Utdanning
Pengar fiksar ikkje alt
– Det er ikkje sikkert at det er mogleg å redusere fråfallet i vidaregåande særleg meir gjennom politiske reformer, meiner Jon Rogstad.
Jon Rogstad er forskar ved Nova på OsloMet og har forska mykje på fråfall i skulen. Saman med Kaja Reegård var han redaktør for boka De frafalne. Om frafall i videregående opplæring frå 2016.
– Vi har hatt mange regjeringar og mange utdanningsreformer sidan 1994, men det mest slåande med fråfallet er at det har vore såpass stabilt. Trass i iherdig innsats og store midlar har ikkje fråfallet gått så mykje ned. Kanskje kan ikkje dette løysast med pengar, seier Rogstad.
– Eitt spørsmål er om vi er for utolmodige. I Noreg måler vi fråfallet fem eller seks år etter at elevane byrja på vidaregåande. Hadde vi målt etter ti år, hadde vi fått eit anna resultat. Så kan vi spørje oss kor stort problemet eigentleg er. Det er fleire gutar enn jenter som droppar ut av vidaregåande skule, samstundes klarer dei seg betre enn jentene. Og mange av desse gutane seier sjølve at dei hadde det verst før dei droppa ut – dei fekk det betre etterpå.
Ny arbeidsmarknad
– Når det faktisk er fleire enn før som fullfører, kvifor blir situasjonen ofte framstilt som så dramatisk?
– Ein grunn er vel at vi så ofte får høyre at vi lever i eit kompetansesamfunn der formell utdanning blir sett på som svært viktig. Ein annan grunn er at så mange av arbeidsplassane for dei med låg utdanning nesten har forsvunne. Dei som skal ut i arbeidsmarknaden no, treng utdanning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.