Baksida av jukselappen
Enkelte studentar opplever eksamenspresset så stort at dei må jukse.
I staten Bihar i India i 2015 gjekk familiemedlemer og andre drastisk til verks for å hjelpe elevane som sat inne med eksamen.
Foto: AP/NTB scanpix
«Eg har HEIMEEKSAMEN i dag.
Treng difor RO og FRED fram til 14.00.
TUSEN TAKK!»
Eg strekar endå ein gong over alle bokstavane, signerer med namnet mitt og smeller toppa attende på sprittusjen. Eg er attende i 2012. Årseining i engelsk. Eksamensperioden er så vidt i gang. Deretter klistrar eg lappen godt fast på utsida av døra til rommet mitt – med to lag tape – og ein til, på ytterdøra. Sagt frå på førehand har eg òg, men etter musikkstudenten i hybelen ved sida av å døme ligg eksamenståka så tett at det vert reint for mykje å be han om å gå stilt i dørene.
Stadig fleire eksamenståkete studentar fuskar på eksamen, skriv Dagens Næringsliv denne veka. Felles klagenemnd handsama 67 klager i 2017, men har fått nærare 60 klagesaker berre det første halvåret i 2018. Dessutan meiner nemnda at mørketala er høge. Og når studentane juksar seg til gode resultat, er det ofte på heimeeksamen. Då sit ikkje eksamensvakta ved døra og ser på ein. Klagenemnda har sett fuskesaker der studentar tek med seg fagbøker på ein minnepinne, og til og med nyttar spionverkty for å få tak i eksamensoppgåvene. Dagbladet melde dessutan i fjor at nokre studentar ved Norges handelshøyskole nytta chatteappen Jodel for å spørje om oppgåvesvar anonymt.
– Dei gav meiningslause svar, sa førsteamanuensis Trond Vegard Johannessen.
Men er presset på studentane verkeleg så stort at dei må ty til spionverkty for å stå?
Ja, meiner studentleiar Susann Biseth-Michelsen ved Universitetet i Oslo. Presset på studentane kan verte umenneskeleg når dei berre har fire timar på å vise alt dei kan. Stryk dei, kan det gå ut over studieprogresjon, lån og økonomi, meiner ho.
Eg vert så irritert at eg er på grensa til å kjøpe rynkefjerningskrem til den sinte avgrunnen i panna. Eg skjønar at det er surt å verte teken for juks om ein har gløymt å vise til éi kjelde på rett måte. Eg kan òg kjenne mageverken eg hadde ei heil veke etter den eine gongen eg strauk på eksamen. Men eg tok han på nytt og stod. Og økonomien min klara seg, for omgjeringslånet vart ikkje rekna ut før eg var ferdig med utdanninga.
Studentleiaren ved Universitetet i Oslo føreslår å innføre mappevurdering, slik at presset ikkje vert så stort. Men for å få ta vanleg eksamen må dei fleste òg levere arbeidskrav jamleg gjennom semesteret. Desse får ein respons og rettleiing på.
Så: Er det for vanskeleg å stå på eksamen, eller er generasjon prestasjon rett og slett ikkje nøgde med mindre enn ein A?
Attende på hybelen har eg fått eksamensoppgåva tilsendt. Google freistar meg når eg ser oppgåva om amerikansk historie. Eg tenkjer på Algerie i Afrika, der dei vil slå av både mobilnett og internett i heile landet i ein time etter at eksamen er i gang for å hindre juks. Likevel svevar markøren min lenge over Chrome-symbolet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er presset verkeleg så stort at ein må ty til spionverkty for å stå?
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.