På eldreministerpost«Kva skal landet eigentleg med ein eigen eldreminister?» spør Dagens Næringsliv denne veka.

«Kva skal landet eigentleg med ein eigen eldreminister?» spør Dagens Næringsliv denne veka.

Publisert

Det blæs frå storhavet, men det er varmt og godt i stova til farmor.

– Eg har ikkje noko å by deg, seier ho og slår av Visjon Norge på TV-en.

Ho kjem seg ikkje på butikken sjølv lenger, fortel ho. For farmor fekk to brot i ryggen medan ho låg i senga, for snart tre år sidan. Ein blodsjukdom hadde gjort henne beinskjør. Då heimehjelptenesta kom innom for å sjå til henne, sa ho til dei at ho ikkje kom seg opp av senga. Ho hadde vondt.

Men pleiaren misforstod. Han trudde berre ho var litt deppa, og at det var difor ho ikkje stod opp. Han gjekk. Det gjekk over to døgn, og ho vart liggande. Først då dottera kom innom og letta på dyna hennar, vart farmor send direkte til sjukehus.

I Noreg har vi over 900.000 alderspensjonistar. NAV reknar med at talet vil passere ein million i 2021, og halde fram med å stige deretter. Av alderspensjonistane er 156.100 minstepensjonistar og må klare seg på om lag 15.000 i månaden, ifølgje pensjonssatsane til NAV. Og i år sende regjeringa ut ei stortingsmelding om at mange kommunar har eit for dårleg tilbod til sine eldre. Men då det denne veka vart vedteke at Noreg får eigen eldreminister, var den første reaksjonen: «Kan dette vere naudsynt?» «De gamle har fått nok», skreiv komikar og politikar Per Inge Torkelsen til NRK. Han påstår at Noreg har dei friskaste, rikaste og mest sutrete pensjonistane i verda. Og politisk redaktør i DN tykkjer at det ligg noko ubehageleg i ideen om at eldre skal ha ein eigen minister, mens andre omsorgstrengande må «henge med som best dei kan». Men kvifor setje to slike grupper opp mot kvarandre? Får ikkje helse- og omsorgsministeren betre høve til å ta seg av andre omsorgstrengande når han får ein kollega til å ta seg av dei eldre?

Historia om farmor er ikkje unik. Ei kartlegging av dei tilsette i eldreomsorga i 2016 viste at sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar ikkje har den kompetansen dei skal. Seinast i romjula rapporterte TV 2 at omsorgstenestene til eldre vert reduserte i høgtidene, og at eldre då vert forsømde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement