JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ordkrig om laks, gift og gjødsel

Den som er skråsikker på årsaka til giftalgebløminga i Nord-Noreg, har neppe vitskapleg dekning for overtydinga si.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nærare åtte millionar oppdrettslaks har døydd på grunn av bløinga til giftige algar i Nordland og Troms dei siste vekene. Biletet er frå anlegget til Mortenlaks i Lødingen, som fekk besøk av fiskeriminister Tom Harald Nesvik på måndag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

9800
20190531
9800
20190531

Miljø

peranders@dagogtid.no

For dryge to veker sidan gjekk alarmen i Ofotfjorden i Nordland og Astafjorden i Troms: Stadig meir av laksen fekk andenaud i merdane, og fisken byrja å krepere i tusental. Sidan da har den ekstreme bløminga av algen Chrysochromulina leadbeateri spreidd seg, og denne vårbløminga var kostbar for ei rekkje oppdrettsselskap. På tysdag melde NTB at kring 7,7 millionar laksar hadde døydd på grunn av dei giftige algane, som øydelegg cellemembranen i gjellene og kveler fisken. Tapa til oppdrettsselskapa kan bli på minst 2,4 milliardar kroner, sa lakseanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea for ei veke sidan.

Bastante

Mange oppdrettskritiske røyster hevdar at oppdrettarane kan takke seg sjølve. Desse kritikarane meiner at skit og spillfôr frå merdane har utløyst den giftige algebløminga. «Oppdrettsdøden fra algeoppblomstring skyldes oppdrettsanleggenes gjødsling av fjordene», slo Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet, fast på si eiga nettside denne veka.

Andre er like sikre på det stikk motsette. «Dette er eit naturfenomen og har ingenting med ureining å gjere», sa Merete Kristiansen, kommersiell direktør i Nordlaks, på Dagsnytt 18 måndag denne veka. «Dette er ikke næringen sin feil», har fiskeriminister Harald Tom Nesvik slege fast. «Oppdrett er ikke årsaken til algeoppblomstringen» var tittelen på ein artikkel frå Havforskingsinstituttet denne veka.

Men artikkelteksten er ikkje like skråsikker som tittelen. Oppdrett er «trolig ikke utløsende årsak» til utbrotet, heiter det, men «det kan ikke utelukkes at utslipp av næringssalter fra anleggene kan forlenge oppblomstringen». Og om ein går inn i detaljane, blir det vanskeleg å vere sikker på årsakssamanhengane i denne saka.

Sjeldne kriser

Først skal vi slå fast nokre enkle ting som fagfolka er samde om. Dei fleste mikroskopiske algar er ikkje giftige. Planteplanktonet er fundamentet for det aller meste av livet i sjøen, og berre kring 75 av dei kring 4000 planteplantonartane i verda har potensial for å bli giftige for fisk eller andre dyr. Somme av desse er ganske vanlege i mindre mengder langs norskekysten, og dei kan i periodar gjere blåskjel og andre muslingar giftige å ete for menneske.

Langt sjeldnare er katastrofale giftalgeblømingar som den som no har funne stad i Nordland og Troms. Når mengdene blir så store, kan slike algar truge både villfisk og oppdrettsfisk. Men villfisken kan berge seg ved å trekkje ned på djupare vatn. Algane er avhengige av lys for å leve, og finst ikkje i djupet. Oppdrettslaksen i merdane kjem seg derimot ikkje vekk. Slike store, destruktive algeblømingar er svært uvanlege i Noreg. I norske farvatn har ikkje algar ført til verkeleg massedød i oppdrettanlegg sidan 1991, og også da var det Chrysochromulina leadbeateri som drap fisk inst i Vestfjorden.

Den største kjende giftalgebløminga i Noreg var utbrotet av ein annan flagellat, Chrysochromulina polylepis, langs Skagerrak-kysten i 1988. Av ein eller annan grunn vart denne algetypen eksepsjonelt giftig den sommaren. Bløminga tok livet av mykje villfisk og førte til mange dystre spådomar om framtida. «Nordmenn bør se algekatastrofen som et tegn og varsko fra Gud», sa filosofiprofessor Egil A. Wyller til Aftenposten, og viste til Johannes openberring som ein peikepinn for korleis flagellatfenomenet skulle tolkast.

Mange faktorar

Men når dei store, giftige algeblømingane er så sjeldne som dei er – kva er det da som skal til for å utløyse dei? Svaret er tydelegvis mange ulike faktorar på éin gong. Og det er slett ikkje sikkert at vi kjenner til alle ingrediensane som skal til for å lage ei ekstrem algebløming, forklarer Lars-Johan Naustvoll, som er forskar og algespesialist ved Havforskingsinstituttet.

– Det er så mange variablar, og dette er rett og slett forferdeleg vanskeleg å finne ut av. Men ein del føresetnader kjenner vi. Algane må sjølvsagt vere der i ei viss mengd i forkant. Chrysochromulina leadbeateri er ganske vanleg langs norskekysten, men denne algen har sjeldan store blømingar, seier Naustvoll.

– Så må dei kjemiske og fysiske føresetnadene vere rette. Det må vere nok av næringsstoffa nitrogen og fosfat i vatnet, i den rette blandinga. Og kva som er den rette kjemien, kjem an på kva planteplanktonart det er. I tillegg trengst det eit ganske stabilt overflatelag i sjøen, så det ikkje blir omrøring av vassøyla. Vêret bør vere roleg og fint med mykje sol, og så må straumen sørge for å frakte algane vidare til nye område der det er nok næringsstoff i vatnet.

Sjølv om ein kjende alle desse variablane i detalj, ville det ikkje vere nok til å gje sikre førehandsvarsel om ei sterk algebløming, forklarer Naustvoll.

– Det kan vere store lokale skilnader: Ein alge kan bløme opp kraftig i ein fjord og ikkje i nabofjorden. Og sjølv om kjemien og fysikken ligg til rette, kan biologien halde bløminga nede. Til dømes kan det vere store mengder dyreplankton som beitar ned planteplanktonet. Desse faktorane endrar seg heile tida. Og det kan vere variablar her som vi enno ikkje kjenner til, til dømes virusaktivitet i sjøen eller tilgangen på mikronæringsstoff.

Aukar faren

Men trass i denne kompleksiteten er oversiktsstudiar av algebløming samstemde om ein ting: Overgjødsling av kystvatnet aukar risikoen for ekstrem algebløming, både av større algar som dei slimete trådalgane vi kan finne i strandsona, og av planteplankton som flyt fritt i sjøen. Dei viktigaste næringsstoffa for algar er nitrogen og fosfor. Og aukande tilførsel av desse to stoffa ser ut til å ha auka faren for ekstrembløming av giftige planktonartar mange stader i verda.

Gjødselstoffa kan kome frå til dømes landbruk, kloakk, industri og vegtrafikk. Men i Noreg er oppdrettsnæringa den klart største menneskeskapte kjelda til fosfor- og nitrogenutslepp i havet. I 2017 kom det kring 10 000 tonn med fosfor og 60 000 tonn nitrogen ut i kystvatnet med fiskeskit og spillfôr frå merdane. Det er denne gjødslinga som er grunnen til at somme no hevdar at næringa sjølv har skulda for algekatastrofen i Nord-Noreg. Men den konklusjonen verkar enda meir forhasta enn den totale frikjenninga av næringa frå andre hald.

Ikkje så tett

Éin ting er at kystvatnet i Noreg generelt slett ikkje er overgjødsla, trass i oppdrettsutsleppa, ifølgje forskarane som måler slikt. I tillegg: Som Havforskingsinstituttet peikar på denne veka, er Ofotfjorden og Astafjorden, områda der giftalgebløminga tok til, langt frå av dei mest oppdrettsbelasta fjordsystema i Noreg. I Astafjorden har det vore litt over 50 tonn laks per kvadratkilometer dei siste åra, i Ofotfjorden 16 tonn. I somme fjordarmar i Hordaland er det no over 500 tonn laks per kvadratkilometer, utan at dette har ført til store giftalgeblømingar. Det er altså ikkje lett å sjå samsvar mellom oppdrettstettleik og bløminga av giftalgar. Og sidan 1988 er produksjonen av oppdrettslaks i Noreg meir enn tidobla, utan at det har ført til nokon registrert auke i giftalgeepisodar.

I tillegg: Sjølv om oppdrett er den største menneskeskapte kjelda til utslepp av nitrogen og fosfor i Noreg, er det ikkje dei oppdrettstette delane av norskekysten som har hatt mest overgjødsling. Overgjødslinga har vore verst i Skagerrak, der det er få oppdrettsanlegg. Der kjem nitrogen og andre næringsstoff rekande med straumane frå Austersjøen og sørlege Nordsjøen. Fleire av forskarane som studerte den store giftalgebløminga langs Skagerrak-kysten i 1988, meinte årsaka var at store nedbørsmengder sør for Nordsjøen det året hadde sendt ekstra mykje nitrogen ut i havet.

Rom for tvil

Trass i alt dette, og trass i at Havforskingsinstituttet denne veka er sitert land og strand rundt på at «oppdrett er ikke årsaken til algeoppblomstringen» er det vanskeleg for forskarane å utelukke samanhengen mellom gjødsel frå oppdrettsnæringa og den dødelege Chrysochromulina-bløminga. Sjølv om nitrogen og fosfat frå merdane på ingen måte er tilstrekkeleg til å utløyse ei slik bløming, og sjølv om eit utal andre variablar òg måtte vere på plass, kan denne gjødsla likevel ha spela ei rolle – til dømes ved å forlenge bløminga, slik HI sjølv påpeika denne veka.

– Det er mykje vi ikkje veit. Men det alle er innforstått med, er den grunnleggande kjemien. Vi veit at nitrogen og fosfor må til for å få ei algebløming, anten stoffa kjem naturleg frå djupvatnet eller frå andre kjelder, seier HI-forskar Lars-Johan Naustvoll.

– Det verkar umogleg å slå fast ein sikker samanheng mellom oppdrett og giftalgebløminga, og like umogleg å avvise ein slik samanheng sikkert?

– Truleg var ikkje gjødsel frå oppdrettsanlegga utløysande. Men vi kan ikkje utelukka at det har medverka, seier Naustvoll.

Vil ha lukking

Kva følgjer denne algekrisa får for oppdrettsnæringa, ut over dei store økonomiske tapa for fleire selskap, er uvisst. Men sjølv om det ikkje let seg gjere å prove nokon samanheng mellom oppdrettsutslepp og Chrysochromulina-bløminga, gjev massedøden av laks likevel argument til kritikarane av dagens form for oppdrett. Toine Sannes, fiskeripolitisk talsperson for MDG, meiner algedøden viser trongen for å gå over frå opne til lukka anlegg. «Vi mener det er en tryggere driftsform for å unngå blant annet slikt som dette», sa ho til NRK på søndag.

I eit lukka anlegg vil det vere mogleg å unngå giftige algar som Chrysochromulina ved å hente vatn lenger nede i sjøen. Ifølgje Lars-Johan Naustvoll er konsentrasjonen av denne algetypen vanlegvis låg nedanfor ti-tolv meters djup, og ved 25 meters djup vil risikoen for å få inn farlege mengder algar vere nær null.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er rett og slett forferdeleg vanskeleg å finne ut av.

Lars-Johan Naustvoll, forskar ved Havforskingsinstituttet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis