JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På veg ned

Medan regjeringspartia slit, er Høgre i vekst. Trygve Svensson og Kristin Clemet har ulike syn på stoda i norsk politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet går ned på målingane.

Foto: Torstein Bøe / NTB

13676
20220715
13676
20220715

Politikk

jesper@dagogtid.no

Det nærmar seg eitt år i regjeringskontora for Arbeidarpartiet og Senterpartiet – eit turbulent år fylt med fleire kriser for regjeringspartia. I ei måling publisert i Nationen og Klassekampen sist helg er Senterpartiet nede i 5,6 prosent. Det er ein nedgang på nær 8,5 prosent samanlikna med stortingsvalet sist haust. Også Arbeidarpartiet har gått ned på målinga. To parti som derimot gjer det godt på målinga, er Høgre og SV. Medan førstnemnde nærmar seg trettitalet med 28,9 prosent, er SV no oppe i 10 prosent. Dimed er dei nesten dobbelt så store som Senterpartiet.

Dag og Tid utfordra leiarane for to organisasjonar som driv med politisk analyse, til ei oppsummering av stoda i norsk politikk før fellesferien.

Misnøye

Trygve Svensson er leiar for tankesmia Agenda plassert på sentrum–venstresida i norsk politikk. Han er optimistisk med tanke på framtida til regjeringa.

– Eg trur det er sannsynleg at Jonas Gahr Støre vert gjenvald som statsminister i 2025, og at dei raudgrøne partia får nytt fleirtal. Ein må hugse at valet i 2021 var den største maktforskyvinga i norsk politikk i moderne tid – i raudgrøn favør. Akkurat no er det 100 stortingsmandat som er sentrum–venstrepolitikarar, og heile det lokalpolitiske Noreg er styrt raudgrønt. Vi lever i ein sterk raudgrøn periode. Men vi er òg inne i ei krisetid.

– Likevel slit regjeringa på meiningsmålingane. Kva er hovudproblemet?

– Alle norske regjeringar har sidan 1997 falle i oppslutning frå valet fram til juli året etter. Så det ville heller ha vore pussig om det hadde vore motsett. For det andre har Noreg vorte råka av ting som ikkje er regjeringa si feil, men regjeringa sitt ansvar. Auka straumprisar og bensinprisar treffer vanlege folk midtskips. Og det var vanlege folk som røysta på regjeringa vi har no. At folk med låg og middels inntekt uttrykker misnøye på meiningsmålingane, er difor ikkje rart. Samstundes er dette sikkert den tohundrede saken der inngangsspørsmålet er: Kvifor gjer regjeringa det dårleg? Inngangen ein har til politiske spørsmål, er utruleg viktig for korleis dei vert tolka.

– Så du meiner media er skuld i nedgangen?

– Eg meiner media er prega av å vere borgarlege. For mange journalistar er nok Senterpartiet eit litt uforståeleg fenomen. 3 prosent av journalistane røystar Senterpartiet. Det er på nivå med KrF. Medan langt fleire nordmenn røystar Senterpartiet. Samstundes manglar både Senterpartiet og Arbeidarpartiet breie, folkelege mediekanalar som målber samfunnssynet deira. Det er forunderleg, med tanke på at arbeidarrørsla har vore den pregande krafta i moderne norsk historie.

– Kva har regjeringa fått gjennomslag for?

– Regjeringa la 13 milliardar kroner på bordet for å sikre ei straumstøtteordning som vi var først ute med i Europa. Det er ei enorm politisk prioritering som kostar like mykje som ei tannhelsereform. Men du kan sjå føre deg at regjeringa hadde presentert ei tannhelsereform. Då ville dei ha fått ei heilt anna oppslutning. Her var det altså snakk om å sørgje for at folk ikkje skulle fryse gjennom vinteren. Det same gjeld maktforskyvingane i arbeidslivet. Regjeringa har fått gjennomslag for den såkalla «Norgesmodellen», innført sterk avgrensing av innleige og seriøsitetskrav i arbeidslivet. Det er ei ganske stor maktforskyving på vegner av vanlege arbeidstakarar i Noreg. Men det er heller ikkje noko du merkar så raskt på meiningsmålingane, sjølv om det skapar faktisk endring i det norske samfunnet. Det er i kategorien viktig, men ikkje synleg.

– Eventuelt kan ein kalle det dårleg politisk handverk, når ein ikkje klarar å kommunisere gjennomslaga på ein god måte?

– Politikk handlar alltid om framtida. Noreg kjem til å vere ein annan stad i 2025 enn no. Då trur eg det som tel, vil vere dei store spørsmåla. Eg trur det er viktig å skilje mellom mellombels misnøye og dei djupe trendane.

Revers

Kristin Clemet er leiar i den borgarlege og liberale tenketanken Civita. Ho er meir forsiktig med å spå framtida.

– Eg har aldri møtt ein politisk kommentator som klarar å spå eitt år fram i tid, så då skal ikkje eg prøve på det heller.

– Kva er grunnen til at Arbeidarpartiet gjer det så dårleg om dagen?

– Arbeidarpartiet kler ikkje å sitje i ei regjering der imaget er revers. Partiets historie og sjølvbilete er knytt til framgang, forbetring og reform. No er det bunde opp til eit nasjonalkonservativt parti, som har gjort det til ei stor sak å reversere reformer dei ikkje har likt. Og det kler ikkje Ap så godt.

– Hadde det gått betre med SV i regjering?

– Då hadde Ap iallfall kunne representert ei slags modererande sentrumskraft mellom to parti som stadig fyk i tottane på kvarandre. Den rolla får dei ikkje spelt no. I staden vert dei slukte av Senterpartiet.

– LO-leiaren kravde tidlegare i år at SV må inn i regjering. Trur du det er realistisk?

– Partitaktisk har SV vore godt tent med å stå utanfor. Framlegget til LO-leiaren om å ta SV inn i regjering er i så måte veldig underleg. SV representerer noko av den tydelege sosialdemokratiske talen som ein ikkje høyrer frå Ap når dei er slukt av den konservative reverseringsretorikken til Sp, og dei har profilert seg godt på det dei har greidd å forhandle fram. Då dei drog heim frå Hurdal, sa SV at om dei skulle gjenoppta forhandlingar, måtte dei starte med blanke ark. Det hadde nok vore ekstremt vanskeleg for Senterpartiet, som fekk forhandla inn store gjennomslag i regjeringsplattforma, seier Clemet.

Interesseparti

Trygve Svensson meiner på si side at dei borgarlege partia har fleire problem.

– Spørsmålet er kva Sylvi Listhaug og dei andre på høgresida vil gjere. Vil Listhaug vere nøgd med å vere støtteparti til ei Høgre-, Venstre- og KrF-regjering? Og korleis kjem Venstre til å posisjonere seg? Vil dei klare å sitje i regjering med FrP igjen? KrF er i ei identitetskrise rett under sperregrensa. Skal dei reindyrke seg som eit kristenkonservativt parti? Er dei ute av norske politikk? Alt dette er usikre storleikar. Det kan godt vere Høgre kjem til å halde fram med gode målingar, men den samla tilstanden til høgresida er meir usikker.

– Støttepartia vert problemet for Høgre?

– Eg er usikker. Det får vi sjå i lokalvalet til neste år. Du har iallfall ein ganske stor generasjon høgrepolitikarar utan styringserfaring i lokalpolitikken. I realiteten har dei vore utraderte lokalt sidan 2015. Og lokalpolitikken er ein viktig rekrutteringsarena for partia. I tillegg har Høgre og FrP stor veksling av veljarar. Det kan godt hende det interne styrkeforholdet mellom dei to endrar seg fram til 2025. Det vil tydeleggjere kva som er det politiske prosjektet Erna Solberg og Sylvi Listhaug går til val på.

– Høgre sit for tida stille i båten. Kvifor profitterer dei på situasjonen?

– Eg meiner Høgre er eit underanalysert parti i norsk presse. Norske journalistar har inga djupne i analysane av partiet Høgre. Når det var nestleiarval i partiet for litt sidan, stod valet mellom ein frå Oslo vest og ein frå Bærum. Det var absolutt ingen debatt om politisk grunnsyn, konfliktar eller på korleis dei vil ta samfunnet i ulik retning. Det einaste vi høyrde, var eit koseintervju på eit fint hotell i Oslo. Ein fekk nesten inntrykk at det var ein idéklubb som skulle velje nestformann. Det er altfor lite dekning av dei politiske og personlege motsetnadene i partiet Høgre.

– Du har i ein kronikk i Klassekampen kritisert Høgre for å vere eit reindyrka interesseparti for dei kapitalsterke. Kva meiner du med det?

– Ein har historisk sett tre interessekonfliktar i Noreg. Og den analysen står seg enno. Høgre er partiet for dei kapitalsterke, Arbeidarpartiet representerer interessene til arbeidstakarane og Senterpartiet har eit «heile landet»-perspektiv. Høgre vil framstå som eit parti for folk flest, men dei er ikkje det. Dei er først og fremst eit parti for éi interessegruppe, seier Svensson.

– Slagordet til Arbeidarpartiet i valkampen, «vanlege folks tur», var på mange måtar ein re-introduksjon av interessepolitikken i den politiske kommunikasjonen i Noreg. Med Ap ved makta vil du sjå heilt konkret at det vert meir makt til arbeidstakarar, medan når Høgre styrer, vert det mindre. Det er ein heilt naturleg konsekvens av at vi har interesseparti. Eg er glad for at vi har eit demokrati der den mest grunnleggjande interessekonflikten, den mellom arbeid og kapital, er demokratisk løyst gjennom stortingsval og trepartssamarbeid. Det er heilt topp. Men det er viktig å vere klar over. Eg trur for få norske journalistar tenkjer på det når dei dekkjer partiet Høgre.

Danmark

Kristin Clemet er ikkje samd i at Arbeidarpartiets valstrategi var vellukka.

– Eg tilhøyrer nok dei som tviler på at «vanlege folk»-strategien var riktig. Arbeidarpartiet forlét interessepartiposisjonen for mange tiår sidan for å verte eit breitt folkeparti for alle. Det er ikkje utan grunn at «alle» sa dei kunne røyste Arbeidarpartiet under Brundtland og Stoltenberg.

– Denne strategien har fungert i Danmark?

– Ja, det Arbeidarpartiet har gjort, er ein blåkopi av det Mette Frederiksen har gjort i Danmark. Der gjekk ein til høgre i verdi- og innvandringspolitikken og til venstre i den økonomiske politikken. Det fungerte i Danmark på den måten at dei vann valet, men ikkje ved at sosialdemokratiet voks. Men i lokalvalet sist fekk sosialdemokratane seg ein skikkeleg «lussing», som dei seier på dansk, ved at dei urbane og høgt utdanna veljarane forlét partiet til fordel for dei konservative og dei andre venstrepartia. Om du ser på oppslutninga til Arbeidarpartiet i byane no, så er eg litt i tvil om dei kan unngå det same her i Noreg.

– Regjeringspartnar Senter­partiet slit på målingane, trass i at dei har fått gjennomslag for store delar av politikken sin. Kva er grunnen til det?

– For Senterpartiet sin del trur eg det er ei forventningskrise. Dei har skapt for store forventningar til kva ein kan løyse politisk. I tillegg er nok ikkje reverseringspolitikken så populær når ein faktisk gjennomfører han. Då ser folk kostnadane i form av tid, pengar og merksemd.

