Øyrekviskraren har fått sparkenNår politikken lener seg tyngre på retorikken, blir innsalet viktigare enn innhaldet.
Når politikken lener seg tyngre på retorikken, blir innsalet viktigare enn innhaldet.
Tidlegare stortingsrepresentant Jon Leirfall (t.v.) og illustratør Audun Hetland med boka som handla om lekkasjar regjeringsskiftet i 1971.
Foto: NTB scanpix
Nå gjer eg Trumps kjernereplikk til min og seier til min hjelpeskrivar Øyrekviskraren: You are fired!
Det er ikkje det at øyrekviskrarane ikkje gjer jobben sin; dei gjer jobben sin altfor godt, dei er dyktige og dei blir fleire: Eit middels stort parti på Stortinget har statsstøtte til å halda seg med fleire rådgjevarar og pressekontaktar enn det er politiske journalistar att i norsk presse. Legg så til informasjonsmedarbeidarar i private og offentlege konsern, etatar og departement – dei siste blir dratt stadig nærare den politiske leiinga, med Ketil Solvik-Olsen som pådrivar.
ØYREKVISKRARANE er meir utkropne i å selja inn sakene sine, medan det blir færre journalistar med kunnskap og oversyn til å stå imot eksklusiv tilgang til vinkla utspel, godt planlagde lekkasjar, artige påfunn, photo-ops, sladder og ferdigtygd drit. Eg har ei kjensle av at øyrekviskrarane vil overta jobben min, og at dei meiner dei kunne gjere han myke betre. Til og med gratis, for dei er godt betalte av andre, noko som er lokkande for bladstyrarar som ser klikka stagnera og annonseinntektene svinna, som må skjera ned på alt og lokka med stadig tynnare sluttpakkar.
Det er ikkje det at Spaltisten ikkje kan ha hatt nytte og glede av denne hjelpeskrivaren av og til, men han lurer ofte på om han er ein nyttig idiot som blir utnytta i overlagt spinn av profesjonelle doktorar med kurs i forteljarkunst, regi, dramaturgi og iscenesetjing. Øyrekviskraren blir sagt opp for å skapa distanse til denne utviklinga
DET ER MEIR. Innsalet blir viktigare enn innhaldet i takt med at politikk blir meir retorikk. Det har Sylvi Listhaug tatt med seg frå First House – talepunkt for talepunkt, del for del, like for like. Då er det berre rimeleg at øyrekviskrarbransjen får ei tyngre hand med i mogeleg politikk som formidlingskunst på alle plattformer.
Øyrekviskrarane blir rimelegvis meir sjølvmedvitne og treng ikkje gøyma seg bort med veska to steg bak. Dei som har tenkt seg vidare til betre betalte lobbyar, vil bli intervjua og ta sin del av æra for suksessar; taparane har ikkje lytta godt nok eller hatt for dårlege advokatar. I A-Magasinet under valkampen stod fem sentrale øyrekviskrarar fram og skrytte av korleis dei trekker i trådane – med Erna Solbergs ustoppelege Sigbjørn Aanes som posterboy. Forgjengaren hans, Julie Brodtkorb, som var eit idealtypisk forbilde, hadde ei sikker hand med i forminga av den nye Erna. Nå har ho meldt overgang til maskinentreprenørane og meiner ho skal klara å gjera store gravemaskinar sexy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.