Lita skrift

Ork

Publisert

Ein kveld vinteren 1942–43, fortalde fatteren, vart heile familien kalla til fjøsen på Senja, der dei hadde gøymt ein radio. Farmor hadde skrapa saman egg og mjøl og feitt og steikt noko som minte om vaflar, for endeleg hadde det kome nytt frå London som gav grunn til ein aldri så liten fest midt i krigen: Fem tusen tyske soldatar hadde frose i hel ved Stalingrad.

At fiendens soldatar døyr, og di fleire, di betre, gjev von om at enden på krigen nærmar seg. Eit vendepunkt. Eit lyspunkt.

Reduserer ein ikkje berre talet på fiendar, men òg verdien av kvar einskild til noko mindre enn eit menneske, er det enklare å gle seg over at dei omkjem. Nett det kan eg tenkja meg at ho bestemor prøvde på under krigen, ho som sjølv hadde fire unge søner og var lærarinne for mange fleire.

Såleis føyer det seg til ein lang tradisjon at ukrainarane no kallar dei russiske invasjonssoldatane «orkar». Orkar er ein art me kjenner frå mellom anna Tolkiens Ringenes Herre. Orkar er humanoide, dei minner om menneske, men er vonde, stygge og produserte industrielt i oppdrettsanlegg, dei kan ikkje skapa, berre øydeleggja. Sidan kom Tolkien på at orkane var korrumperte og torturerte alvar, men uansett, ingen græt når orkar døyr, om ein då ser bort frå Sauron i Mordor-Moskva, om han skulle missa orkane sine fortare enn han greier laga nye og taper krigen på det. Men menneska frydar seg og pustar letta ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement