JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Politikarar bryt
sjølvmeldingsplikta

To statsrådar og fire stortings­representantar bryt rapporteringsplikta dei er pålagde til stortingsregisteret om eigne økonomiske interesser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3698
20190329
3698
20190329

Politikk

vidar@dagogtid.no

Statsrådane Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) og Dag Inge Ulstein (KrF) hadde ikkje levert opplysningar til stortingsregisteret to månadar etter at dei vart statsrådar. Dei har vore statsrådar sidan 22. januar og hadde ein månads frist på seg til å levere opplysningane.

Kommunikasjonsavdelinga i Utanriksdepartementet hevdar at statsråd Ulstein skal ha levert, men ingenting er registrert motteke på Stortinget. Tybring-Gjedde leverte opplysningar fredag 22. mars etter pågang frå Dag og Tid.

Høgrerepresentantane Kristian Tonning Riise (Hedmark), Frida Melvær (Sogn og Fjordane) og Astrid Nøklebye Heiberg (Oslo) og Frp-representanten Silje Hjemdal (Hordaland) har heller ikkje levert opplysningar til registeret.

Registerførarane på Stortinget har alltid sagt at dei har hatt god hjelp av medieomtale for å få etternølarane til å levere opplysningar til registeret.

Wara og Thommessen

Tor Mikkel Wara vart 4. april i fjor justis- og beredskapsminister. 13. juni i fjor konfronterte Aftenposten han med at han ikkje hadde levert opplysningar til registeret. Via kommunikasjonsavdelinga i departementet svarte han at han skulle levere opplysningar etter å ha selt seg ut av aksjeselskap og gått ut av fleire styre. Han nekta å opplyse kva styre han hadde gått ut av, ville ikkje svare på kvifor han ikkje hadde levert, og ville heller ikkje svare på kva han syntest om at han som justisminister ikkje fylgde stortingsvedtaket.

Tidlegare måtte dåverande stortingspresident Olemic Thommessen (H) gjere botsgang etter at Dagbladet avslørte at han ikkje hadde gjeve opplysningar om betydelege aksjeinvesteringar til stortingsregisteret.

Bakgrunnen

Registeret som skal innehalde opplysningar om verv, økonomiske interesser, mottekne gåver og moglege bindingar for både stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, vart oppretta i 1991. Initiativet til å opprette eit slikt register vart teke i 1983 etter at det vart avslørt at dåverande statsminister Kåre Willoch (H) gjennom mange år som stortingsrepresentant hadde motteke hemmeleg løn frå både Industriforbundet og Rederforbundet i tillegg til stortingsløna.

Framlegget om å lage registeret møtte sterk motstand frå mange sentrale politikarar i fleire parti, før ordninga vart vedteken og innført frå 1991. Dei første åra var det ei friviljug sak for den einskilde å registrere seg i registeret. Lét ein seg registrere, vart det lagt til grunn at registreringa var fullstendig, at ein ikkje løynde opplysningar som var omfatta av regelverket.

Frå starten var det nokre Frp- og Høgre-politikarar som oppgav at dei «av prinsipielle grunnar» ikkje ville la seg registrere. Frå 2008 vart det pliktig registrering.

Tønne leverte ikkje

Registreringsordninga galdt i utgangspunktet stortingsrepresentantar, men også regjeringsmedlemene ville vere med. Sidan 1991 har alle statsrådar, somme først etter medieomtale, levert opplysningar til registeret, med eitt unntak: Tore Tønne (Ap), som var statsråd for helsesaker i Stoltenberg I-regjeringa frå mars 2000 til oktober 2001. Hadde han gjeve opplysningar, måtte han også ha opplyst om avtalen som viste at Tønne stod i gjeld til Kjell Inge Røkke. Det kom først for ein dag etter at Tønne hadde gått av og vart etterforska av politiet.

I alt 19 vararepresentantar som har møtt på Stortinget i denne stortingsperioden, har heller ikkje levert opplysningar til stortingsregisteret slik dei pliktar. Det er sju frå Høgre, seks frå Ap, to frå Frp, to frå Sp, ein frå KrF og ein frå MDG.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis