JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Å få SV inn i regjeringa er ikkje avgjerande

Sp-politikar Bjarne Kvadsheim verken trur eller håpar det går mot ei trepartiregjering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8079
20210924
8079
20210924

Politikk

eva@dagogtid.no

Då denne avisa gjekk i trykken i går, hadde leiarane for SV, Ap og Sp sett seg saman på Hurdalssjøen Hotell for å finne ut om det er grunnlag for å starte regjeringsforhandlingar saman. Berre det å opne for eit slikt møte vart framstilt som ein snuoperasjon frå Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som har brukt mykje av valkampen på å gjenta at Senterpartiet ønskjer seg ei regjering basert på Ap og Sp.

Bjarne Kvadsheim har lang fartstid i Senterpartiet og er i dag gruppeleiar for partiet i bystyret i Stavanger. Han seier sonderingar med SV var forventa, men han håpar ikkje det går mot noko regjeringssamarbeid med partiet.

– Kva er det som er så vanskeleg med SV at de heller vil ha ei mindretalsregjering enn samarbeide med den tidlegare regjeringspartnaren igjen?

– Det er mykje som har endra seg sidan 2005. Den gong hadde vi vore gjennom ei slags ørkenvandring sidan katastrofevalet i 2001, då sentrumsregjeringa vart kasta. For mange i partiet var det viktigaste å få ei hand på rattet att, men vi hadde ikkje noka tru på at vi skulle klare å endre samfunnet. Det var eit skadeskote Sp som gjekk til forhandlingsbordet.

No er situasjonen svært annleis, meiner han.

– Både sjølvtilliten og veljarane har endra seg, og det har skjedd over tid. Det har bygd seg opp ein irritasjon og ei avmaktskjensle, ikkje berre i distrikta, men over heile landet – mot Oslo. Folk som vanlegvis kanskje ikkje ville røysta Sp, gjer det no. Dei ønskjer endring.

– Går utover heilskapen

– Men endringane du snakkar om, er vel også SV for. SV går imot sentralisering og vil flytte avgjerder og offentlege tenester nærare folk?

– Ja. Busetjing i heile landet er viktig for SV, men for oss er det sjølve kjernesaka. Det å spreie makt og kompetanse er nøkkelen til å kunne ha levande lokalsamfunn. Vi ser på oss sjølve som eit styringsparti, med ein heilskapleg politikk på alle område. Ein av grunnane til at vi meiner det er vanskeleg å samarbeide med SV, er at dei køyrer til dels sterkt på ein del enkeltsaker som vi meiner går ut over den heilskapen, seier Kvadsheim.

– Kva saker siktar du til?

– Eg meiner til dømes at SV ikkje har den same forståinga som oss av kor viktig rolle det private næringslivet spelar i samfunnet. Landet vil ikkje fungere utan det private næringslivet, private krefter og initiativ, slik vi ser det. Difor er vi ikkje med i hylekoret om å leggje ned private barnehagar og skular.

Eit anna tema som er meir ømtolig å snakke om, seier han, er korleis dei skal hjelpe andre.

– Sp er ikkje eit parti som er imot innvandring eller imot framande kulturar, men vi har ei ibuande forståing av at den beste hjelpa er den vi kan gje folk der dei bur. Vi ønskjer å hjelpe og er for å gje 1 prosent av Bruttonasjonalproduktet (BNP) til bistand, gjerne meir, men vi trur ikkje det å opne grensene og hjelpe alle til same levesett som vi har, er rette måten å gjere det på. Men det skal vi sjølvsagt gjere når folk er i den ytste naud.

– SV vil returnere dei som ikkje har krav på vern, men seier òg at dei ønskjer å auke talet på kvoteflyktningar. Det står ikkje noko i programmet dykkar om å auke talet på kvoteflyktningar?

– Vi seier ikkje nei til kvoteflyktningar, men der følgjer vi FNs tal og har forplikta oss til å ta imot dei FN bed oss om å ta imot.

SV-sigrar i Stortinget

Eit av dei store nederlaga for Sp i den siste raudgrøne regjeringa var nedlegginga av fødeavdelingar ved lokalsjukehus, ei sak der SV og Sp stod saman, men tapte mot Ap.

– Vil det ikkje styrkje dykk i ein del distrikts- og desentraliseringssaker å ha med SV på laget mot Ap?

– Eg trur ikkje Ap er ein hovudmotstandar her. Ap har støtta Høgre i ein del av endringane som har skjedd dei siste åtte åra, men det har partiet òg fått att for hjå veljarane.

Han trur opprøret i nord var eit sjokk for etablissementet i Folkets Hus, og at Ap no skjønar at dei må søkje kunnskap i alle regionane.

– Eg har meir tru på at vi kan få til endringane som må til, saman med Ap, enn at vi heile tida skal forhandle med SV for å gje dei noko att kvar gong dei vert med på ei endring. Så kan vi heller søkje støtte hjå SV i Stortinget i budsjettforhandlingane og la dei få inn saker som er viktige for partiet der.

– Kva for saker er de opne for å gje SV i Stortinget, då?

– Eg har sjølv samarbeidd med SV i kommunestyret i Stavanger i to år og har gode erfaringar med det. SV har mykje bra politikk for barn og unge, og vil styrkje skule og barnevern. I tillegg er dei gode på klima og miljø, så her meiner eg dei kan få mange sigrar.

– Kan SV få Sp med på å auke CO2-avgifta og gje kommunane høve til å etablere nullutsleppssoner, til dømes?

– Eg personleg meiner nullutsleppssoner er ein dårleg idé per no. Det vil framleis finnast fossilbilar dei næraste 10–15-åra, så nullutsleppssoner vil ramme skeivt. Det vil ramme dei som ikkje har råd til å fornye bilen eller andre køyretøy.

– Kva med å auke CO2-avgifta?

– Det kan sjølvsagt skje, men kor mykje og i kva grad, kan eg ikkje seie noko om. FNs klimarapport seier at vi må innføre tiltak, og det er det ingen tvil om. Men i tiltaka vi innfører, må vi få med alle. Det må vere tiltak som har god effekt, og som ikkje rammar veldig skeivt. Eit døme kan vere å setje ned prisane på buss og tog. Hurtigtog frå Stavanger via Haugesund og til Oslo, til dømes, med rimeleg billett, ville kunne spenne bein under flytrafikken og hatt enorm klimaeffekt.

– Kva med rovdyrpolitikken. Kan SV få nokre sigrar i Stortinget der?

– Der er nok eg i utakt med store delar av Sp, for eg meiner vi bør ha ulv i Noreg. Men bestanden må ned, og det skal ikkje vere slik at folk må leve i frykt for å miste beitedyr. For mange i Sp ville det nok opplevast som eit tap om SV hadde fått gjennom rovdyrpolitikken sin.

Utanrikspolitisk usemje

I landbrukspolitikken har SV gått inn for å tette inntektsgapet for bøndene i løpet av fire år, dei vil ha høgare sjølvforsyning og dei er for eit sterkare jordvern, slik òg Senterpartiet seier at dei er. Ap har på si side ikkje tidfesta ei inntektsopptrapping for bøndene.

– Ville det ikkje løne seg å ha SV med seg i forhandlingane med Ap i landbrukspolitikken?

– Ap er ikkje ein hovudmotstandar i landbrukspolitikken. Tvert imot trur eg det er fleire innanfor landbruket som røystar Ap enn som røstar SV, seier Kvadsheim.

– Kva med saker som har med internasjonal handel, EU og EØS å gjere? Der har de jo mykje meir til sams med SV enn med Ap?

– Ja, utanrikspolitikken kjem heilt klart til å vere noko vi ikkje er så samde med Ap i, men der trur eg vi vil ha god nytte av både SV og Raudt i Stortinget. Eg trur ikkje det er avgjerande at SV vert med i regjering for at vi finn saman i utanrikspolitikken. Utanrikspolitikken vert jo òg til dels lagd av Stortinget.

– Gode kort på hand

– Du trur altså ikkje det vert regjeringsforhandlingar med SV?

– Jau, det kan det godt vere at det vert, men skulle eg spå utfallet, og skulle eg håpe noko om utfallet, er det at det vert ei regjering av Ap og Sp med ein klar samarbeidsavtale med SV, og der SV får betalt for si støtte til regjeringa. Men kva som skjer, er jo opp til dei tre partileiarane. Ikkje minst må Audun Lysbakken vurdere kor sterkt SV ønskjer å gå i regjering, og kva dei kan få ut av det. Han har jo også Moxnes og Raudt som kan ta veljarar, ved sida av seg. Eg håpar han konkluderer med at det for SVs del er best med ein samarbeidsavtale.

– Tek du for gjeve at Sp får gjennomslag for endringane de ønskjer?

– Valresultatet har gjeve Sp veldig gode kort på handa. Vi har gått frå å ha ti stortingsrepresentantar for to periodar sidan til 28 i dag. Ei regjering må gå om oss. Det som òg er styrkjande, er at det ikkje er ei enkeltsak, som EU-spørsmålet, som gjer at vi har tredobla oss. Veljarane har kome til Sp over tid, fordi dei trur på Vedum og det Sp står for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi er ikkje med i hylekoret om å leggje ned private barne­hagar og skular.

Bjarne Kvadsheim, Sp-politikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis