JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pave Benedikt 16. (1927–2022)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joseph Alois Ratzinger vart vald til pave i 2005, men trekte seg frå embetet på grunn av sjukdom i 2013.

Foto: Stan Honda / Reuters / NTB

4631
20230106
4631
20230106

Den 19. april 2005 stod eg på Petersplassen saman med Arnt Stefansen frå NRK og såg kvit røyk stiga opp frå skorsteinen i Det sixtinske kapellet. Journalisten tok meg med opp på «mediehøgda» ovanfor plassen like før namnet på den nye paven skulle kunngjerast, og Dagsrevyen heime byrja med at eg fekk fortelja mine landsmenn at valet fall på kardinal Ratzinger, og at han gav seg sjølv namnet Benedikt 16.

I stova heime på Jæren sat mor mi og såg på mimikken at eg ikkje var nøgd med «panserkardinalen» som den 265. etterfylgjaren etter Peter; eg var dum nok til å meina at han med sine 78 år var for gamal. Dessutan var han prefekt for den såkalla Truskongregasjonen – den gamle Inkvisisjonen. Det var tydeleg at Kyrkja ikkje skulle gjera seg til vens med verda. Unge prestestudentar i svarte kjolar omfamna kvarandre og gret av glede.

Dagen etter viste det seg at den gamle mannen kunne smila til verda og utfalda ein sjarm under «panseret» som media aldri hadde late oss oppdaga. Me såg at det ikkje var etter hans lynne å strekkja armane ut og veifta til svære folkeskarar, men han gjorde det, for no var det ein annan som førte han dit han ikkje ville. «Professor Papst», som hans eigne landsmenn kalla han, gjekk lydig og lojalt inn i si nye teneste, men alt han hadde lese og tenkt og dosert, fylgde med, og gjorde han til den mest intellektuelle Peter i manns minne. Han skreiv bøker på pavestolen, og fullførte mellom anna eit trebinds storverk om Jesus der han på eit mønstergyldig språk utan akademiske krusedullar la for dagen ein filosofisk og teologisk kultur som han truleg var åleine om i verda. Verket er omsett til norsk.

Like visst som Sigrid Undset hadde budd «tusen år» i Noreg, hadde Joseph Ratzinger budd tre tusen år i Europa. Dagen etter valet heldt han messe med kardinalane i Det sixtinske kapellet og preika på eit latin som kapellveggene truleg ikkje hadde høyrt maken til sidan renessansen. Når han som pave vart spurd om korleis han fekk tid til alt han gjorde, var svaret at det gjaldt å ha ein god rytme. Dessutan kasta han «aldri bort tid på sport».

Eg såg han ein gong han hadde samla hundre tusen romerske katekismeborn med foreldre på Petersplassen. Ein flokk av borna sat i krins rundt paven på podiet og hadde førebudd spørsmål om trua – så grunnleggjande og vanskelege spørsmål som berre born kan stilla. Dei svara paven improviserte på italiensk, var enkle nok til at borna skjøna han, og djupsindige nok til at også teologisk skolerte vaksne fekk noko å tenkja på. Det var meisterleg gjort.

Mellom pave Johannes Paul den store og den sju år yngre kardinal Ratzinger var det eit nært venskap; eg såg på det som eit samkvem mellom åndelege gigantar, på høgd med det som kunne sjåast i Milano i siste helvta av 300-talet, der biskop Ambrosius både døypte og hadde lange og djupe samtalar med den om lag femten år yngre Augustin – den teologen pave Benedikt sette høgast. Han levde i levande dialog med heile den store tradisjonen, noko som ikkje berre kom til uttrykk i alt han skreiv, men også i korte talar, til dømes på alle onsdagsaudiensane som tusenvis av menneske hadde tilgjenge til kvar veke.

På det reint menneskelege planet – og der lever jo også paven – var nok venskapen med den tretti år yngre Georg Gänswein noko av det fyrste han vil takka Gud for. Dei var begge frå Bayern, begge teologar. I 1996 vart Gänswein saksbehandlar i Truskongregasjonen, i 2003 kardinal Ratzingers privatsekretær. I 2012 vart han prefekt for det pavelege hushaldet, med rang av erkebiskop, og i alle desse åra stod ingen Ratzinger nærare enn han. «Han var som ein far for meg», sa Gänswein då Benedikt var død, og han gjekk fremst bak båra då pavens lik vart ført til Peterskyrkja og lagt på lit de parade.

Det tyngste børa både for kardinalen og for paven var sjølvsagt alle overgrepsskandalane i presteskapet, til og med blant kardinalar. Benedikt var den fyrste paven som verkeleg tok tak i problemet, og Gänswein har fortalt litt om kor hardt det gjekk innpå han. I 2013 kjende han seg så gamal og trøytt at han sjokkerte kardinalane og heile Kyrkja ved å gå av. I nærare ti år budde han som emeritus i eit kloster i Vatikanet, med eit par nonner og Gänswein som sin «familie». Pave Frans vitja han rett som det var, og sjølv om Benedikt mot slutten var svak i røysta og skral i kroppen, var han framleis seg sjølv i ånda. Han lyt få ordet til slutt: «Å søkja Gud og lata seg finna av han er grunnlaget for all ekte kultur – også i dag.»

Kjell Arild Pollestad

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk pater i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis