I min barndom på Nordvest-landet i førre tusenår pla vi leike pikken. Ein enkel leik for minimum tre deltakarar. Leiken kunne bli både sveitt og vilter, men var noko av det kjekkaste eg visste. Den eine deltakaren «hadde pikken» og skulle kvitte seg med han, altså pikken, ved å pikke ein av dei andre på ryggen. Dei andre sprang til alle kantar for å unngå nettopp dette. Når så ein av dei andre blei innhenta og «fekk pikken», måtte denne i sin tur pikke ein annan på ryggen for å gje pikken vidare.
Det var ei uskuldig tid. Vi unngjekk eksplisitte nemningar på intime kroppslege fenomen. Mor mi, eit på alle måtar godt menneske, hadde eigne omgrep for det meste slikt. Eit av dei enklaste var «vanne», for å late vatnet. Utover det var det ei rekkje meiningstunge ord, i hovudsak similar og onomatopoetikon, for alle private lekamsdelar og kroppsfunksjonar. Eg veit framleis ikkje om det var hennar eige kreative talent som slik kom til uttrykk, eller om ho hadde det frå sin eigen oppvekst.
Som barn hadde eg derfor eit rikt vokabular på dette feltet, men eg tenkte aldri over at vi berre nytta omgrepa i den inste familiekrinsen. Slikt er ikkje akkurat vanlege samtaleemne i selskapslivet.
Men då eg kom på skulen – barnehage var ein ukjend luksus på den tida – og naturen tvinga fram ei offentleg verbalisering av det som til då hadde vore private ærend, var det eit sjokk å oppdage at eg ikkje kom nokon veg med det nøye avstemte omgrepsapparatet eg hadde heimanfrå.
Etter den opplevinga har eg alltid hatt ei varsamt utprøvande tilnærming i samtalar med andre menneske. Folk tolkar det som ei var og lydhøyr haldning, men det vitnar eigentleg berre om ein grunnfesta tvil på eigne formidlingsevner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.