Politiet sikrar at lånekarusellen går
Staten er ein påliteleg pengeinnkrevjar. Det gjer det lønsamt å lokke folk inn i luksusfella.
Illustrasjon: Shutterstock / NTB scanpix
«Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar», heter det i Fadervår. Men slike bøner bit ikkje på den norske staten. Hundretusenvis av inkassokrav blir årleg sende til namsmannen, som ligg under politietaten og kan pålegge skuldnaren månadlege lønstrekk for å betale gjelda. Og om det ikkje strekkjer til, kan politiet banke på døra, ta pant i eigedelar og i verste fall kaste ut skuldnaren frå heimen.
Dette er eit felt fullt av dilemma. Privat pengeinnkrevjing med balltre er ikkje bra. Eit samfunn treng eit offentleg system for å drive inn gjeld, og kreditorar treng vern. Spørsmålet er om det vernet er for godt i Noreg i dag – så godt at det stimulerer til tvilsame forretningsmodellar som lokkar eller driv folk til ruin. Det finst utviklingstrekk som peikar i den retninga.
Gjeldsbombe
For det første er det brei semje om at den eksplosive veksten i forbrukslån er usunn. Slike lån har i snitt hatt ein årleg vekst på kring 15 prosent dei siste 20 åra. Dei siste tala frå Gjeldsregisteret syner at nordmenn for tida har til saman kring 170 milliardar kroner i forbruksgjeld (inkludert kredittkortgjeld). 230.000 menneske har over 400.000 kroner i forbruksgjeld, og talet på misleghaldne lån har stige år for år. Da kan ein spørje retorisk: Ville bankane vore like lemfeldige med kredittvurderingane sine om ikkje namsmannen stilte opp for å krevje inn pengane når låntakaren ikkje kan betale?
Eit anna usunt trekk: Inkassobransjen i Noreg har vore særs framgangsrik dei siste åra. Store norske inkassoselskap har dei siste åra hatt ei kapitalavkasting på opptil 75 prosent, skyhøgt over det som er vanleg i næringslivet, skreiv Aftenposten i fjor. Éin grunn til lønsemda er at smårekningar er big business. I fjor kom det kring ti millionar nye inkassosaker i Noreg. Takk vere gebyra kan ei rekning på 20 kroner fort ta tohundregongen i løpet av ei inkassosak, og namsmannen blir nedlesst med småkrav. I fjor kom det 450.000 inkassosaker inn til namsmannen for innkrevjing, dobbelt så mange som i 2010.
Fillekrav
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.