Pengar er ikkje alt

Om ikkje anna var Ole Gunnar Solskjær særs god i matematikk som student.

Til og med ungar veit at Ole Gunnar Solskjær er ein triveleg fyr, men det spørst om det hjelper for å få Lukaku og Pogba til å fungera.
Til og med ungar veit at Ole Gunnar Solskjær er ein triveleg fyr, men det spørst om det hjelper for å få Lukaku og Pogba til å fungera.
Publisert Sist oppdatert

Så har endå ein frå Møre og Romsdal gjort det stort ute i verda. Onsdag vart Ole Gunnar Solskjær utnemnd til sjeftrenar i verdas største fotballklubb målt etter omsetning, Manchester United. Kjetil K. Haugen er professor i logistikk og fotballeiing ved Høgskulen i Molde.

– Er dei så viktige, desse managerane?

– Det kan sjå slik ut, for Manchester United skal ikkje vera så dårlege som dei har vore i år. Om ein sjeftrenar skapar konflikt, og konflikt har det vore i Manchester United, endar det med at spelarane ikkje prøver så godt dei kan. Og gjer dei ikkje det, er laget dømt til å tapa kampar.

– Men all statistikk syner at det er ein nær absolutt samanheng mellom kor mykje pengar du har, og resultat?

– Ja, samanhengen er der, men det vil ikkje seia at du kan tilsetja ein dyr og dårleg manager. Samanhengen er meir komplisert enn som så. Ein god manager kan instruera spelarane til å gjera det rette og gje dei sjølvtillit. Desse trenarane er dyre, og det er dei som vert tilsette i dei store klubbane. Dimed måler du dei aller beste managerane i dei rikaste klubbane når du ser på samanhengen mellom pengar og resultat. Då har pengar noko å seia, men det tyder ikkje at dårlege managerar automatisk får gode resultat om dei har mykje pengar.

– Men statistikken har ein klar anomali, Brian Clough, han vann alt i England og Europa utan pengar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement