JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Polarisering og terrorfare

Ofte er det slik at politiske terroristar organiserer åtak når massemobiliseringa er på veg ned, seier Brynjar Lia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fransk politi ved Bir-Hakeim-brua etter eit åtak 3. desember der ein person vart drepen.

Foto: Stephanie Lecocq / Reuters / NTB

4864
20231208

Samtalen

Brynjar Lia

professor i Midtausten­-studiar ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Auka fare for terroråtak i samband med Gaza-krigen

sofie@dagogtid.no

Tysdag uttalte EU-kommissær Ylva Johansson at det er stor fare for terroråtak i EU på grunn av Gaza-krigen. Denne veka vart ein tysk turist drepen og to andre såra etter eit knivåtak i Paris.

– Er trusselbiletet endra også her i Noreg?

– Eg har registrert at PST ikkje har auka det generelle trusselnivået, men tenesta er bekymra for truslar mot jødiske og israelske mål. Dette tyder vel på at i Noreg er det få kjende aktørar med intensjon og kapasitet til å utføre terroraksjonar som ein respons på krigen i Gaza.

– Kven er det som potensielt kan utføre terror i Noreg?

– Dei mest sannsynlege gjerningspersonane bak framtidige terroraksjonar med palestinakonflikten som fanesak vil vere dei globalt orienterte jihadistane. Desse vil antakeleg berre ha ei laus eller inga direkte organisatorisk tilknyting til Den islamske staten eller Al Qaida, men vere tilknytt eit lokalt radikalt islamistisk miljø og få inspirasjon derifrå. Det er heller ikkje heilt usannsynleg at personar med ei forhistorie som framandkrigar og som tidlegare har fått opplæring og trening i konfliktområde utanfor Europa, kan bli sentrale i nye terrornettverk og -celler der palestinasaka er ein hovudmotivasjonsfaktor. Det er ingen direkte samanheng mellom massemobilisering for kampsaker som palestinakonflikten og politisk terrorisme. Ofte er det slik at politiske terroristar organiserer åtak når massemobiliseringa er på veg ned.

– Har du døme på at det har skjedd tidlegare?

– Me såg det i Muhammed-karikaturstriden i 2006. Først når masseprotestane døydde ut, kom jihadistane på banen og gjorde karikaturteikningane og hån mot profeten til ei av sine fremste kampsaker.

– Kva tid var palestinske terroristgrupper sist aktive i Europa?

– Det er fleire tiår sidan dei var aktive og utgjorde ein betydeleg terrorfare. Hamas, Palestinsk islamsk jihad og Hizbollah er svært aktive og slagkraftige i Midtausten, fortrinnsvis i Palestina og Libanon, men har omtrent ikkje vore involverte i internasjonale terroraksjonar i Europa. Det er liten grunn til å anta at dei vil endre operasjonsmønsteret sitt no på kort sikt. Det er mogleg, men ikkje særleg sannsynleg, at (nye) venstreradikale grupperingar kan kome på banen og gjennomføre valdsaksjonar med Palestina som motivasjonsfaktor.

– Kan Gaza-krigen utløyse fleire terroråtak frå høgreekstreme?

– Eg har lita tru på at høgreekstreme grupper vil gjere palestinasaka til si hjartesak på same måte som islamistane har gjort det. Men mediemerksemda rundt denne konflikten er noko som sikkert også kan gjere høgreekstremistar meir aktive.

– EU-kommissæren sa at Gaza-krigen har ført til ei aukande polarisering i samfunnet, og at dette aukar terrorfaren. Meiner du at me ser ei polarisering også i Noreg?

– Det er mange teikn på auka polarisering, kanskje først og fremst i det offentlege ordskiftet og i sosiale medium, der temperaturen ofte er høg og tonen svært fordømmande. Bilete av sivile offer, særskilt barn og unge, vekkjer sterke kjensler, og det blir sett fram krav om å ta tydeleg standpunkt og velje riktig side. Påstandar om vestleg dobbeltmoral, rasisme og usynleggjering av offera er eit gjennomgangstema. Det kjem også til uttrykk i mobiliseringa av store massedemonstrasjonar av både Israel- og Palestina-sympatisørar, der dei sistnemnde er i klart fleirtal.

– Kva kan terroråtak til støtte for Gaza ha å seie for framtidige fredsløysingar og/eller ein anerkjend palestinsk stat?

– Fredsforhandlingar blir ofte påverka av valdsaksjonar mot ein eller fleire av partane. Akkurat no ser det svært mørkt ut når det gjeld høve for reelle fredssamtalar utover reine våpenkvile- og fange-/gisselutvekslingsavtalar. Men på lengre sikt får ein håpe at fredssamtalar kan bli ein realitet. Når slike samtalar er på gang, vil dei ytterleggåande fraksjonane på kvar side ofte setje i gang provokasjonar for å øydeleggje klimaet for fredsforhandlingar. Hamas brukte dette svært aktivt på 1990-talet, då Oslo-prosessen pågjekk.

– Kva kan konsekvensane av Gaza-krigen vere for samfunnet, på kort og lengre sikt, på andre område enn terror?

– Det er eit svært omfattande spørsmål. Ei av bekymringane no er at renommeet til den vestlege verda står på spel i «det globale sør», og at den liberale verdsordenen, tufta på folkeretten, taper terreng. I kjølvatnet av Ukraina-krigen står Vesten i aukande grad overfor ein allianse av autoritære regime, frå Russland og Iran til Kina og Nord-Korea. Gazakrigen gjer det enklare for autoritære leiarar å spele ut palestinakortet for å svekkje oppslutninga om ein liberal verdsorden.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis