Datasenter
Overflodslandet
OpenAI skal byggje eit datasenter i Narvik.
Illustrasjon: Dado Ruvic / File Photo / Reuteres / NTB
«Velkommen til Norge!» Slik var den glade helsinga frå digitaliseringsminister Karianne Tung da det vart kjent at OpenAI skal få bygd eit datasenter i Noreg, det første av sitt slag i Europa. Stargate Norway skal byggast av norske Aker og britiske Nscale, medan OpenAI skal kjøpe datakrafta. Investeringa «viser at Norge er et attraktivt sted for norske og utenlandske investorer», hevda Tung.
Men når Stargate-anlegget hamnar i Narvik, er det ikkje på grunn av det norske skatteregimet eller kompetansen på kunstig intelligens i Ofoten. Pressemeldinga frå selskapa sa det rett ut: Regionen er kjenneteikna av «overflod av vasskraft, lågt lokalt kraftforbruk og avgrensa overføringskapasitet». Kort sagt: billeg straum. I tillegg er det kjølige klimaet ein bonus for eit datasenter. Men er dette det beste ein kan bruke kraftoverskotet i Nordland til?
Fram til i vår planla Aker å produsere ammoniakk og hydrogen på tomta i Narvik. No skal den straumen som skulle gå til industriproduksjon, brukast til kunstig intelligens. Det er eit teikn i tida at Aker satsar på datasenter, etter å ha mislukkast med satsingane på grøn energi dei siste åra. OpenAI likar å framstille seg sjølv som eit berekraftig selskap. Men sanninga er at kunstig intelligens er den raskast veksande kraftsløsaren i verda.
Stargate Norway treng i starten ein effekt på 230 megawatt, og kraftbehovet skal auke. På sikt kjem anlegget truleg til å bruke over 3 TWh med straum i året, skriv Europower. Det er nesten det dobbelte av forbruket til alle datasentera i Noreg i fjor og halvparten av kraftoverskotet Nord-Noreg har hatt dei siste åra. Om alle søknadene om straum til nye datasenter her i landet skulle gå gjennom, får Noreg snart eit stort kraftunderskot. Da blir det ingen straum att til det såkalla grøne skiftet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.