Påskeopprør med røter frå Nikea
Den regelstyrte Byråsjefen og den utkropne Vertinna stridest om fullmånen og ymist anna.
Kyrkjemøtet i Nikea slik ein kunstnar skapte det i ei freske på 1500-talet.
Foto: Wikipedia Commons
Dei gode hjelpeskrivarane mine kjenner seg av og til misbrukte, feilsiterte og sensurerte. Eg forklarer så godt eg kan at sensur er noko anna enn redigering: Om det skal bli ein tekst, må Spaltisten sy saman ulike bitar og røyster. I tillegg har Bladstyraren eit ord med i laget, for når det kjem til stykket, er han ansvarleg.
Hjelpeskrivarane skjøner at det må vera slik, men dei liker det ikkje. Når VG juksar med kva som skjer og blir sagt på bar, kan dei koma til å mistru meg. Ikkje fekk dei vera med på julebord heller.
Dei har eit poeng der, så eg vifta med verbale palmegreiner og samla dei til eit påskemåltid. Med lam og vin, sjølvsagt. Me var berre tre til bords, så eg tenke det kunne bli ein god kommunion.
OFFERLAMMET smakte godt, og me drakk meir vin enn vatn, så praten flaut rimeleg greitt. Men Vertinna irriterte seg over at Byråsjefen heile tida tala henne til rette. Derfor fekk ho ubendig lyst til å setta han på plass, så ho spurde om han kunne regelen for når det er påske.
Han tok den nedlatande tonen og svarte at det høyrer til barnelærdomen: Første påskedag fell på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger. Då spurde Vertinna: «Korleis kan det då ha seg at første påskedag i år er 21. april og ikkje 24. mars, slik det skulle ha vore etter regelen, for det var vårjamdøger 20. mars, fullmåne 21. mars, og første søndag etter det var 24. mars?»
Byråsjefen slo opp i Almanakk for Noreg, som han alltid ber med seg. Der gjekk det fram at vårjamdøgeret 2019 var 20. mars klokka 22.58, og at det var fullmåne 21. mars klokka 02.43. Det meinte han var så små marginar at ein ikkje kan tenka lokal normaltid, men må ta omsyn til globale datogrenser. På sitt besserwisserske vis la han til: «For du trur vel ikkje at Gud og astronomien er særnorske oppfinningar?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.