JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pause frå pandemien

Trass i gjenopning er vi ikkje kvitt koronaviruset. Immunolog Anne Spurkland meiner vi veit altfor lite om følgjene av ein infeksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Munnbinda er hengde på veggen – inntil vidare.

Foto: Terje Pedersen / NTB

4609
20220325

Samtalen

Anne Spurkland

professor i molekylær immunologi

Aktuell

koronapandemien

4609
20220325

Samtalen

Anne Spurkland

professor i molekylær immunologi

Aktuell

koronapandemien

jesper@dagogtid.no

Den siste tida har koronapandemien kome heilt i skuggen av krigen i Ukraina. Kvardagen synest å ha vendt tilbake til det vanlege. Likevel kritiserte europasjefen i WHO, Hans Kluge, denne veka mellom andre Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Hellas for å ha gått for fort fram i gjen­opninga. Både Tyskland og Frankrike har hatt nye smittetoppar etter nyleg gjenopning.

Anne Spurkland er professor for molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo.

– Media synest å ha gløymt koronaviruset den siste tida. Er vi ferdige med pandemien no?

– Det kjem heilt an på kva du meiner. Viruset kjem til å vere blant oss ei tid framover. I Noreg har vi likevel ein stor grad av immunitet, sidan så mange er vaksinerte eller har hatt viruset. Så spørst det kva utvikling vi får globalt. I Hongkong ser ein følgjene av at viruset spreier seg i eit samfunn med lite immunitet. På grunn av nulltoleransen der har få hatt sjukdommen, og i tillegg er vaksinedekninga dårleg spesielt blant eldre. Difor har dei no veldig høge dødstal. Omikronvarianten er altså ikkje i og for seg ufarleg.

– Kan vi kome i ein situasjon der vi må stengje ned igjen?

– Eg trur terskelen vil vere ganske høg, men ein kan ikkje utelukke det. Vi kan ikkje hindre kvart einaste dødsfall ved infeksjonar, livet er farleg. Likevel må helsevesenet kunne tole å stå i ein krisesituasjon i ein periode.

– Nett no lèt vi viruset få fritt leide i samfunnet. Er ikkje det same tilnærming som vi kritiserte Sverige for under første del av pandemien?

– Jo, på mange måtar er det same strategi som svenskane nytta. Og vi har faktisk ganske høge dødstal i Noreg nett no. Det er det få som snakkar om på grunn av krigen i Ukraina. Eg trur det er ei følgje av gjenopninga, som trass alt ikkje var for så lenge sidan. Helsestyresmaktene har konkludert med at det er betre å la viruset gå fritt rundt. Då er vi betre stilte neste gong vi møter viruset. Og det kjem vi til å gjere.

– Mange slit med etterverknadene av gjennomgått sjukdom. Har vi vore naive med gjen­opningsstrategien i Noreg?

– Gjenopninga har sjølvsagt ein pris. Somme kjem til å få ymse etterverknader. Ser ein på dei førre variantane, har dei gjeve langvarige biverknader hos somme. Om omikron er det enno for tidleg å seie noko. Likevel er risikoen der. Og så er spørsmålet om det finst særtrekk ved korona i forhold til andre infeksjonar. Om sjukdommen påverkar blodkara og kan føre til blodpropp, ville det vere noko nytt. Ein amerikansk studie av militært personell kan tyde på auka fare for hjarte- og karsjukdommar i året etter ein koronainfeksjon.

– Fleire har vore smitta både to og tre gonger den siste tida. Kva seier det om immuniteten både vaksinane og gjennomgått sjukdom gjev?

– Vaksine er framleis den tryggaste måten å oppnå immunitet på, og eg vil råde folk frå å oppsøkje viruset. At ein koronavirusinfeksjon ikkje gjev langvarig immunitet, har ein visst om lenge før pandemien. Ein kan til dømes verte smitta igjen med same forkjølingskoronavirus etter berre nokre månader. I tillegg har vi hatt to omikronvariantar i sirkulasjon ei stund no. Det kan vere at den eine ikkje gjev like godt vern mot den andre, sjølv om vi veit lite om det enno. Så lenge vi ikkje tilbyr PCR-testar til alle, har vi ikkje noka god oversikt over smittespreiinga av dei forskjellige variantane.

– Er det eit problem at vi veit lite om smittespreiinga?

– Eg skulle ønskje vi hadde hatt litt betre oversikt. Men det er sjølvsagt eit spørsmål om kostnad. På mange måtar er vi ferdige med pandemien no.

– Må vi førebu oss på fleire rundar med vaksinering?

– Dei eldste kjem til å få tilbod om nye dosar regelbunde. Så spørst det om det er naudsynt for oss andre.

– FHI åtvara denne veka mot influensautbrot. Kor alvorleg er det?

– At vi har hatt både ein og to sesongar utan influensa er ganske uvanleg. Immunsystemet er ikkje på tå hev heile tida. Det treng påminning. Difor kjem fleire til å verte sjukare enn vanleg.

– Kva reglar bør vi enno halde oss til?

– Styresmaktene har vore klare på at pandemien ikkje er heilt over enno. Ein kan leve meir eller mindre normalt, men eg ville personleg ikkje gått på diskotek. Dei fire dagane tilrådd isolasjon er eit praktisk kompromiss. Eg ville ikkje ha vitja mor mi etter fire dagar, for ein kan enno vere noko smittsam.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg ville ikkje ha vitja mor mi etter fire dagar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis