På spor av den tapte jernbanetid

Landet skulle byggjast og samlast med vegar av jern. Alt har si tid, og togets tid er forbi.

Storekvina stasjon fotografert i 1963, frå biletsamlinga til Nasjonalbiblioteket.
Storekvina stasjon fotografert i 1963, frå biletsamlinga til Nasjonalbiblioteket.
Publisert

Spaltisten er på heimlege trakter. Saman med ein kamerat som er døypt i same vatn, er han på leiting etter den tapte tid. Dei ser etter ting og stader, hus og uthus, folk og forteljingar dei minnest, eller trur dei minnest. Dei øver seg i å kalla fram namn, for kvart bruk på gardane hadde sin merkelapp, som også blei brukt på dei som budde der: i Holen, på Ægra, på Litlevoll, i Odden, på Dannemark, på Klippen, under Lunden, hos Krestian.

Dei røyner stader dei kjenner, men må vedgå at fleire av dei berre er av omtale. Mange festepunkt for minnet er borte: opne grasbakkar er overtatt av bjørkekratt, utløer har ramla ned, den skumle torvmyra er grøfta og tørka. Det var stader for å leika gøymsle i mørk-nande haustkveldar, springa terrengløp, hoppa på ski, spela poker og snika seg inn og høyra tungetale på pinsevennbedehuset. Og var det ikkje i ei utløe ein fekk sitt første kyss?

STADEN HEITTE MYRA før NSB døypte han om til Storekvina i 1944. Der var det stasjonsmeister, fire telegrafistar, to på godsbua, ein linjevaktar og stasjonsmeisterfrue med kafé. Staden fekk ambisjonar, bussrute og hus i tre etasjar med butikk, kafé, bakeri, postkontor eller verkstad på bakkeplan, familien i andre høgda og rom til utleige i tredje. Stasjonen var den sosiale møteplassen der folk kom for «å sjå på» dagtoget frå Oslo til Stavanger klokka halv seks.

Den venta veksten slo ikkje til, for toget tapte mot frigitte privatbilar på 60-talet. Den håpefulle stasjonsbyen minner om ein ghost town, og forfallet har sin køntrifolklore med rølpebandet Luxus Leverpostei og Onkel2R. Det går i roots, boots og bil, med jernbanen i ei birolle: «Me børna på stasjonen av og te.»

HJELPESKRIVARANE går leie av Spaltistens nostalgiske kjas om den forlorne stasjonsbyen. Vertinna meiner han må løfta blikket og sjå dei lange linene. Sjølv vaks ho opp på ein av mange jamsmå stader innover fjordane der dei hadde ferjekai og brygge, krambu, post og pensjonat. Så stakk nokre av stadane frå fordi dei fekk snikkarverkstad som vaks til møbelfabrikk, meieri, skular, byggefelt, sjukeheim og kommuneadministrasjon. Taparstadane blei uttynna, mens det for vinnarane balla på seg med byråkratar, snøggbåt, småflyplass og betre veg.

For Vertinna er jernbane noko fjernt som var eksotisk, men nå er avleggs.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement