– Paludan har oppnådd måla sine
– Me må bli betre på integrasjon, arbeidsløysa må ned, og skulane må bli betre, meiner den svenske journalisten Oisín Cantwell.
Bilar brenn i Rosengard-distriktet i Malmö etter opptøyane 17. april 2022.
Foto: TT / NTB
Samtalen
Oisín Cantwell
journalist i Aftonbladet
Aktuell
Opptøyar i Sverige
Samtalen
Oisín Cantwell
journalist i Aftonbladet
Aktuell
Opptøyar i Sverige
redaksjonen@dagogtid.no
Opptøyane vart utløyste då den dansk-svenske høgreekstreme Rasmus Paludan reiste på ein koranbrenningsturné i Sverige. Paludan er leiar for det danske etnisk-nasjonalistiske partiet Stram Kurs, som mellom anna vil forby islam i Danmark. Opptøyane starta skjærtorsdag 14. april i Linköping. Paludan fekk løyve frå svensk politi til å gjennomføre ein demonstrasjon i byen, men før demonstrasjonen fekk byrje, vart politiet møtt med vald av muslimske motdemonstrantar.
Sidan torsdag har det vore samanstøytar mellom politi og motdemonstrantar i Norrköping, Örebro, Landskrona, Malmö og Stockholm. 26 politiar og 14 sivile er skadde, og 20 politikøyretøy er anten skadde eller øydelagde. Ein skule vart sett i brann. Svensk politi mistenker at kriminelle gjengar står bak valdsbruken til demonstrantane.
Oisín Cantwell er journalist i Aftonbladet. Han skriv om kriminalpolitikk, juridiske spørsmål og krig og han har nyleg skrive ein artikkel om opptøyane.
– Rikspolitisjef Anders Thornberg har skildra hendingane «som ei form for lovbrot som Sverige ikkje har opplevd tidlegare». Kva gjer opptøyane særskilde i svensk kontekst?
– Det er alvoret i opptøyane. Valden. Den omsynslause framferda til demonstrantane. Det er det som er heilt nytt.
– Kva med skalaen? Talet på skadde menneske?
– Jo, talet på skadde politifolk er høgare enn ved tidlegare tilfelle. Men framfor alt er det den omsynslause framferda som skil seg ut. Det at demonstrantar prøvde så openbert å skade politi, det har ikkje svensk politi opplevd tidlegare.
– Kva tykkjer du er faktorane som har bidratt til utbrotet av vald og frustrasjon?
– Me har ikkje heile biletet endå, men eg trur det finst fleire forklaringar. Rikspolitisjefen seier at dei har identifisert kjende kriminelle i opptøyane. Så det er éi forklaring at kriminelle har utnytta situasjonen til å skape bråk og problem for politiet. Ei anna forklaring er segregasjon og brestande integrasjon. Tidspunktet kan òg ha spelt ei rolle. Det var påskehelg og fint vêr, og tradisjonelt har ein sett opptøyar i Sverige i perioden april–mai. Det er månader der sånt kan hende. Det finst fleire samanverkande forklaringar.
– I artikkelen din diskuterer du balansen mellom ytringsfridom og lov og orden. Du skriv at svensk lovgjeving gjer det mogleg å seie nei til Paludan med tilvising til at den tidlegare framferda hans har ført til «alvorleg uorden». Meiner du at politiet bør seie nei til slike demonstrasjonar i spesielle tilfelle, eller at ein generelt må vere meir forsiktige med å gje høgreekstreme løyve til å halde fram med til dømes bokbrenning?
– Eg tykkjer at det skal vere tillate å brenne Koranen. Eg vil ikkje at Sverige generelt skal bli meir forsiktig med å tillate demonstrasjonar frå til dømes høgreekstremistar. I eit fungerande demokrati må òg mindre sympatiske, eller reint avskyelege, bodskapar kunne bli ytra. Det me har sett i Sverige i påskehelga, derimot, er ekstrem vald der orden og tryggleik har blitt truga. Då finst det høve for svensk politi, innanfor svensk lov, til å seie nei til Paludan. Han får ikkje lenger opptre i Danmark, Frankrike, Tyskland og Belgia, og dei er fungerande demokrati med ytringsfridom.
– Finst det nokon vinnarar og taparar etter det som har skjedd?
– Så langt er det Paludan som vinn på dette. Han har oppnådd måla sine. Sverigedemokraterna, det høgrepopulistiske partiet med røter i nazismen, kan òg tene på det. Me hadde først pandemien og så krigen i Ukraina, der har Sverigedemokraterna tapt terreng på at dei ikkje har blitt høyrde i debatten, få har brydd seg om kva dei meiner. Men med opptøyane gjer dei igjen ein entré.
– Kva tiltak meiner du må til for senke sjansen for at noko liknande skjer igjen?
– Eg trur det er snakk om strukturelle problem. Politiets problem under desse opptøyane har vore dårlege førebuingar. Dei var for få. Det er no snakk om at politiet har behov for større fullmakter, men svenske lover er tilstrekkelege, meiner eg. Det er òg snakk om at det er for få politibetjentar. Det stemmer, svensk politi må bli større, det trengst fleire politibetjentar.
– Korleis har dette påverka den gjennomsnittlege svensken som har sete heime og sett opptøyane på TV?
– Eg trur folk blir påverka av dette. Eg trur dei blir forbanna, opprørte. Eg trur dessverre at dette kan føre til auka polarisering i Sverige.
– Det blir nok ein vanskeleg debatt for Sverige om korleis de skal ta stilling til opptøyane. Kva meiner du det er viktig at Sverige tek med seg vidare etter det som har skjedd?
– Det Sverige må ta med seg vidare, det Sverige må bli betre på, er innsatsen i forstadane. Integrasjonen må bli betre, arbeidsløysa må ned, skulane bør bli betre. Det kjem no mange krav om nye lover, at det skal bli enklare å utvise utlendingar. Eg trur ikkje det er behov for nye lover. Det er ikkje i lovene problemet ligg. Ein ser òg krav om at blasfemilover skal innførast og at ytringsfridom skal innskrenkast. Eg håper verkeleg at politikarane klarar å stå imot slike krav.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur dessverre at dette kan føre til auka polarisering i Sverige.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.