Politiet kjenner seg ikkje att

Politiet har svært god oversikt over kriminalitet og gjengutvikling i Oslo, meiner Erik Barstad Wilmann i Oslo politidistrikt.

Publisert

–?Det var mykje vald i Oslo førre helg, men slike helger har vi med jamne mellomrom. Dei er svært krevjande for mannskapa ute, og vi skjøner at det uroar folk, skriv Eirik Barstad Wilmann, seniorrådgjevar i Oslo politidistrikt, på e-post til Dag og Tid. (Svara hans er omsette til nynorsk.)

– Ser de på desse valdshendingane som tilfeldige og isolerte, eller kan dei vere ein del av ei større utvikling med meir valdelege ungdomsmiljø?

– I dei fleste sakene var gjerningspersonane vaksne menn, ikkje ungdomar. Det er ingenting som tyder på at sakene hadde samanheng med kvarandre, og dei innebar alt fra å bli skalla ned på eit dansegolv til eit grovt ran.

– Journalist Einar Haakaas meiner politiet har gjeve eit misvisande bilete av ungdomskriminalitet og gjengutvikling over fleire år. Han hevdar at Oslo-politiet har framstilt det som om de har hatt betre kontroll på utviklinga enn det som var tilfelle. Har han eit poeng?

– Vi kjenner oss ikkje att i desse påstandane. Vi opplever å ha svært god oversikt.

– Er det vanskeleg for politileiinga å vedgå det dersom ein faktisk ikkje har kontroll med utviklinga av kriminelle miljø?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement