det mange som er samde i at Mali kjem til å kollapse. Og skjer det, trur eg Burkina Faso kjem til å falle òg, truleg også Niger, seier han.

– Men Frankrike skal trappe ned Barkhane, samstundes som valden aukar. Kva tilseier at ein mindre europeisk styrke har betre føresetnad for å oppnå meir enn det Barkhane-operasjonen har klart?

– Barkhane skal ikkje ut med det same. Eg trur Frankrike er strategisk her. Dei var misnøgde med manglande oppslutning om innsatsen frå leiarane i regionen og har òg lenge meint at resten av Europa må ta større ansvar, seier han.

– På kva måte kan operasjonen Noreg skal delta i, hjelpe på situasjonen?

– Takuba i seg sjølv løyser ingen verdas ting, men det må vere eit internasjonalt militært engasjement i landet, og då må nokon bidra. Og det finst ikkje gode grunnar til at Noreg ikkje skal bidra. Dessutan har Frankrike fått styre med Mali åleine for lenge. Sannsynet for å påverke landet til å endre strategi, vekk frå å berre handle om å eliminere folk vi definerer som terroristar, og eit militært engasjementet som kan støtte opp om politiske løysingar, er nok større om andre land òg bidreg. Noreg bør ha det som mål, seier Bøås.

Realpolitikken

Tormod Heier, som er oberstløytnant i Hæren og forskar ved Forsvarets høgskule, trur på si side ikkje den norske militære deltakinga i Mali bidreg til langsiktig konfliktløysing.

– Styrkane det er snakk om, vil aldri adressere eller løyse dei underliggjande konfliktlinene som gjer at opprørsgrupper lukkast såpass godt i Mali. Til det trengst det generasjonar med systematisk institusjonsbygging, og politisk arbeid med omfordeling av ressursar og rettvis representasjon mellom dei styrte og dei styrande. Det Noreg gjer no, er rein brannsløkking, seier han.

Han ser ikkje vekk frå at fleire vestlege styrkar òg kan bidra til ytterlegare motstand i Mali.

– Mange IS-grupper har fått auka motivasjon etter kollapsen i Afghanistan. I tillegg må vi stille spørsmål ved kor nyttige og effektive desse militære bidraga er. Støtta til militære styrkar i Mali er ikkje sterkare enn det regimet det militære skal verne, og her er det snakk om eit militærregime utan altfor sterk forankring i samfunnet.

– Har vi ikkje lært noko frå Afghanistan?

– Vi burde vel ha lært at det å trene opp lokale tryggingsstyrkar ikkje har mykje føre seg så lenge dei står på svakt fundament i eige samfunn, men det er ikkje sikkert det er det viktige for norske styresmakter her. Eg trur dette fyrst og fremst handlar om å kurtisere Frankrike som alliert, for å få fleire europeiske bein å stå på i tryggingspolitikken og ikkje berre vere avhengige av USA, om det skjer noko i nordområda. Noreg ønskjer òg eit tettare samarbeid med Sverige, slik at dei nordiske landa kan stå betre rusta til å møte Russland i nord. Det å få til samarbeid mellom norske og svenske spesialstyrkar i Mali er eit steg i den retninga.

– Så dette handlar ikkje om Mali i det heile?

– Eg trur det handlar litt om Mali, men ikkje mykje. Oppdraget er knytt til ein antiterroroperasjon, driven av franske spesialstyrkar, og er mykje meir realpolitisk fundert. Det er òg sterke krefter i Forsvarsdepartementet som ønskjer tettare samarbeid med Frankrike, som eit supplement til Storbritannia og USA, seier Heier.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det handlar litt om Mali, men ikkje mykje.

Tormod Heier, oberstløytnant og forskar

– Takuba i seg sjølv løyser ingen verdas ting.

Morten Bøås,
Nupi-forskar

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis