Kommentar
Politikk som realityshowDag for dag var vi inviterte til å leve med eit dramatisk spel der veljarane var utelukka i starten.
Dag for dag var vi inviterte til å leve med eit dramatisk spel der veljarane var utelukka i starten.
KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad (t.v.), Olaug Bollestad og partileiar Knut Arild Hareide på det ekstraordinære landsmøtet på Gardermoen fredag 2. november.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Det er rart å sjå to månader attende i tid: Forhandlingane mellom fire parti i Stortinget handlar om pikyrande små saker, forutan nokre prinsipp alle har gløymt. Stemninga frå då det heile starta, heng enno igjen, men dåmen er innestengd, om ikkje enno heilt muggen.
Liksom ei karismatisk vekking var det. Overalt las og høyrde vi jubel over at Kristeleg Folkeparti kunne kome til å endre makttilhøva i norsk politikk, ved å «gå til venstre». Altså at dei kunne kome til å samarbeide med Ap og Sp – men ikkje med SV. Det får vere måte på.
Borte var Ap-skepsisen til ideologien for sosialpolitisk engasjement i KrF; borte var minnet om at tusenvis av Ap-medlemer i fjor såg unådig på flørten med KrF. Gleda over eit mogleg regjeringsskifte utan sak var så stor at Knut Arild Hareide, heilt merittlaust, stod fram som statsmann og stor strateg.
Keisam politikk
Norsk politikk er vorten keisam. Det er kome så mange forlik om dei viktigaste politikkområda i Stortinget; mange reguleringar av politikken er lagde til instansar utanfor Stortinget (direktorat, føretak, stiftingar, internasjonale avtaleverk og så bortetter). Lite kan Tinget stridast om – utanom konkurransane i moralisme, då, især om skulen, der har alle vore –?og er –?ekspertar.
For kynikarane mellom oss var ikkje Hareide-planen ei Damaskus-oppleving, eit kerygma, ei openberring, om enn mangfaldige journalistar og samfunnsdebattantar opplevde det slik. Vi såg tidleg at Hareide forrekna seg på oppslutninga i partiet. Eg trong inga profetisk nådegåve for å sjå for meg eit «hareidkiri».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.