ØyrevoksDet er ingenting dramatisk, men høgre øyregangen min er for trong. Difor må eg av og til innom eit sjukehus for å få han staka opp. Glad og nøgd køyrde eg til Drammen sjukehus sist tysdag. Særleg nøgd vart eg då det synte seg at lækjaren var ei ung

Publisert

Det er ingenting dramatisk, men høgre øyregangen min er for trong. Difor må eg av og til innom eit sjukehus for å få han staka opp. Glad og nøgd køyrde eg til Drammen sjukehus sist tysdag. Særleg nøgd vart eg då det synte seg at lækjaren var ei ung og fager kvinne frå Troms. Eg fekk henne til å le minst sju gonger medan ho sat der og staka.

Men det med parkering synte seg å vera eit problem. På parkeringsplassen var det ein stor og ny monitor som eg skulle trykkja på. Eg trykte for to timar, men las samstundes at eg måtte nytte kortet mitt til å sjekka ut. Men då eg kom attende, var eg så nøgd med å ha fått at høyrsla at eg gløymde å sjekka ut med kortet mitt.

Vel heime i Asker greip otta meg, tenk om kortet berre gjekk og gjekk? Eg byrja i panikk å ringja ulike parkeringsselskap. Men tenk, dei kunne ikkje hjelpa meg, kor sjokkerande! Eg ringte så banken, dei kunne fortelja meg at det var reservert pengar frå kontoen min via Visa, men at dei ikkje kunne sjå kven som hadde reservert. «Men det går nok bra. Jeg hadde ikke kjørt tilbake», sa bankkvinna.

Eg køyrde attende. Men samstundes var eg heilt medviten om at eg ikkje ville inn att i parkeringssystemet. Eg parkerte på Esso-stasjonen 200 meter frå inngangen. Så sprang eg opp til automaten og stakk inn kortet. Alt var i orden. Dei som kjøpte ei fast tid – eg hadde kjøpt to timar – trong ikkje sjekka ut med kort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement