Politikk
På to hjul i fristaten Noreg
Noreg er ei frisone for elektriske sparkesyklar. Oslo har den største tettleiken av desse køyretøya i Europa – og kanskje i verda.
Elsparkesyklar på eit fortau i Oslo sommaren 2020. Etterlatne sparkesyklar kan vere eit hinder for fotgjengarar og ein fare for blinde og svaksynte i byen.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
«Enklere regler, mindre byråkrati og litt mer moro i hverdagen», stod det i pressemeldinga som daverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sende ut 10. april 2018. Han gjorde som Framstegspartiet hadde lova, og likestilte små elektriske køyretøy som elsparkesyklar med andre syklar i regelverket.
Men på den tida var det neppe mogleg å overskode konsekvensane. I 2019 rulla den første bølgja av elektriske sparkesyklar inn i norske byar, og klart flest kom i Oslo. Sju ulike selskap sette ut leigesyklane sine i hovudstaden.
Ingen veit kor mange elsparkesyklar som kom til Oslo det året, men dei to største utleigeselskapa åleine hadde til saman over 5000 køyretøy i sving. Tilbodet vart svært populært, særleg blant yngre folk. Men det følgde òg store problem med doningane. Elsparkesyklar låg strødde på fortaua, blinde og svaksynte fall stygt, fotgjengarar kjende seg utrygge, det vart mykje fyllekøyring og mange personskadar.
Annleislandet
Nett dei same problema har vist seg i andre storbyar der elsparkesyklane har rykt inn rundt i verda. Og debattane om desse køyretøya i ulike land liknar kvarandre til forveksling. Likevel er Noreg eit annleisland.
Medan styresmaktene i andre byar i Europa og Nord-Amerika raskt sette inn tiltak for å regulere bransjen og avgrense talet på elsparkesyklar, har selskapa framleis ei frisone i Noreg, to år etter det første sjokket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.