JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pandemien med den lange halen

Livet går som normalt. Men covid-19 er ikkje heilt ferdig med oss enno.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

7255
20221223
7255
20221223

Helse

Peranders@dagogtid.no

Desember 2022: Covid-19-pandemien er i praksis over i Noreg. Vaksinane gjer at svært få blir alvorleg sjuke. Folk reiser med fullstappa bussar, går på jobb og skule, shoppar og går på konsertar, og knapt eit munnbind er å sjå. Men så kjem malurta: Sjølv om langt færre no blir alvorleg sjuke av covid-19, får framleis ein god del menneske plager i etterkant.

Studiar frå både Noreg og andre land syner at mange opplever «hjerneskodde», utmatting eller andre symptom etter overstått covid-infeksjon. Takk vere vaksineringa og mutasjonane som har mildna viruset, er det etter alt å døme mindre langtidsplager no: Dei som har vore alvorleg sjuke av covid-19, strevar generelt meir i etterkant, og no er dei fleste covid-infeksjonar fort overstått. Likevel: verken vaksine, eit noko mildare virus eller immunitet frå tidlegare overståtte infeksjonar gjev sikkert vern mot vedvarande plager etter ein ny runde.

Når vi veit at dei fleste av oss truleg kjem til å gå gjennom ei rekkje covid-infeksjonar i åra som kjem, blir det bryet verdt å prøve å kartleggje omfanget av fenomenet. Men lett er det ikkje.

«Lang-covid»

Det er nemleg eit særs diffust problem vi har med å gjere. Fenomenet har blitt kalla lang-covid, men det offisielle norske namnet no er seinfølgjer etter covid-19. Det er mange grunnar til at omfanget er vanskeleg å vurdere. Ein er at plagene artar seg så ulikt: Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) har kring 200 symptom blitt knytte til tidlegare covid-infeksjon. Men dei mest vanlege etterverknadene er utmatting, svekt minne, vanskar med å tenkje klart, tung pust og endra smaks- og luktesans. For dei fleste er plagene moderate og betrar seg gradvis, men somme blir verande sjukmelde over lang tid utan særleg betring. Særleg dei kognitive plagene, svekt minne og såkalla hjerneskodde, ser ut til å vere seigliva.

– For dei som slit med langtidsverknader, er ikkje pandemien over, seier Arne Søraas, forskar ved Oslo universitetssjukehus. Han leier koronastudien, som tok til våren 2020 og følgjer utviklinga til kring 200.000 nordmenn over tid med spørjeskjema. Svara tyder på at dei fleste plagene folk får etter ein covid-infeksjon, blir mindre eller borte over tid.

– Men når det gjeld dei kognitive problema, ser vi veldig lite betring verken over månader eller år. Og dessverre ser det ikkje ut til at vaksinane gjev særleg godt vern mot desse seinverknadene, seier Søraas.

Usikre tal

Sidan det er vanskeleg å seie sikkert kva symptom som har opphav i ein overstått covid-infeksjon, blir det òg vanskeleg å seie kor mange som får seinfølgjer. Men fleire anslag tyder på at det kan vere forbløffande mange. WHO meiner at mellom 10 og 20 prosent har ein variant av såkalla long covid meir enn tre månader etter at dei vart smitta. (Så lenge må ein ha symptom for at WHO skal kalle det lang-covid.) Centers for Disease Control and Prevention (CDC), som er det statlege folkehelseinstituttet i USA, meiner på si side at kring 20 prosent av dei smitta får lang-covid.

Alle slike tal må openbert takast med ei klype salt. Men om vi tek som utgangspunkt at nærare ein femtedel av dei covid-smitta får seinfølgjer av ulike slag, blir det neste spørsmålet kor alvorlege desse plagene er?

Sjukefråvær

Dette skal ikkje vere ei skrekkhistorie: Etterverknadene ser ut til å vere moderate for dei aller fleste. Truleg har dei fleste alt vore gjennom ein eller fleire covid-infeksjonar – FHI trur at kring fire millionar nordmenn har vore smitta så langt. Om ein femtedel av desse fekk verkeleg alvorlege plager, ville fastlegane ha blitt nedrende. Slik er det ikkje, Fastlegane har ikkje rapportert til Helsedirektoratet om mange pasientar med seinfølgjer, og det er heller ikkje stort press på rehabiliteringstilboda, fortel fagdirektør Preben Aavitsland ved FHI i eit e-brev.

