JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Om ikkje no, kva tid då?

Høgre tek til orde for ein ny EU-debatt. Heidi Nordby Lunde meiner det er på høg tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flagga vaiar framfor hovudkvarteret til EU-kommisjonen i Brussel.

Yves Herman / Reuters / NTB

4885
20220408

Samtalen

Heidi Nordby Lunde

leiar i Europarørsla og stortingsrepresentant for Høgre

Aktuell

EU-medlemskap

jesper@dagogtid.no

Sist helg opna Høgres landsmøte for ein ny debatt om Noregs forhold til EU. Også Oslo-ordførar Raymond Johansen tok i eit innlegg i Aftenposten til orde for ein ny EU-debatt. Éin av fem seier dei har endra syn på EU-medlemskap etter krigen i Ukraina, ifølgje ei måling publisert i Vårt land.

Heidi Nordby Lunde er leiar i Europarørsla og stortingsrepresentant for Høgre.

– Kvifor ein ny EU-debatt no?

– Russlands krigføring i Ukraina gjer naturlegvis debatten aktuell igjen. Men eg meiner vi såg det alt før krigen. Koronapandemien og klimakrisa er berre to døme på kriser som synleggjer verdien av å vere eit EU-land. Spesielt på klimafronten syner EU no handlekraft og gjennomfører for tida ei grøn omstilling på steroid.

– I Danmark skal dei ha folkerøysting om tilslutning til forsvarssamarbeidet i EU, medan den tyske kanslaren snakkar om eit tidsskifte i europeisk historie. Har krigen endra på sjølve premissen for heile EU-debatten?

– Vi må innsjå at krigen endrar verda for alltid. Sidan byrjinga av invasjonen har vi fått over 500 nye medlemer i Europarørsla. Det viser at folk ser nytten av eit norsk EU-medlemskap. Vi i Europarørsla må verte flinkare til å seie at fred og fridom er målet. EU er middelet for å nå det målet.

– Er det rett tidspunkt å sparke i gang ein ny debatt om norsk EU-medlemskap midt under ein krig?

– No er det ikkje sånn at vi kan søkje om EU-medlemskap i morgon. Eg ønskjer meg sjølvsagt ein debatt som kan leie inn i ein slik prosess. Men først må vi løfte debatten og så kan vi snakke om korleis det norske forholdet til EU skal sjå ut. Det europeiske samarbeidet er tufta på lovnaden om aldri å gå gjennom ein øydeleggjande krig igjen i Europa. Om ikkje no er rett tidspunkt, kva tid då?

– Sjølv din eigen partileiar seier det er bortkasta tid med ein slik debatt no. Kva skal til for å få eit stemningsskifte i befolkninga?

– Eg trur Raymond Johansen er inne på noko når han seier at vi treng eit nytt sosialdemokrati for europeisk samarbeid. Vi treng sosialistar for EU, og vi treng ei miljørørsle for EU. Eg ønskjer meg tverrpolitisk deltaking for å diskutere både fordelar og ulemper.

– No oppdagar Europa at dei er avhengige av til dømes norsk gass. Er vi ikkje då betre stilte enn nokon gong til å reforhandle EØS-avtalen, slik som mellom anna Senterpartiet vil?

– Dersom ein trur at EU kjem til å vere vennlegsinna overfor eit tredjeland som ønskjer å reforhandle ein slik avtale etter både brexit og krigen i Ukraina, då er ein naiv. Island kan ikkje kjøpe all gassen vår. Vi og EU er gjensidig avhengige av kvarandre.

– Nato-medlemskapet er grunnpilaren i Noregs tryggingspolitikk. Kva er då den tryggingspolitiske meirverdien i eit norsk EU-medlemskap?

– Vi er knytte til Europa gjennom om lag 70 avtalar. Det gjer oss sårbare å ikkje stå på innsida. Vi må skape robuste verdikjeder. I tillegg er harmonisering av infrastruktur eit viktig poeng. Det nyttar ikkje at Frankrike stiller med stridsvogner, om dei ikkje kan køyre på vegane våre.

– I dag er vi heilt avhengige av USA for å sikre eigen tryggleik. Det går greitt så lenge ein har ein president i Det kvite huset som set tryggleiken i Europa høgt på programmet. Kva om Donald Trump vert vald på nytt om to år?

– Trump-perioden synte framfor alt at USA enno har institusjonar som kan bestå, det forvitrar ikkje over natta. Men skal vi stå i skvis mellom Trumps USA, Putins Russland, eit sjølvhevdande Kina og EU? Sjølvråderetten vår er avhengig av europeisk stabilitet. Det er vi nøydde til å ta innover oss.

– Mange peiker på at Europa må ta meir ansvar for eigen tryggleik. Kva inneber det for Noreg?

– Europa tek jo alt meir ansvar, berre sjå det paradigmeskiftet som skjer i Tyskland. Eg trur ikkje norske journalistar har teke heilt inn over seg kva taktskifte som har skjedd i det europeiske samarbeidet. Når vi no har bygd opp robuste demokrati i Europa, er det klart USA forventar at vi byggjer opp eiga forsvarsevne. Det vert gjort i Nato og no også i EU, som er grunnen til at Danmark vil slutte seg til forsvarssamarbeidet.

– Vert EU-medlemskap eit hovudtema for Høgre i neste stortingsvalkamp?

– Høgre har jo hatt det standpunktet i fleire tiår. Det hadde vore meir spennande å få fleire synspunkt på bana og ikkje minst kritikk. Eg vonar uansett at EU-medlemskap står høgare på dagsordenen. Store delar av både Høgre og Ap er for, men det politiske systemet i Noreg er sånn at ein er avhengig av samarbeidspartnarar. Difor må det først og fremst kome ein debatt i dei andre partia. Til og med i SV registrerer eg rørsle for tida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi treng sosialistar for EU, og vi treng ei miljørørsle for EU.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis