Passiv adopsjonspolitikk frå regjeringa
Over tusen norske par står i adopsjonskø, men ikkje sidan 70-åra har færre barn vorte adopterte frå utlandet. Norske styresmakter må engasjere seg meir og leggje til rette for samarbeid med fleire land, meiner adopsjonsforeiningane.
23. juni 2007: Me bestemmer oss for å adoptere og vel Adopsjonsforum som formidlar.»
På eit utal bloggar skildrar familiar over heile landet både draumen og den lange prosessen det er å få adoptere eit barn. I snitt ventar desse familiane i tre år og fem månader på eit barn. Utsnittet frå denne tidslina kjem frå bloggen «Lykken venter i Sri Lanka» til Ine og Mats.
Sidan 70-åra har over 20.000 barn vorte adopterte til Noreg. Men dei siste ti åra har talet vore søkkande både i Noreg og i andre vestlege land. Utgangspunktet for internasjonale adopsjonar skal vere at det er til det beste for barna. FNs barnekonvensjon frå 1989 og Haag-konvensjonen frå 1993, som regulerer inter-nasjonal adopsjon, slår begge fast at omsynet til barna er det viktigaste. I konvensjonane står det at adopsjon berre kan skje når barnet ikkje kan få tilfredsstillande omsorg i heimlandet. Dei landa Noreg har pleidd adoptere ifrå, satsar i aukande grad på nasjonale adopsjonar. Til dømes har talet på adopsjonar frå Kina gått kraftig ned dei siste ti åra.
–?India og Kina er døme på land som i aukande grad finn familiar i eige land, fortel Øystein Gudim, dagleg leiar i Adopsjonsforum, den største adopsjonsforeininga i Noreg.
Tal frå Statistisk sentralbyrå for 2012 viser at talet på adopsjonar frå Kina har gått ned med 75,5 prosent sidan 2002. Ventetida kan i nokre høve vere på heile seks år.
Ei anna årsak er at det også i desse landa er fleire som ikkje kan få eigne barn. Haldninga til adopsjon er også endra i fleire av landa Noreg samarbeider med. Dei ser meir kritisk på eigen praksis. Mellom anna har Kina nesten stoppa adopsjonar til einslege. Fleire land praktiserer også strengare reglar for internasjonal adopsjon for å unngå menneskehandel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.