Politikk
– Bryt ingen lover
Lisensfellinga av ulv er på nytt blitt sett på vent. Hanne Alstrup Velure meiner ulven skal avlivast når bestandsmålet er nådd.
Ein ulv frå Slettås-flokken blir radiomerkt med GPS-sendar.
Foto: Heiko Junge / NTB
WWF, Noah og Foreningen Våre Rovdyr fekk i desember medhald i kravet om at fellinga av tre ulveflokkar må stansast mellombels til den såkalla ulvesaka i Høgsterett er avgjord. Lisensfellinga skulle ha starta 1. januar og slutta 15. februar. Etter at det vart stilt spørsmål ved habiliteten til tingrettsdommar Atle Torvund, er det Helge Johannessen som no behandlar saka. Hanne Alstrup Velure, leiar i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) meiner det er uklokt å ha Torvund som dommar.
– Det er ikkje så lenge sidan han var aktiv i MDG, eit parti som har uttrykt ei sterk haldning i rovdyrpolitikken. Då meiner eg det er klokast å ha ein annan dommar. Folk skal har tillit til at domstolane har ei objektiv tilnærming, ikkje politisk.
– Ei liknande utsetjing av ulvefelling vart gjord førre vinter. Det ser ut til at dette vert ein tradisjon?
– Det ser slik ut. Det blir farleg å seie at dette er ein strategi frå organisasjonane som er mot felling av ulv, men det same skjer kvart år.
– Det vart bestemt at 21 ulv skulle fellast under lisensjakta innanfor ulvesona i vinter. Vil ikkje ei slik avliving svekkje ei ulvestamme som alt har hamna på raudlista over kritisk trua artar?
– Nei. Noreg har ikkje forplikta seg til å ha ein eigen levedyktig bestand, men skal bidra til ein felles skandinavisk bestand. Det var brei semje på høgre- og venstresida i norsk politikk om rovviltforliket i 2011 og ulveforliket i 2016. Forlika har ei dobbeltsidig målsetjing om på eine sida å bidra til ein levedyktig interskandinavisk ulvebestand og på den andre sida at vi skal ha beitebruk, kulturlandskap og busetnad i heile landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.