Pensjonistriket
Dei norske pensjonistane har høgst formue av alle. No skal Sylvi Listhaug kjempa for at dei skal få meir.
Dei eldre i Noreg har stor formue, høg inntekt og god helse samanlikna med eldre i dei fleste andre land. Men vêret er betre på Kreta.
Ill.foto: Halvard Alvik / NTB scanpix
Med alle lovnadene frå Sylvi Listhaug (Frp) som ny eldreminister er det kan henda på tide å omskriva dåpsbodet: «Lat dei eldre koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Denne utviklinga er kanskje naturleg, for vi nordmenn får knapt born lenger, og dei eldre vert berre fleire og fleire og dimed ei stadig sterkare veljargruppe. Men er det rimeleg at dei eldre skal få sin eigen minister? Er det rimeleg at dei eldre skal få meir av felleskaka?
Ein gong var det kanskje det, før Folketrygda og sjukeheimsplassar til alle som har trong for det. Men spørsmålet burde kanskje vera om vi ikkje snart skulle få ein anti-eldreminister. For det er ikkje dei eldre som vantar pengar, hus og bil. Det er ikkje dei eldre som er i klem mellom barnehage, skule, idrettslag, arbeidsplass og heim. Det er heller ikkje dei eldre som må betala stadig meir bompengar, og det er ikkje dei eldre som er skvisa mellom pensjonsreforma og marginalskatten.
Feit bankkonto
Har du born og har kjøpt deg eit greitt husvære, har du truleg ei nokså sterk uro for bankkontoen din. Kva skjer om vaskemaskina eller bilen bryt saman? Har eg nok pengar på lur om noko gale skulle henda? Unge par har knapt pengar på konto, syner statistikken. Eit gjennomsnittleg pensjonistpar, syner likningane, har til kvar tid ståande over 1,1 millionar kroner i banken. Om likviditet er konge, som det heiter i finansmarknaden, er nesten alle pensjonistar i Noreg monarkar og unge par med born deira slavar.
Kva gjorde Frp då dei fekk makta? Dei gav pensjonistpar mykje høgre pensjon: «Vi mener det er uhørt at pensjonister skal straffes for å være gift eller samboer gjennom avkortning i pensjon», som deira eigen Erlend Wiborg seier på heimesida til Frp – som i tillegg skryter av at norske pensjonistar har fått over 4 milliardar i skattelette med Siv Jensen som finansminister. Kvifor det er uhøyrt å tenkja at eit par har betre råd enn einslege til å kjøpa ny vaskemaskin, seier ikkje Frp noko om.
Mykje hus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.