På folkehelsa laus
Pandemien har vist at regjeringa kutta altfor hardt i budsjetta til Folkehelseinstituttet, meiner tillitsvald Marc Gayorfar.
Gjennom tre år kutta helseminister Bent Høie i budsjetta til Folkehelseinstituttet. Direktør Camilla Stoltenberg åtvara i 2017 om at kutta svekte kapasiteten til instituttet. Biletet er frå ein pressekonferanse 24. januar.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Frå 2015 til 2018 kutta regjeringa hardt i budsjetta til Folkehelseinstituttet. Camilla Stoltenberg, direktør ved Folkehelseinstituttet, sa til VG søndag at kutta var ei delforklaring på at det tok lang tid å teste virusprøver for å finne mutasjonar.
Marc Gayorfar er seniorrådgjevar og NTL-tillitsvald ved FHI, og han har vore svært kritisk til kutta.
– I 2020 var det 41.729 overtidstimar ved FHI, skreiv Dagsavisen nyleg, opp frå kring 3000 timar i 2019. Det høyrest ikkje sunt ut. Korleis er stemninga?
– Det varierer. Mange synest det er interessant og gjevande å jobbe så intenst, medan somme synest det blir for mykje over så lang tid.
– Regjeringa skar kraftig i budsjetta dykkar i nokre år. Korleis vart kutta grunngjevne?
– Kutta kom særleg i 2016, 2017 og 2018, og til saman mista vi kring 20 prosent av løyvinga. Helseminister Bent Høie sa rett ut i 2015 at helseforvaltinga hadde vakse seg for stor og måtte krympast. Dette selde han òg inn til Stortinget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.