Pass på: Dei økonomiske varsellampene blinkar igjenEg såg 2008-krasjet kome – og vart oversett. No trugar eit nytt.

Eg såg 2008-krasjet kome – og vart oversett. No trugar eit nytt.

Ei varsla krise: Aksjemeklar Christopher Crotty gnir seg seg i aug på New York-børsen 17. september 2008.
Ei varsla krise: Aksjemeklar Christopher Crotty gnir seg seg i aug på New York-børsen 17. september 2008.
Publisert

Det eg har hatt mest rett i opp gjennom karrieren min, er det eg har fått minst ære og heider for. I byrjinga av juni 2006 skreiv eg ei rad artiklar og heldt talrike talar som føresa, med monaleg presisjon, den globale finanskrisa.

I juni 2006 tok eg til med å observere at rentehevingar sette i verk av den amerikanske sentralbanken (Fed), før eller seinare ville få konsekvensar for gjeldstyngde amerikanske hushald. «I løpet av dei to neste åra», noterte eg, «vil dei månadlege innbetalingane for om lag 600 milliardar dollar i pantelån som er tekne opp av låntakarar i den såkalla subprime-marknaden, (...) auke med så mykje som 50 prosent».

I november 2006 vart eg ikkje akkurat hylla på ein Morgan Stanley-konferanse då eg argumenterte for at den utvikla verda som heilskap kunne ende i same smørja som Japan hadde vore i sidan 1990-åra, og freiste stagge deflasjonen med monetære og fiskale tiltak, og oppleve stagnerande vekst. Sentralbankens vane med å intervenere for å støtte eigedomsmarknaden, åtvara eg, hadde «oppmuntra til spekulasjon» og spreidd den farlege trua på at «alle er for store til å gå over ende».

To månader seinare fann eg det «fullt ut mogleg å sjå for seg ei likviditetskrise som er for stor til at monetære styresmakter kan handtere henne aleine. (...) Regjeringane ville måtte trå til. (...) Føderale redningsaksjonar for slike som Goldman Sachs kan verke vere utanfor vår fatteevne no. Men finanshistoria minner oss om at slikt skjer. Og når det skjer, kan likviditeten ebbe ut raskare enn han flødde inn.»

Hausten 2007 vart det tydeleg for dei profesjonelle, om ikkje for ålmenta, at noko var i vegen. Men framleis undervurderte folk faren. Eg hevda at vi stod overfor «ein giftigare cocktail enn mange investorar ønskte å tru», og at krisa ville bli global og ikkje berre avgrensa til USA.

I desember 2007 føresa eg ein «massedød» blant finansinstitusjonar når ein «menneskeskapt katastrofe» – krisa med dei risikable bustadlåna – breier seg gjennom det globale finanssystemet. 7. august 2008, over ein månad før konkursen til Lehman Brothers, spådde eg eit «globalt uvêr» som snøgt ville gjere omgrepet «kredittmangel» til ei absurd underdriving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement