JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Statsrådane skulle ha gått av for å kunne søke

Carl I. Hagen er ikkje i tvil: Elisabeth Aspaker, Bent Høie og Frank Bakke-Jensen skulle alle ha gått ut av Solberg-regjeringa før dei kunne søke statlege embete.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5972
20210219
5972
20210219

Embetsstillingar

vidar@dagogtid.no

Carl I. Hagen seier til Dag og Tid at han meiner det er svært uryddig at Erna Solberg har innført den praksisen at regjeringskollegaer utnemner kvarandre til nye statlege embete. Hagen reagerer særleg på Bakke-Jensen-saka der søknaden til overmål vart halden hemmeleg, og synest det er bra at Dag og Tid klaga hemmeleghaldet inn til Sivilombodsmannen som så kom med klar kritikk av hemmeleghaldet. Ombodsmannen understreka nettopp poenget med behov for innsyn når søkaren var medlem av same organ som stod for tilsettinga.

Hagen sat sjølv i kontrollkomiteen på Stortinget gjennom fire stortingsperiodar, i 16 år, og var ein av dei representantane som hadde størst innsikt og engasjement i konstitusjonelle spørsmål og naut respekt på tvers av partigrensene.

Det har, slik Dag og Tid tidlegare har dokumentert, vore fast praksis heilt sidan 1908 at statsrådar som har ynskt seg andre stillingar i det offentlege, har måtta gå av som statsråd før dei kunne søke nye stillingar.

Dag og Tid har fleire gongar påpeika det underlege i at Stortinget ikkje har reagert på utnemningane av dei to fylkesmennene Elisabeth Aspaker og Bent Høie i 2014 og 2018. Men ved utnemninga av Frank Bakke-Jensen til fiskeridirektør kom reaksjonane.

Krev svar

Kontroll- og konstitusjonskomiteen har no bede næringsminister Iselin Nybø (V) om innsyn i «all relevant kommunikasjon» knytt til utnemninga av Bakke-Jensen som fiskeridirektør. Medlemene i Ap, Sp og SV har også bede statsministeren om svar på kvifor regjeringa hennar har brote ein meir enn 100 år gammal praksis og føresetnad frå Stortinget om at regjeringa ikkje utnemner eigne medlemer til nye embetsstillingar. Dette ville regjeringspartia og Frp ikkje vere med på, men statsministeren må no svare.

Dei same partia ville heller ikkje vere med på å be Frank Bakke-Jensen opplyse om kven som bad han søke stillinga. Han har tidlegare opplyst at han vart oppmoda om å søke, men nekta å fortelje kven det var. Også Bakke-Jensen må no gje eit svar til komiteen. Svarfristen er ei veke.

Medansvarleg

Frp-leiar Siv Jensen har ifylgje Dag og Tid-kjelder også tidvis markert interesse for og kunnskap om konstitusjonelle spørsmål. Difor er det noko overraskande at Frp no i kontrollkomiteen ikkje ville vere med på å stille spørsmål til statsminister Solberg om den utnemningspraksisen. Men så var då også Siv Jensen som finansminister med på utnemninga av både Aspaker og Høie.

I dag er det Solveig Horne som representerer Frp i kontrollkomiteen. Ho var sjølv statsråd i Erna Solbergs regjering frå 16. oktober 2013 til 17. januar 2018. Ho var såleis medansvarleg for utnemninga av regjeringskollega Elisabeth Aspaker til fylkesmann i Troms i 2014. Då Horne gjekk ut av regjeringa, gjekk ho tilbake til Stortinget. Ho søkte og var i konkurranse med Bent Høie om fylkesmannsjobben i Rogaland i 2018. Solveig Horne seier ho har teke standpunkt her på eigen kjøl utan å snakke med Siv Jensen.

Eit klart døme

Sigbjørn Johnsen, som i to omgangar var finansminister, først i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering frå 3. november 1990 til 25. oktober 1996, så i Jens Stoltenbergs andre regjering frå 2009 til 2013, kan fortelje fylgjande:

– Då Kjell Borgen, som var fylkesmann i Hedmark, døydde i august 1996, gjekk eg til Gro og sa at eg ville gå ut av regjeringa for å kunne søke jobben som fylkesmann i Hedmark. Eg var heilt klar på at eg ikkje kunne søke på den jobben så lenge eg sat i regjeringa. Det var Gro samd i. Gro sa då at det ville løyse seg, og at eg måtte vente. Løysinga kom nokre månader seinare, då Gro gjekk av og regjeringa med henne. Då kunne eg søke fylkesmannsjobben som eg fekk.

Solbergs argument

Avisa Klassekampen konfronterte før helga statsminister Erna Solberg med opplysningane frå Dag og Tid om stortingsbehandlinga av Løvland-saka i 1908–1909. Solberg forsvarte eigen praksis med at Løvland-regjeringa var eit såkalla forretningsministerium då utnemningane skjedde i 1908. Ho hevda at i hennar tilfelle er det ei ordinær regjering som står for utnemningane.

Vi har bede statsministeren opplyse kvar ho har teke opplysningane om at Stortinget la inn eit slikt skilje, frå. Og vi har bede statsministeren dokumentere dette.

Statsministerens kontor svarar med at «korkje Grunnlova eller anna regelverk forbyr å utnemne eller tilsetje sitjande statsrådar i andre stillingar i staten så lenge dei generelle krava til habilitet og reglane for tilsetjing blir fylgde. Det er heller ikkje forbode for medlemer i regjeringa å søkje stillingar i staten.»

Kontoret framhevar vidare at regjeringa Løvland var eit forretningsministerium då dei omstridde utnemningane vart gjorde, noko som inneber avgrensa fullmakter.

Heilt annleis meiner Statsministerens kontor det er når Solberg-regjeringa utnemner sitjande statsrådar, sidan det er ei ordinær regjering som gjennomfører utnemningane med eit parlamentarisk grunnlag i Stortinget.

Castberg i Stortinget

Realiteten er at Stortinget ikkje gjorde noko slikt skilje. Statsminister Gunnar Knudsen (V) forsikra kong Haakon i første statsråd i mars 1908 om at hans regjering ikkje ville utnemne eigne medlemer til nye embetsstillingar. Og då utnemningspraksisen vart debattert i Odelstinget i september 1909, kunne justisminister Johan Castberg opplyse at ein avgått statsråd hadde blitt utnemnd til ei ny stilling etter at han først hadde søkt avskil og gått ut av regjeringa – og ny statsråd var på plass.

Dag og Tid har heller ikkje fått svar på spørsmålet vi stilte Statsministerens kontor for fleire veker sidan: Går det ei grense for kor mange regjeringsmedlemer regjeringa Solberg kan tenkje seg å utnemne til nye embete medan dei sit som statsrådar?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også Bakke-Jensen må no gje eit svar. Svarfristen er ei veke.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis