Personleg og politisk hamskifteOle Colbjørnsen var mannen bak Arbeidarpartiets vending frå revolusjon til sosialkapitalisme.

Ole Colbjørnsen var mannen bak Arbeidarpartiets vending frå revolusjon til sosialkapitalisme.

Ein klassisk valplakat frå Arbeidarpartiet.
Ein klassisk valplakat frå Arbeidarpartiet.
Publisert

Ole Colbjørnsen (1897–1973) var usannsynleg som strateg og fornyar av Arbeidarpartiet då dei la av seg den revolusjonære hamen i 1933, satsa på ministersosialisme og lova å få heile folket i arbeid dersom folkefleirtalet i by og land gjekk hand i hand. Men han synte seg å vera rett mann på rett stad til rett tid i den ideologiske ryddesjauen og utforminga av ein krisepolitikk som kunne gjennomførast.

COLBJØRNSEN var fødd i tronge kår og døypt i Guds Menighet Vegårshei (som i parentes er majoritetskyrkja i bygda). Han var eit flogvit i politisk teori, språk, fysikk og astronomi, introduserte relativitetsteorien i Noreg, fekk Einstein på besøk og var nær ved å bli forskingsassistent for han. «Han var intelligent, encyklopedisk kunnskapsrik, radikal, nokså kynisk og det ene med det andre», skreiv Chr. A.R. Christensen om den unge Colbjørnsen i eit Dagbladet-portrett.

Som politisk aktivist og fattig student i lasete klede og utette sko fraus og svalt Colbjørnsen seg sjuk i Kristiania og reiste heim til Risør. Derifrå kom han att som yrkesrevolusjonær. Han stod på Moskva-fløya i partikampane og blei hyra inn som propagandist av Alexandra Kollontaj ved den sovjetiske delegasjonen i Oslo. Så blei han send til Moskva for å arbeida med den første femårsplanen. Deretter hamna han i trelasteksport, før han, som Ole Turjosovitsj, blei flytta til London som leiar for det sovjetiske statsreiarlaget. Dette var ei livstrygding etter at mentoren hans, Bukharin, hadde falle i unåde hos Stalin. Då ambassaden i London heller ikkje lenger var ei trygg hamn for høgreavvikarar, hoppa han av og slo seg på studiar av økonomi i Frankrike og Tyskland.

DÅ COLBJØRNSEN i august 1932 troppa opp hos Martin Tranmæl, redaktør i Arbeiderbladet og Arbeidarpartiets sterke mann, hadde han ikkje ansiennitet som kanin eller broiler og hadde ikkje gått den lojale partivegen. Tvert imot: Han var ein svikar og overløpar med ei fortid som partifiende. Han hadde aldri klart ein opptaksprøve til nomenklaturen i eit medlemsvald partiorgan, men det var Tranmæl som bestemte.

Partiet kunne gå mot ein ny dag, og Tranmæl var skruppellaus i jakta på talent som stilte seg til rådvelde, same kva dei hadde av akademiske titlar, borgarleg bakgrunn og kulturell og økonomisk kapital – eller om dei hadde vore på feil side i dei bitre partistridane eit tiår tidlegare. Tranmæl var ikkje nokon djup og skulert tenkar, men han hadde strategisk gehør, politisk luktesans og menneskekunnskap.

Etter ein times samtale på kontoret på Youngstorget hadde Colbjørnsen fått tilgjeving, og han blei løfta fram som premissleverandør for Arbeidarpartiets ideologiske loftsrydding og praktisk-politiske snuoperasjon. Partioverhalinga måtte pakkast inn i tilpassa marxistisk dogmatikk, og i det var Ole Colbjørnsen ein meister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement