Pappaperm-partiet

Venstresosialistane starta med kampen mot atomvåpna og enda med innføringa av ein pappa-applikasjon.

Publisert Sist oppdatert

Sosialistisk Venstreparti (SV) har hatt tre store høgdepunkt, fire om ein reknar med gjennombrotet til Sosialistisk Folkeparti i 1961. Dei tre andre kom i 1973, 1989 og 2001. Alle høgdepunkta var knytte til einskild-saker: fredssaka, EU-saka, miljøsaka og barnehagesaka. Einskildsakene har vore fronta av leiarar med stort personleg truverde: Finn Gustavsen, Erik Solheim og Kristin Halvorsen.

Suksessoppskrifta for partiet synest å vera å finna ei sak som kan mobilisera mykje folkeleg støtte, leidd av ein front-figur som utstrålar truverde. Med denne oppskrifta plar SV dobla røystetalet sitt, slik dei gjorde med Solheim og miljøsaka i 1989 og med Halvorsen og barnehagesaka i 2001.

Kortvarig

Baksida av denne medaljen er at suksessen har vore kortvarig. SV vert alltid kasta ut av paradiset straks dei er komne inn. Uvane med sola vert dei blenda når ho råkar, og ramlar ned i «skugganes dal» som då Hanna Kvanmo leidde partiet i 80-åra.

Satsinga på einskildsaker har gjort SV til meir protestrørsle enn parti. Så lenge slike einskildsaker er viktige nok, ærleg nok opplevde og truverdig nok fronta, kan dei òg føra eit parti til høgdepunkt. Men når protestrørsla vert ein del av regjeringa og makta, misser ho truverde som protestrørsle. Særleg tydeleg er dette hos den SV-generasjonen som no sit i regjeringskontora.

Då Lysbakken nytta fedrekvoten sin til å skriva boka Frihet likhet farskap, presenterte han henne som eit «kampskrift» for likestillinga mellom kjønna. Hadde han gløymt at han var barne-, likestillings–?og inkluderingsminister i det mest likestilte landet i verda? Ein kan ikkje mobilisera menneske til kamp for ei sak som for lengst er vunnen, som nærast alle er samde om, og der saksmålberaren er statsråd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement