Patriotisme på grasrota
TRIESTE: På alle kantar er dei liberale demokratia våre kringsette av aukande patriotisme – som no vinn val inne i sjølve Vest-Europa òg, i Sverige og Italia. Har me noko sams med patriotane? Ja, at me trur verdiane våre er universelle.
Dei italienske fødselstala er dei lægste i Europa. Ei kampsak for Giorgia Meloni i ytre høgre-partiet Fratelli d’Italia er å auka talet. Her frå bydelen Cavana i Trieste.
Alle foto: Håvard Rem
Kva skal ein kalla kreftene som sigra i det italienske og svenske valet? Fedrelandskjærleik? Nasjonalisme? Patriotiske kjensler og verdiar ber i seg eit paradoks. Dei flammar fyrst verkeleg opp, i politikk og samfunn, når patriotane er overtydde om at verdiane deira gjeld for alle.
Slik sett er fotballen ærleg. Der vert patriotisme flagga som nettopp det: patriotisme. På andre livsfelt vert patriotismen gjerne pynta som noko moralsk opphøgd, helst noko universelt.
Fotball 1
Onsdag for to veker sidan: Daniel, eigaren av ein gastro- og fotballpub her i Trieste-bydelen Cavana, har reist i mange land, men budd i heimbyen heile livet. Han er bypatriot, ja, bydelspatriot, meir enn Italia-patriot. Musikken han spelar, er Madrugada, så eg gjev meg til kjenne som norvegese. Eg spør om han denne meisterligakvelden skal syna Manchester City–Dortmund på storskjermen. Han ser trist på meg:
– Diverre. Eg må nok syna AC Milan. Personleg ville eg heller ha sett City enn Milan.
– Kvifor, spør eg, Trieste og Milano høyrer båe til Nord-Italia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.