Truleg viser likevel pandemien halen sin ein annan stad: Det legemelde sjukefråværet i Noreg auka monaleg frå 2019 til 2021. Og medan det korte sjukefråværet faktisk gjekk ned, auka det lange sjukefråværet (på mellom 9 og 39 veker) med 19 prosent. Størst auke var det for langtidssjukmelding for luftvegsplager (74 prosent opp frå 2019 til 2021), medan uspesifisert sjukefråvær auka med 27 prosent og psykiske lidingar auka med 24 prosent.

Auken i sjukefråvær har halde fram frå i fjor til i år, syner tal frå Nav. Sjukmeldingar for påvist covid-19 i tredje kvartal vart meir enn dobla frå same tid i fjor. Sjukmelding for diagnosen «slapphet/tretthet» auka med 31 prosent samanlikna med same kvartal i fjor. «I hvilken grad økningen i ’slapphet/tretthet’ skyldes langtidsvirkninger av korona vet vi foreløpig ikke», skreiv Nav-direktør Hans Christian Holte i pressemeldinga.

Fråfall

Ikkje berre er det vanskeleg å seie kor mykje covid har påverka sjukefråværet i Noreg til no. Det er enda vanskelegare å seie noko om korleis seinverknader av overstått infeksjon kan påverke folkehelse og yrkesdeltaking i åra framover. Men i USA og Storbritannia, land som vart hardare råka av pandemien enn Noreg, er det teikn som tyder på at følgjene er store.

I august i år kom ein analyse av kostnadene «lang-covid» har for yrkesdeltakinga i USA frå tenkjetanken Brookings Institution. Den er bygd på svært usikre tal, av grunnar som alt er nemnde. Men forfattarane kom til at kring 16 millionar amerikanarar mellom 18 og 65 år framleis hadde seinverknader av covid-19. Av desse er truleg mellom to og fire millionar menneske så sjuke at det held dei ute av arbeidslivet. Om det stemmer, er ein til to prosent av den amerikanske arbeidsstyrken slegen ut av seinfølgjer frå covid-19. Det er så mange at det tek ein jafs av BNP: Den tapte arbeidsinntekta åleine kan utgjere kring 1700 milliardar kroner, heiter det i analysen. Og fråfallet av arbeidskraft kan òg vere med på å forklare at så mange stillingar blir ståande ledige i USA.

Sjuke britar

Liknande tal kan ein finne i Storbritannia. 2,1 millionar britar – 3,3 prosent av befolkninga – har symptom som tyder på long covid meir enn fire veker etter avslutta infeksjon, melde det statlege statistikkbyrået Office for National Statistics i haust. Av desse fortalde 73 prosent at plagene avgrensa den daglege aktiviteten deira.

Storbritannia har òg hatt ein sterk auke i talet på langtidssjuke sidan pandemien tok til. I haust var kring 2,5 millionar britar sjuke over lengre tid, opp med heile 25 prosent sidan 2019. Kor mange av desse som er sjuke på grunn av seinverknader etter covid-19, og kor mange som er sjuke av heilt andre grunnar, er uvisst. Men talet på langtidssjuke britar har aldri vore høgare sidan statistikkserien tok til i 1993. Og det er neppe latskap eller hypokondri som held så mange borte frå jobb: Levekostnadene er skyhøge i Storbritannia, og arbeidsløysa den lågaste sidan 1974.

«Long covid» og psykiske lidingar er dei viktigaste årsakene til at så mange britar no står utanfor arbeidsmarknaden med helseplager, hevdar tenkjetanken Public Policy Research i ein ny rapport. Også det må takast med ei klype salt, som det meste i denne artikkelen. Den fulle kostnaden ved pandemien kjenner vi framleis ikkje, men taksameteret har ikkje stogga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis