Pillene trillar framleis ut til folket
Sjølv om ei rekkje studiar tyder på at antidepressiv har liten og usikker effekt, aukar bruken år for år.
Illustrasjon: Shutterstock
Gong på gong har Noreg blitt kåra til verdas beste land å leve i, seinast i FN-rangeringa i fjor haust. Likevel treng nordmenn forbløffande mykje medisin for å klare kvardagen. Ifølgje Reseptregisteret vart det skrive ut såkalla nervemedisin til nærare 1,5 millionar nordmenn i 2017. Den største kategorien var sovemiddel og roande middel, som vart skrivne ut til 584.000 menneske. Men det vart òg skrive ut antidepressiv til 332.000 nordmenn, antipsykotiske middel til 124.000, og 45.000 fekk ADHD-medisin.
Sjølv om det nok er stor overlapp mellom desse gruppene – mange pasientar får medisinar i fleire kategoriar – er tala høge. I tillegg til dette kjem den store bruken av nervemedisin ved sjukeheimane, som ikkje blir fanga opp av Reseptregisteret: Tre av fire eldre på sjukeheimar får psykofarmaka, og 40 prosent av dei får antidepressiv.
Når fleire hundre tusen nordmenn brukar medisinar som skal påverke sentralnervesystemet, og når 6 prosent av alle vaksne tek antidepressiv årleg, fortel det noko om folkehelsa, kulturen og helsevesenet. Men kva fortel dette?
Depresjonsepidemi
Ein skarve avisartikkel kan ikkje famne om alt, så her skal vi nøye oss med å sjå på utviklinga i bruken av antidepressiv. Somme ser på denne auken som eit framsteg: Eit betre utbygd helsevesen gjer at fleire menneske får legehjelp mot plagene sine. Men mange psykiatrar og psykologar har lenge vore kritiske til denne framstillinga. Ein av dei er Tor-Johan Ekeland, som er professor i sosialpsykologi ved Høgskulen i Volda.
– I heile Vesten har det vore ein stor auke i diagnosen depresjon sidan 1980-åra. Men det treng ikkje tyde at fleire har blitt deprimerte, for depresjon er ikkje det det eingong var, seier Ekeland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.