Politikk

– Eit stolt, lite land kjempar mot ein galen mordar, midt i Europa. Og verda teier.

Sidan august har kviterussarar i hundretusenvis protestert mot diktatoren Aleksandr Lukasjenko. I dette intervjuet fortel forfattaren Svetlana Aleksijevitsj om den fredelege kviterussiske oppstanden og valden frå regimet.

President Aleksandr Lukasjenko talar ved innsetjingsseremonien i Minsk 23. september. Lukasjenko er i sin sjette presidentperiode og har styrt landet med jernhand sidan 1994.
President Aleksandr Lukasjenko talar ved innsetjingsseremonien i Minsk 23. september. Lukasjenko er i sin sjette presidentperiode og har styrt landet med jernhand sidan 1994.
Publisert

Det var lenge stille frå Svetlana Aleksijevitsj (72). I slutten av september forlét forfattaren Kviterussland for å få legebehandling i Berlin. Ho har møtt tyske regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar, men gav ingen intervju. Men etter at det kom nyhende frå Minsk om den unge mannen som var slegen i hel av tryggingsstyrkane 12. november, valde ho å snakke ut offentleg.

Sidan i sommar har fleire tusen demonstrantar stadig samla seg i den kviterussiske hovudstaden til fredelege protestar mot den autokratiske presidenten Aleksandr Lukasjenko. Før liksomvalet i august sette han sentrale opposisjonspolitikarar i fengsel, og etter valet skulda EU og USA regjeringa i Minsk for omfattande valfusk og innførte sanksjonar mot regimet.

Aleksijevitsj er djupt uroleg over framtida til landet sitt. Kvar morgon, fortel ho, mottek ho e-brev som får ho til å bryte saman i tårer. Ho viser nokre av e-breva til Der Spiegel. Dei inneheld sjokkerande bilete av knuste og lemlesta hender og kroppar som er fulle av blodige, opne sår. Det er bilete av torturerte fangar frå fengsla i Kviterussland.

– For sju veker sidan reiste du frå heimlandet ditt for å få legebehandling i Berlin. Korleis går det med deg?

– Eg lir av trigeminusnevralgi, ein sjukdom som gjev smerter i andletet. Men eg kan snakke igjen no, nerven har roa seg. Det går bra med meg.

– Kor lenge blir du verande i Berlin?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement