Pludder og våsI dag er eteren tom, men nett i denne tida veit vi kva god radio er.Streiken i NRK har synt oss kor avgjerande viktig kvalitetsradio er i eit kulturelt og politisk utsett samfunn som det norske. Uvisst av kva grunn har NRK-leiinga valt å leg
I dag er eteren tom, men nett i denne tida veit vi kva god radio er.
Streiken i NRK har synt oss kor avgjerande viktig kvalitetsradio er i eit kulturelt og politisk utsett samfunn som det norske. Uvisst av kva grunn har NRK-leiinga valt å leggja seg ut med kjernetroppane i institusjonen, journalistane, for nokre sylvpengar.
Veit Thor Gjermund Eriksen kva han risikerer? Alle dei plattformene som i dag trugar norske medium som ein samlande arena for meiningar, kulturimpulsar, intellektuell stimulans og underhaldning, vil no styrka seg. Dette er ekstra trist ettersom NRK i det siste medvete og fortenestefullt har rusta opp seriøse debatt- og idéflater: Verdibørsen, Ekko og klassikaren Dagsnytt 18 – for ikkje å gløyma bokprogramma.
Det verste som han kan hende no, er at streiken får dei som alt har eit marginalt tilhøve til NRK, forsvinn for godt. Då kjem denne streiken til å kosta NRK dyrt, mykje meir enn den vesle lønsauken det no står om. Dei er petitessar i den store samanhengen.
Mange vil seia med Wesenlund: «Dett var dett.» Så lett var det å merka at ein ikkje er så avhengig av NRK som mange trudde. Landet går godt utan NRK.
Men det gjeld ikkje meg: Eg er NRK P2-oman. Og nokre av oss har under streiken gått etter andre kanalar for å sjå om det er noko å henta der. Ikkje at det kom som ei dramatisk overrasking, men eg vart slått i bakken over kor mykje pludder andre kanalar sender ut. Det er som i USA på det verste (med unntak av public radio der): reklame avbrote av vêrmelding, trafikkmeldingar og verbalt dilldall som legg seg som ei klam hinne over sinn og sansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.