Orkanmysteriet

Det treng ikkje å bli fleire orkanar på ein varmare klode. Men dei orkanane som kjem, blir truleg meir øydeleggjande, seier klimaforskar Camille Li.

Abaco-øyane fekk hardast medfart da «Dorian» råka øygruppa Bahamas denne veka. Skadane var enorme.
Abaco-øyane fekk hardast medfart da «Dorian» råka øygruppa Bahamas denne veka. Skadane var enorme.
Publisert

Orkanen «Dorian» har truleg lagt over 13.000 hus på Bahamas i ruinar, og minst 20 menneske skal ha mista livet. «Dorian» var ein av dei sjeldne kategori 5-orkanane, og dei verste vindkasta var oppe i nesten 100 meter i sekundet. Som det meste anna av ekstremvêr har denne stormen blitt kopla til den globale oppvarminga. Men samanhengen mellom klimaendringar og tropiske orkanar er ikkje liketil. Dette temaet er ei verkeleg nøtt for klimaforskarane.

For ein lekmann verkar det naturleg å tru at det må bli fleire orkanar i ei varmare verd. Varmt sjøvatn er motoren for dei tropiske orkanane (eller taifunane eller syklonane, som er andre namn på same fenomen). Sjøtemperaturen må vere over 26 gradar for at ein slik orkan skal kunne byggje seg opp. Sidan desse stormane får energien frå varmen i havet, misser dei krafta ganske raskt når dei kjem inn over land. Og det er rimeleg å tenkje seg at jo varmare sjøvatnet blir, jo fleire orkanar får vi: Oppvarminga vil jo føre til at havet når den naudsynte temperaturen oftare enn før. Likevel er samanhengen mellom klimaendringar og orkanfrekvens langt frå eintydig. Det ser ikkje ut til å vere nokon markert auke i talet på tropiske orkanar i verda, sjølv om gjennomsnittstemperaturen på kloden stadig stig.

Ingen trend

Om vi til dømes ser på registrerte orkanar som kjem inn over land i USA, har frekvensen svinga over tid. I 40-, 50- og 60-åra var det høg orkanaktivitet, 70- og 80-åra var ganske rolege, deretter auka det på att. 2005 var eit år da dei store stormane kom på rekkje og rad, med «Katrina» som den mest destruktive. Men så kom det tolv uvanleg rolege år for USA sin del: Frå 2005 til 2017 vart ikkje fastlandet råka av ein einaste orkan i kategori 3 eller sterkare. (Her skal det nemnast at fleire kraftige orkanar råka øyar i Karibia i denne perioden, og stormen «Sandy» gjorde enorme skadar på land i USA i 2012, sjølv om vindstyrken ikkje var så ekstrem.)

Dei siste tre åra har talet på orkanar i Atlanterhavet auka att, og fleire av desse stormane har ført til fryktelege øydeleggingar både i Karibia og på fastlandet i USA. Men det er ikkje dermed sagt at orkanfrekvensen vil halde seg høg i åra som kjem. Og heller ikkje datamodellane til klimaforskarane gjev nokon klare svar på om vi kan vente oss fleire eller færre tropiske orkanar i ei varmare verd. Somme modellar tyder på ein liten auke, somme tyder på at det blir som før, og somme tyder på ein liten nedgang. Rapportane frå IPCC, klimapanelet til FN, er òg atterhaldne når det gjeld talet på orkanar i framtida.

Mange ukjende

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement