– Trump har ansvaret
Storminga av Kongressen var eit kuppforsøk som må få konsekvensar, meiner professor Jennifer Leigh Bailey.
Opptak med tidlegare president Donald Trump på storskjerm i ei open høyring i regi av granskingskomiteen.
Foto: Al Drago / Pool / Reuters / NTB
SAMTALEN
Jennifer Leigh Bailey
professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU
AKTUELL
Kommisjonen som granskar storminga av Kongressen den 6. januar, har for tida opne høyringar

christiane@dagogtid.no
Forteljinga om kva som skjedde i opptakta til opprøret på Capitol Hill den 6. januar i fjor, vert fylt med stadig fleire detaljar. Den 9. juni starta dei offentlege høyringane til granskingskomiteen der vitne fortel kva dei opplevde i tida fram mot kongresstorminga, der store folkemengder prøvde å hindre dei folkevalde i å godkjenne presidentvalet.
Komitéleiar Bennie G. Thompson har kalla 6. januar-hendingane for eit kuppforsøk.
Jennifer Leigh Bailey er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU).
– Kva er det viktigaste som har kome fram i høyringane så langt?
– Det viktigaste er at den tidlegare presidenten Donald Trump vert knytt direkte til hendingane. Mange har fortalt at han tok feil i påstanden om valfusk.
– Leiaren i kongresskomiteen har kalla hendingane 6. januar for eit kuppforsøk. Er det ei rett skildring?
– Det er heilt korrekt. Ein kan nytte ulike omgrep, men når ein ser kva som ligg bak, kan hendinga sjåast på som eit kuppforsøk.
– Kva ansvar vil du sjølv seie at Trump har?
– Eg trur Trump har eit nettverk av folk som hadde som mål å endre utfallet av valet. Trump stod i sentrum for det, og han har ansvaret. Punktum.
– Kva skal til for at informasjonen som kjem fram i høyringane, kan få rettslege konsekvensar for Trump?
– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Granskingskommisjonen kan ikkje gjere noko, så spørsmålet er om dei har funne bevis som kan overførast til andre påtalemakter. Først og fremst gjeld det justisdepartementet, som sjølv etterforskar saka. Dei som sit i kommisjonen, tenkjer juridisk. Dei beviser at Trump har fått vite at det ikkje har vore valfusk, og koplar han direkte til hendingane 6. januar. Eg trur føremålet kan vere å overlevere materialet til justisdepartementet. Kommisjonsarbeidet kan også ha innverknad på etterforskinga på fylkesnivå. Men isolert sett er høyringane mest orienterte mot publikum.
– Kan dette verte ei historie der 200 opprørarar vert domfelte, men der den øvste ansvarlege går fri?
– Mange demokratar spør kvifor Trump går fri. Det er klart for mange at Trump står bak kriminelle handlingar. Kvifor sit han ikkje i fengsel? Svaret er at vi aldri tidlegare har sett liknande handlingar frå ein president. Om han skal tiltalast, må det ikkje vere nokon tvil om motivet, for elles vil det framstå partisk. Men når andre vert domfelte, kvifor ikkje Trump? Om demokratane ikkje viser at dei kan handle, vil dei miste legitimitet blant sine eigne.
– Kva vil du seie er dei viktigaste konsekvensane av storminga av Kongressen?
– Storminga er ikkje det største problemet, men kuppforsøket. Og at ikkje noko skjer som følgje av dette, dersom Trump ikkje vert stilt for retten. Med så mange bevis som er lagde fram, må eit eller anna skje. Elles kan USA miste sitt demokratiske preg.
– Kven er heltane i denne historia?
– Det er eit interessant spørsmål. Mange republikanarar har fortalt Trump at det er illegalt å manipulere valet. Dei har vore utsette for mykje press, men er dei heltar fordi dei har gjort jobben sin? Mike Pence er til dømes ein problematisk type, som er stolt over å ha vore visepresidenten til Trump. I mine auge er heltane dei kvinnene som stilte opp i høyringa denne veka, valfunksjonærane Ruby og Shay Moss, som fortalde om korleis dei vart hetsa og truga på livet fordi dei gjorde jobben sin valdagen.
– 6. januar-hendinga splittar amerikanarane. Kan høyringane medverke til ei meir samla oppfatning av røynda?
– Det er ikkje alle som ser dei, men no har også Fox News for første gong vist høyringane, så det kan gjere at dei når breiare ut.
– Påstanden om valfusk lever vidare. Kvifor er det så vanskeleg å tilbakevise denne løgna?
– Mange høyrer berre på éi side i politikken og trur ikkje på det ein demokrat seier. Det er grunnen til at granskingskomiteen har kalla inn så mange republikanarar. Men Trump-tilhengjarar kallar dei republicans in name only. Det har oppstått ein total mangel på tillit. Konspirasjonsteoriar som QAnon har fått gjennomslag, og det er vanskeleg å avvise teoriar som har så lite med røynda å gjere. Mange menneske trur ikkje på ekspertar eller på representantar for staten. Dette handlar ikkje om fornuft, men om identitet.
– Korleis går det med demokratiet i USA?
– Det heng i ein tynn tråd nett no. Vi kryssar fingrane for at vi har eit demokrati etter mellomvalet i november. Om ikkje demokratane får fleirtal i Senatet og Representanthuset, har vi eit problem, for republikanarane er ikkje lenger demokratiske.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Storminga er ikkje det største problemet, men kuppforsøket.
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.