JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Påskeopprør med røter frå Nikea

Den regelstyrte Byråsjefen og den utkropne Vertinna stridest om fullmånen og ymist anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyrkjemøtet i Nikea slik ein kunstnar skapte det i ei freske på 1500-talet.

Foto: Wikipedia Commons

5336
20190412
5336
20190412

hompland@online.no

Dei gode hjelpeskrivarane mine kjenner seg av og til misbrukte, feilsiterte og sensurerte. Eg forklarer så godt eg kan at sensur er noko anna enn redigering: Om det skal bli ein tekst, må Spaltisten sy saman ulike bitar og røyster. I tillegg har Bladstyraren eit ord med i laget, for når det kjem til stykket, er han ansvarleg.

Hjelpeskrivarane skjøner at det må vera slik, men dei liker det ikkje. Når VG juksar med kva som skjer og blir sagt på bar, kan dei koma til å mistru meg. Ikkje fekk dei vera med på julebord heller.

Dei har eit poeng der, så eg vifta med verbale palmegreiner og samla dei til eit påskemåltid. Med lam og vin, sjølvsagt. Me var berre tre til bords, så eg tenke det kunne bli ein god kommunion.

OFFERLAMMET smakte godt, og me drakk meir vin enn vatn, så praten flaut rimeleg greitt. Men Vertinna irriterte seg over at Byråsjefen heile tida tala henne til rette. Derfor fekk ho ubendig lyst til å setta han på plass, så ho spurde om han kunne regelen for når det er påske.

Han tok den nedlatande tonen og svarte at det høyrer til barnelærdomen: Første påskedag fell på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger. Då spurde Vertinna: «Korleis kan det då ha seg at første påskedag i år er 21. april og ikkje 24. mars, slik det skulle ha vore etter regelen, for det var vårjamdøger 20. mars, fullmåne 21. mars, og første søndag etter det var 24. mars?»

Byråsjefen slo opp i Almanakk for Noreg, som han alltid ber med seg. Der gjekk det fram at vårjamdøgeret 2019 var 20. mars klokka 22.58, og at det var fullmåne 21. mars klokka 02.43. Det meinte han var så små marginar at ein ikkje kan tenka lokal normaltid, men må ta omsyn til globale datogrenser. På sitt besserwisserske vis la han til: «For du trur vel ikkje at Gud og astronomien er særnorske oppfinningar?»

Då var tida inne for Vertinna, for dette hadde ho lese seg opp på, og slik var utgreiinga hennar:

JESUS DØYDDE under den jødiske påskefesten pesach til minne om utferda frå Egypt, og ho har ein fast dato. Somme kristne grupper gjorde som jødane, men dei fleste meinte at oppstoda måtte feirast på ein søndag. Etter mykje strid blei dette fastlagt på kyrkjemøtet i Nikea i 325, og slik er den kanoniske definisjonen – for dette var før Ivar Aasens tid: «Påsken er den søndagen som følger den fjortende dagen til den månen som oppnår denne alderen på den 21. mars eller umiddelbart deretter.»

Dette var ganske komplisert i praksis, for når påskefullmånen skulle fastsettast, måtte ein halda styr på den julianske kalenderen, astronomisk vårjamdøger, synodisk og ekklesiastisk måne.

Det blei litt klarare då Paven innførte syklisk fullmåne i 1583. Derfor kjem påske på andre tider i ortodokse land med julianske kalender. Ettersom Danmark-Noreg lenge praktiserte ei overgangsordning, feira me i 1774 påske ei veke før granneland med gregoriansk kalender.

Vertinna kunne også opplysa om at Carl Friedrich Gauss ikkje berre teikna kurver, men at han i 1816 også laga ein meir eksakt metode for å plassera påsken: Berichtigung zu dem Aufsatze: Berechnung des Osterfestes. I våre dagar held ein seg til formelen som den britiske astronomen Harold Spencer Jones utarbeidde i 1922, for han er utan unntak og passar i dataprogram.

MÅLBUNDEN OG MOTVILJUG måtte Byråsjefen ta Vertinnas utgreiing til vitande. Men han kunne ikkje dy seg, så han heldt ei førelesing om at i grunnen var påskedatoen ei lita fillesak på kyrkjemøtet i Nikea, som nå heiter Iznik og ligg i provinsen Bursa i Tyrkia.

Då Konstantin den store (272–337) hadde gjort kristendommen til statsreligion, kalla han inn dei 1800 biskopane i kristne kyrkjer i Romarriket. 300 møtte i full mundur og heldt det gåande i to månader. Slaget stod om sjølve guddommen, for Keisaren ville ha slutt på striden mellom biskop Alexander av Alexandria og den libyskfødde teologen Arius som blei skulda for blasfemi. Gnostikaren Arius gjekk med på at Kristus var det høgaste og mest perfekte vesenet Gud hadde skapt, men nekta for at han var guddommeleg.

Arianismen tapte, Arius blei fordømd, og skriftene hans blei brende. Kyrkjemøtet vedtok at guddommen er éin frå æve til æve, men samstundes ei trieining av Gud, Kristus og Den heilage ande, som kom med på kjøpet. Denne mystikken er framleis den samlande kristne truvedkjenninga.

På fagleg heimebane la Byråsjefen til at det også kom ei forvaltningsreform ut av kyrkjemøtet i Nikea: Hovudseta for biskopane i riket skulle vera Roma, Alexandria, Antiokia og Jerusalem.

SJØLV OM VERTINNA hadde rett i påskedato-opprøret, var Byråsjefen godt nøgd, for han fekk likevel briljera med kunnskap. Og som om det ikkje var nok, kunne han også setta Spaltisten på plass:

I førre episode av Side­blikk trudde Spaltisten at «Framskrittet kommer til å fortsette» var ei satirisk revyvise om Arbeidarpartiet. Det stemmer ikkje. The Monn-Keys spela inn teksten på plate til valet i 1961 – med «De unge slekter» av Kåre Holt på B-sida. Gudfaren Egil Monn-Iversen stod partikontoret nær, og for det blei han rikt lønt med posisjonar som han var vel kvalifisert for.

God påske med operasjon løvsprett.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slike karar kan ha mykje vit, men det er ofte ringt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis