Petroleumstilsynet trur på dialog, ikkje på bøter
Oljeselskapa har sterk eigeninteresse av å unngå ulukker. Å gi bøter er ikkje naudsynt, meiner direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet.
Anne Myhrvold, direktør i Petroleumstilsynet, under høyringa om Riksrevisjonens rapport om tilsynet i 2019. Rapporten var svært kritisk og konkluderte med at praksisen til Petroleumstilsynet hadde liten påverknad på oljeselskapa.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Trass i fleire alvorlege hendingar i fjor er det ikkje grunnlag for å slå fast at tryggleiken er svekt i petroleumsnæringa, meiner Anne Myhrvold, administrerande direktør i Petroleumstilsynet.
– Først når vi får gått grundig gjennom talmaterialet, kan vi seie noko klart om utviklinga. Det gjer vi i den årlege rapporten om risikonivå i norsk petroleumsnæring, som vi legg fram i mars, seier Myhrvold
– Om vi ser på utviklinga over lang tid, har det blitt færre uhell med storulukkepotensial. Men i fjor var det nokre alvorlege hendingar, og det uroar oss.
– Fagforeiningane hevdar at kostnadskutta dei siste åra har svekt tryggleiken. Kva meiner Petroleumstilsynet?
– Indikatorane som viser faren for ei storulukke, tyder på at den risikoen var på sitt lågaste nokon gong i 2019. Det kan ha vore einskildhendingar der kostnadskutta har vore ei medverkande årsak, og i så fall er det ikkje akseptabelt. Men vi har ikkje grunnlag for å seie det generelt.
– Om verneomboda i petroleumsindustrien har fått mindre tid til å vere verneombod, korleis påverkar det tryggleiken?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.