– Senterpartiet peikar på heilt reelle utfordringar når det kjem til urbanisering og sentralisering. Likevel blandar dei dei to perspektiva for mykje. At det over heile verda går føre seg ein flyttestraum mot byane, veit vi. Det har ikkje så mykje med dagsaktuell politikk å gjere. Men det andre, som har med sentraliseringa å gjere, er at det offentlege kan levere dyrare og meir sofistikerte løysingar til borgarane. Det krev ei viss samordning. Om du vil smørje alt utover, så det vert likt overalt, så får du dårlegare tenester. Det er eit reelt dilemma som heller ikkje Senterpartiet har enkle løysingar på.

– Busetnaden i distrikta er knytt til politiske prioriteringar. Er ikkje suksessen til Senterpartiet, spesielt i forkant av stortingsvalet, eit teikn på at mange i Bygde-Noreg føler på ei sterk avmakt?

– Du kan kjenne på like mykje avmakt om du bur på Grorud og går forbi Stortinget kvar dag. Samstundes trur eg ein har teikna eit litt for negativt bilete av distrikta i Noreg. Om du vil leite etter dei dårlegast stilte områda i Noreg, så bør du ikkje leite på landsbygda. Då må du leite i Oslo og andre byar. Dei er ikkje nemnt med ei bisetning i Hurdalsplattforma.

Borgarleg side

– Høgre er nok klar over at den gode oppslutninga har med problema til dei andre partia å gjere. I tillegg står Erna Solberg og ein del andre av profilane til Høgre, som Ine Eriksen Søreide, som er mykje i vinden på grunn av krigen, ganske sterkt i folket, seier Clemet vidare.

– Kva med dei andre borgarlege partia?

– Framstegspartiet prøver å ta den rolla som Senterpartiet hadde. Dei prøver å tiltrekkje seg ein del av protestveljarane. Vi er igjen inne i ein fase der lommeboka betyr noko. Det passar Frp veldig godt. For meg ser det ut som at Framstegspartiet for tida ikkje fokuserer så mykje på innvandring eller kulturkrig, men meir på skatte- og avgiftspolitikken. Utfordringa for dei er å ikkje drive det så langt som Sp og love for mykje. Når det gjeld Venstre, er det meir tydeleg profilert som eit liberalt, borgarleg parti enn på lenge. Og så gjer Guri Melby det veldig bra. Det får dei betalt for på målingane.

– Og KrF? Er partiet liv laga, eller har det utspelt rolla si i norsk politikk?

– Ting endrar seg raskt. I ein artikkel i Tidens Tegn på 90-talet åtvara Vidar Helgesen Høgre mot at Kristeleg Folkeparti kunne verte det nye store partiet på borgarleg side. Men om partiet fell ut, så vert det nok ikkje så lett å kome attende. Venstre kan falle og reise seg igjen. Det er nok tøffare for KrF. Dei må ta eit val på kva saker dei vil profilere seg på, og utkvittere abortspørsmålet og felles ekteskapslov, slik at dei ikkje heile tida vert møtte med mistanke.

– Kva vert dei viktigaste sakene i norsk politikk framover?

– Inntil nyleg kunne ein bruke veldig mykje offentlege midlar utan at det påverka inflasjon og renter. No kan ein ikkje det lenger. Det er ein heilt ny økonomisk situasjon, som kjem til å følgje oss framover. I tillegg skjer det dramatiske ting internasjonalt. Av heimlege saker trur eg offentleg–privat-aksen vert enno meir present. Skal det private få vere med på å løyse samfunnsoppgåver, eller skal det offentlege overta endå meir? I tillegg vonar eg skulepolitikken kjem attende. Dei siste åra har utdanning ramla litt nedover blant saker som veljarane er opptekne av.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Senterpartiet har skapt for store forventningar til kva ein kan løyse politisk.

Kristin Clemet, Civita

– Høgre er eit underanalysert parti i norsk presse.

Trygve Svensson, Agenda

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis