JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

AfD på frammarsj

Dystre framtidsutsikter får tyskarane til å sjå mot ytre høgre. Samstundes klarar ikkje dei etablerte partia å verte samde om løysingar på utfordringane landet står overfor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På kort tid har det høgrepopulistiske partiet AfD vunne to lokalval i Aust-Tyskland.

Foto: Max Schwarz / Reuters / NTB

7798
20230707
7798
20230707

Tyskland

jesjoho@gmail.com

Søndag for to veker sidan var auga til alle tyske medium retta mot Sonneberg i Thüringen i Aust-Tyskland. Valkrinsen ligg heilt på grensa til Bayern og er den nest minste i Tyskland. Der vart Robert Sesselmann, kandidaten til det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland (AfD), vald til distriktsdirektør – partiets første i Tyskland.

Sesselmann vann med 52,8 prosent av røystene. Med det overtar partiet for første gong eit eksklusivt embete med eit fleirtal i eit lokalval. Det er mest av alt ein symbolsk siger. Distriktsdirektøren er øvste overhovud i forvaltninga i eit område og har ingen politisk påverknad. Til nyhendebyrået RND seier ekstremismeforskaren Matthias Quent at «dei reelle styringspolitiske følgjene i ein krins på 54.000 innbyggjarar er små, men valsigeren gjev ein sentral posisjon for å kome i posisjon på delstatsnivå og nasjonalt».

Éi veke seinare – sist søndag – vann AfD-kandidaten Hannes Loth borgarmeistervalet i ein annan austtysk valkrins. Valkrinsen Raguhn-Jeßnitz ligg i delstaten Sachsen-Anhalt, ikkje langt frå Leipzig. På kort tid har partiet fått sine to første lokale representantar.

Etterretning

Tysk etterretning har i ei tid åtvara mot partiet. 10.000 av 28.500 medlemer vert førte som høgreekstremistar. I Thüringen vert partiet definert som «sikkert høgreekstremt» – noko som gjev etterretninga lov til å infiltrere partiet. Ifølgje Süddeutsche Zeitung vurderer den nasjonale etterretninga å gjere det same.

Etterretninga meiner partiet utgjer ein fare for demokratiet. Fleire sentrale partifolk nyttar openberr nasjonalsosialistisk retorikk. Tidlegare forbundsdagsmedlem for partiet Birgit Malsack-Winkeman var ein del av kuppforsøket som vart avdekt før jul.

Det som byrja som eit borgarleg, euroskeptisk parti for ti år sidan, har gått stadig lenger mot høgre. Partiet er for ein atterhalden innvandringspolitikk, medan sosialpolitikken har gått frå marknadsliberal til meir blandingsorientert. Utanrikspolitikken er prega av ei Russland-venleg linje. Likevel synest åtvaringane å ha liten verknad på veljarane. AfD er med 20 prosent det nest største partiet på nasjonale målingar.

Aust

Valsigeren har difor vekt stor oppsikt i Tyskland. Leiaren i partiet Dei grøne, Ricarda Lang, kalla valresultatet «ei åtvaring til alle demokratiske krefter». To tredjedelar av den tyske befolkninga ser på partiet som ein trugsel mot demokratiet, ifølgje rikskringkastaren ZDF. Kva er det som gjer partiet så populært?

I Sonneberg er 44 prosent av innbyggjarane mottakarar av minsteløn – flest i Tyskland. Nyleg vedtok den tyske regjeringa å auke minsteløna frå 12 til 12,41 euro. Det tyske fagforeiningsforbundet kravde minst 13,50 euro for å utlikne inflasjonen. Realløna gjekk i fjor ned med 3,1 prosent – den største nedgangen sidan 2008. Om lag 60 prosent av tyskarane ser på den økonomiske situasjonen som dårleg, ifølgje Der Spiegel.

Mange austtyskarar føler seg gløymde. Ifølgje ein nyleg demokratistudie er over halvparten av austtyskarane misnøgde med demokratiet som styringsform. To tredjedelar seier det ikkje nyttar å engasjere seg politisk, og lengtar attende til DDR.

I fleire austtyske delstatar er AfD no størst på målingane. I både Brandenburg, Sachsen og Thüringen skal det vere val til delstatsparlamentet neste år. I Brandenburg har partiet no 24 prosent oppslutning, medan det i dei to andre delstatane har 28.

Leiaren for det statlege opplysningskontoret for politikk, Thomas Krüger, seier til ARD at ein likevel bør vere forsiktig med å sjå på partiet som eit utelukkande austtysk fenomen. Han åtvarar i tillegg mot å sjå på AfD som eit reint protestparti: «Veljarane vil ha dette partiet. Det gjer situasjonen alvorleg.»

Resesjon

Partiet mobiliserer på uro blant veljarane. Talet på flyktningar er høgare enn nokosinne. I 2022 kom 1,14 millionar menneske til Tyskland. Somme er motstandarar av å gje våpen til Ukraina. Trass i at Tyskland kom seg betre gjennom vinteren enn venta, er landet i motsetnad til dei europeiske nabolanda inne i ein langvarig, om enn marginal, økonomisk resesjon.

I juni var 192.000 fleire menneske utan jobb samanlikna med fjoråret. Arbeidsløysa ligg på 5,5 prosent – samstundes er 769.000 stillingar ledige, noko som til dels kjem av mangel på faglærte.

Medan den faktiske inflasjonen i landet ligg på 6,1 prosent, er den «følte» inflasjonen på 18 prosent, ifølgje ein studie gjord av forsikringsselskapet Allianz Trade. Det vil seie at tyske forbrukarar trur prisstiginga er mykje høgre enn ho i realiteten er. Mykje av grunnen er at prisen har gått mest opp på kvardagslege produkt, slikt som mat og drivstoff. I mai hadde prisen på daglegvarer gått opp med 14,9 prosent samanlikna med fjoråret.

Varmepumpeideologi

I eit ZDF-innslag frå Sonneberg seier ein lokal borgar at den valde AfD-politikaren «må gjere det folk vil, ikkje prøve å berge verda». Det er direkte retta mot regjeringa i Berlin. Lokalvalkampen dreidde seg heller ikkje først og fremst om lokale tema, men mykje om framlegget om å forby dieselbilar og gassoppvarming, auka militærstøtte og klimapolitikk.

Eit av dei størst stridstemaa i den tyske politikken den siste tida har vore den såkalla «oppvarmingslova». Lovframlegget inneber kutt i byggjesektoren for å få ned klimagassutsleppa. Berre oppvarming som kan nytte minst 65 prosent fornybar energi, skal i framtida verte tillaten. I dag vert over 70 prosent av tyske hus oppvarma med gass eller oljefyring.

I det opphavlege lovframlegget skulle lova gjelde for alle nyinstalleringar og reparasjonar av oppvarming frå og med 1. januar 2024. Det overrumpla mange i befolkninga. Avisa Bild har i lang tid kalla planane for «varmepumpeideologi». Både opposisjonen og koalisjonspartnarane har gått til åtak på prestisjeprosjektet til Dei grøne. No er det sett ei overgangstid fram til kommunane har lagt planar for utbygging av klimavennlege alternativ, slik som fjernvarme.

Grøne tap

Lova har vorte symbolet på ein stor splid i tysk politikk. På den eine sida er omstillinga naudsynt for å nå klimamåla og sikre energiforsyninga. Det vart spesielt tydeleg då Tyskland brått måtte kutte i gassleveransane frå Russland i fjor. På den andre sida har ein den urolege økonomiske situasjonen og motstanden mot forbod som politisk verkemiddel.

Dei grøne står igjen som den store taparen i striden. Medan det sosialdemokratiske kanslarpartiet SPD har stabilisert seg på om lag 20 prosent, er Dei grøne nede i 13 – rett under valresultatet frå førre val. Likevel: I sak etter sak vert prestisjeprosjekta deira – felles forbod i EU mot forbrenningsmotorar og no oppvarmingslova – vatna ut av den liberale koalisjonspartnaren FDP, som òg er på jakt etter å profilere seg sjølv etter fleire lokalvalsnederlag.

Utforme

Det har òg kome fleire habilitetssaker som førte til at statssekretæren til visekanslar Robert Habeck, Patrick Graichen, måtte gå tidlegare i år. Mellom anna skal han ha foreslått forlovaren sin til ein toppjobb i det statlege tyske energibyrået. Slik framstår klimaomstillinga for mange som eit patronasjeprosjekt.

CDU har difor gjort Dei grøne til sin hovudmotstandar – og ikkje AfD. Partisjef Friedrich Merz skuldar dei grøne for å ha framprovosert ei «polarisering i energipolitikken» og for å ha ein «gjennomgåande folkeoppdragande haldning». Likevel klarar heller ikkje CDU, som i lang tid har vore største parti på målingane, å styrkje seg nemneverdig.

«Utforme politikken, ikkje forvalte han», stod det på valplakatane til AfD i Sonneberg. Det er eit stikk til alle dei etablerte politiske kreftene i Berlin.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis