Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.
Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Sesongen for vassmelon er snart over. Sist sundag var det ingen melonar til sals på marknaden i byen Brusyliv eller i den nærmaste supermarknaden. Den siste melonen vår fekk vi som gåve av ein nabo. Det er vanleg å dyrke dei i eigen hage no. Dei er søte nok, men sjølv med den dirrande heten vi har hatt i år, blir dei ikkje større enn ei bowlingkule.
Den siste veka i august og første i september gav ukrainarane mange grunnar til pessimisme. To tragediar sjokkerte heile landet. Først vart vi lamslegne av at over 60 soldatar vart drepne på området til ein militær utdanningsinstitusjon i Poltava. Det var ballistiske missil som tok livet av dei og skadde over 300 andre soldatar.
I tillegg kom bombinga av bustadblokker i Lviv. Nesten heile familien til ein av etterkomarane etter den ukrainske forfattaren Ivan Franko, som skreiv på 1800- og 1900-talet, døydde. Berre faren overlevde.
Berre faren i familien overlevde bombinga av bustadblokka i Lviv.
Foto: Reuters / NTB
Det verkar som desse tragediane utløyste personendringar i den ukrainske regjeringa. Slike endringar har vore lova lenge, men ikkje venta på med særleg entusiasme. Dekninga av omveltinga skygde for nyhenda frå Poltava og Lviv.
Fleire ministrar og høgare embetsfolk gjekk av, inkludert utanriksminister Dmytro Kuleba. Det var òg oppseiingar og nye utnemningar i staben til president Zelenskyj. Kort sagt stokka presidenten om på mannskapen sin, men ukrainarane var forvirra vitne til det heile. Namna til mange av dei som gjekk av, tyder lite for dei fleste, dei vekte ingen førestillingar om minneverdige politiske grep eller handlingar, ingen døme på særlege tenester, og dei nye namna tyder enda mindre for folk.
Elles er ukrainarane langt meir interesserte i nyhende frå fronten enn i nyhende frå parlamentet og regjeringa.
Samstundes med røystinga i parlamentet, der dei sa opp gamle og peika ut nye medlemar av regjeringa, kom det informasjon frå nasjonalbanken om skifte av namn på den minste mynteininga i Ukraina. Den kjende kopeken skal erstattast med shag, som tyder «steg».
Bytet vart presentert som enda eit steg i retning Europa og vekk frå den russiske/sovjetiske tradisjonen med rublar og kopek.
Shagen sirkulerte ei kort stund i 1918, etter at Ukraina erklærte seg som sjølvstendig. Til liks med i dag gjekk det føre seg ein krig. Ukraina freista verne sjølvstendet, og Russland freista trekkje Ukraina inn i det nye russiske imperiet – Sovjetunionen. Shag-myntane vart aldri prega. Dei vart trykte på billig papir skorne i små firkantar som likna meir på frimerke enn pengar.
Ingen tok dei på alvor den gongen, og i dag har ideen blitt møtt med kritikk.
Når ukrainske bankar flyttar utstyr og inventar vekk frå stader nær frontlina, har da finansielle reformer av denne typen prioritet?
Innføringa av ein ny mynt ved denne krossvegen verkar òg sosialpsykologisk upassande, men saka fyller sidene i sosiale medium. Nokre drøymer alt om å innlemme den nye shagen i myntsamlinga si. Andre lurer på kven sitt andlet det er som skal plasserast på den framtidige mynten. Det er ingen offisiell informasjon tilgjengeleg, berre ei verbal utsegn frå sjefen for nasjonalbanken – omgjeven av rykte.
Samstundes står ukrainarane overfor presset frå inflasjon kvar dag, etter som prisen på matvarer og elektrisitet aukar. Ein euro kostar 44 kopek, og for éin kopek får du ikkje kjøpt noko som helst i Ukraina. Ei fyrstikkøskje kostar 70 kopek. Slik vil innføringa av ein ny mynt berre interessere samlarar. Det er ikkje for ingenting at 1-, 2-, 5- og 25-kopekmyntar vart dregne attende før den russiske storoffensiven, og berre 10- og 50-kopekmyntar var att i sirkulasjon, medan 5- og 10-hryvniamyntar vart innførte.
Diskusjonar på fjernsyn og i radio om det nye namnet på kopeken fekk det til å høyrast ut som usemja var stor, men dette hamna snart i skuggen av nyhende frå USA: Dei seks milliardar dollarane som var løyvde til hjelp for Ukraina, er ikkje brukte. TV-journalistar freistar motverke pessimismen hos ukrainske bloggarar ved å insistere på at pengane ikkje er tapte enno, og at det uansett ikkje er snakk om nokon stor sum.
Det som ser ut til å vere sikkert, er at dersom pengane ikkje er brukte til militærhjelp til Ukraina innan slutten av september, blir dei sende attende til den amerikanske sentralbanken.
Innbyggjarane er prega etter det russiske drone- og missilangrepet i Lviv.
Foto: Roman Baluk / Reuters / NTB
Krig er tusen gonger dyrare enn fred – og verkar som eit botnlaust sluk. Éin dag med krig kostar Ukraina om lag 100 millionar dollar. 6 milliardar dollar svarar difor til 60 dagar med ukrainsk sjølvforsvar.
Eg har aldri likt matematikk, men denne krigen får meg til å telje kvar dag: talet på øydelagde russiske stridsvogner og fly, talet på iranske dronar skotne ned over Kyiv kvar natt, talet på F-16-fly venta til Ukraina mot slutten av 2024.
For nokre dagar sidan fekk eg hjelp til å løyse eit meir samansett problem. Klokka tre om natta lyste ein eksplosjon opp himmelen utanfor husværet vårt i Kyiv. Vi høyrde lyden av eksplosjonen fem sekund seinare. Eg ønskte å vite kor langt frå huset vårt den russiske dronen fall eller missilet eksploderte.
Eg spurde om dette på X-sida mi og fekk snart svar frå ein av følgjarane mine – eksplosjonen skjedde 1,7 kilometer frå oss. Farten på lyd i luft er 343 meter per sekund. Hugs dette, du kan få bruk for det.
Krigsmatematikken handlar ikkje berre om å telje tapa i utstyr og mannskap hos fienden. Det gjeld òg å rekne på fiendens attverande og fornybare ressursar.
I år skreiv 190.000 menn i Den russiske føderasjonen under på ein kontrakt om å ta del i aggresjonen mot Ukraina. Nokre av kontraktssoldatane er dømde kriminelle som har fått høve til å slåst i staden for å sitje i fengsel. Nokre av dei andre er heimlause. Representantar for dei russiske væpna styrkane byrja nyleg å vitje losji for heimlause i Sibir og andre regionar. Dei som skriv under på ein kontrakt, får store pengesummar og ein «ny heim» – det russiske militæret. Det nøyaktige talet på russiske heimlause som vel å endre statusen sin på dette viset, er så langt ukjent.
Det russiske militæret treng først og fremst infanterisoldatar – kanonføde som kan storme dei ukrainske forsvarsverka langs frontlina. Men dei heimlause som sluttar seg til dei russiske styrkane, kan håpe på ein meir interessant militær karriere – som til dømes operatør for rekognoserings- eller åtaksdronar.
Medan Russland aukar droneproduksjonen og utviklar nye typar dronar, har Ukraina òg auka produksjonen av denne viktige reiskapen i moderne krigføring og utvida utvalet av dronar dei produserer.
Førre veke klarte ukrainske operatørar å bruke ein lokalt produsert drone til å skyte ned ein russisk rekognoseringsdrone i 3,5 kilometers høgde, noko som er rekord.
Det er ikkje færre som blir drepne og skadde på kvar side, tvert imot, og militære ekspertar kallar denne krigen «ein framtidskrig», ein krig med dronar og robotar.
Kvar dag og kvar natt går Russland til åtak på Ukraina med iranske Shahed-dronar som kan halde seg i lufta i ti timar eller meir og ofte endrar retning. Denne droneterroren held ukrainarane i age heile dagen og ute i gangen dei fleste nettene. Ingen får skikkeleg søvn.
Men i det siste har noko merkeleg skjedd med dronane. Nokre av dei flyg brått ut av det ukrainske luftrommet og inn i Belarus, der dei terroriserer det belarusiske luftforsvaret.
Første gongen dette hende, overvakte det belarusiske militæret berre den russisk-iranske dronen. Han flaug inn i Belarus, men snudde og flaug attende for å terrorisere Ukraina att. Så byrja andre dronar å falle ned i sjølve Belarus. «President» Lukasjenko ferda ut eit dekret om at det belarusiske luftforsvaret er forplikta til å skyte ned framande dronar i belarusisk luftrom, utan omsyn til kva land dei kjem frå. Difor skyt Belarus stadig ned iranske dronar som Russland meiner å sende mot Ukraina.
Ifølgje russiske militærbloggarar sette Kreml liten pris på dekretet til Lukasjenko, og det tyder at Belarus no har problem med kjøp av russisk gass og russisk olje.
Militærbloggarar fortel òg at Putin vil ha ein slutt på at Belarus skyt ned Shahed-dronar, og at han ber landet plassere soldatane sine ved grensa til Ukraina for å skremme ukrainarane med trugsmålet om å opne ein ny front med belarusiske styrkar. Men Lukasjenko ser ikkje ut til å ha hastverk med å oppfylle ønska til Putin.
Dei ustyrlege dronane som er årsak til den nye konflikten mellom Belarus og Russland, lèt seg kan hende forklare med arbeidet til ukrainske spesialistar på elektronisk krigføring som har lært seg å omprogrammere iranske dronar som flyg over Ukraina, slik at dei flyg inn i Belarus i staden.
Dette forklarer likevel ikkje fullt ut tilfellet med den iranske dronen med 40 kilo sprengstoff som styrta i Latvia i slutten av førre veke. Han kom frå Russland, men til alt hell eksploderte han ikkje. Den latviske regjeringa slo fast at Russland ikkje hadde tenkt å angripe Latvia, og at det var eit militært uhell.
Den litauiske regjeringa tok denne hendinga på større alvor og vedtok å lage planar for å evakuere busetnader nær grensa til Belarus.
Samstundes finst det eit positivt nyhende som endeleg har fått fram smilet i elles trøytte andlet i Ukraina. Ukrainarar kan no gifte seg på nettet med appen Diya. (Diya tyder «handling».) Diya er kontrollert av styresmaktene og tillèt at ukrainske borgarar skaffar seg elektroniske dokument, inkludert elektronisk pass.
Å bli gift tek no berre ein halvtime, og dei nygifte får straks offentlege ekteskapsattestar i elektronisk format, medan papirdokumenta blir sende til dei i posten.
Samtidig kan ein ikkje nytte Diya til å gjennomføre skilsmål. Par er nøydde til å oppløyse forholdet på meir tradisjonelt vis – i retten eller på registreringskontoret.
Når det kjem til stykket, vart Diya lansert i byrjinga av presidentperioden til Zelenskyj som ein app som skulle gjere folk glade, ikkje noko anna.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.