Opprør i SSB
SSB lagar Noregs beste økonomiske prognosar. Likevel krev eit utval at dei skal endra modellane. Toppforskarane Ådne Cappelen og Erling Holmøy protesterer.
Vi journalistar har det med å bruka sterke ord, til dømes «krigstilstandar» om mindre konfliktar, og «rase» om å gi mild kritikk. Men det som skjer i Statistisk sentralbyrå for tida, må det nesten vera lov å kalla trefningar. Førre helg kunne Finansavisen fortelja at forskingsavdelinga skulle kuttast sterkt ned og at metodegrunnlaget skulle bytast ut. Både NHO og LO og ein rekkje økonomar er motstandarar av omlegginga og hevdar at ei slik endring kunne setja det inntektspolitiske samarbeidet i fare. Teknisk beregningsutvalg, som lagar alle tala som utgjer grunnlaget for tariffoppgjeret, vert nemleg tradisjonelt leia av direktøren i SSB og er bygd på det metodegrunnlaget som no ser ut til å kunne verta fjerna. Dimed vert SSB noko heilt anna enn det har vore i heile etterkrigstida.
Dag og Tid har fått tilgang til to særs kritiske notat ført i pennen av det vi må kalla dei to storoksane i SSB: tidlegare forskingsleiar Erling Holmøy, og tidlegare forskingsdirektør Ådne Cappelen, som er leiar for Teknisk beregningsutvalg. Den nye direktøren i SSB, Christine Meyer, er den fyrste leiaren av SSB som ikkje er samfunnsøkonom, og ho bad Cappelen taka jobben som leiar av det inntektspolitiske samarbeidet.
Før vi ser på dei to notata, må vi sjå på bakgrunnen: I fjor sette Meyer ned eit hurtigarbeidande utval som skulle sjå nærare på forskingskvaliteten og metodegrunnlaget, modellane eller «maskinene» som SSB nyttar når dei skal seia noko om pensjonsreform, innvandring eller komande konjunkturar. Utvalet vart leidd av fagdirektør Torstein Bye og var sterk prega av økonomar som baserer forskinga si på likevektsmodellar og rasjonell aktør-teori – ei tenking som har University of Chicago (Milton Friedman) som sitt episenter. Mellom anna var Magne Mongstad, som er professor nett i Chicago, med i utvalet.
Best i test
Rapporten har også to vedlegg som i klare ordelag kritiserer metodane til SSB, førde i pennen av Kjetil Storesletten og Hilde Bjørnland, som båe høyrer til i likevekts–?og rasjonell aktør-skulen. I vedlegga seier dei at dei ønsker at SSB skal gå bort frå dei tradisjonelle modellane og satsa meir på å utvikla mikroøkonomiske modellar og rasjonell aktør-tenking. SSBs modellar er meir bygde på empiri, nasjonalrekneskapen og på arven etter Keynes og økonometrien som Nobel-prisvinnaren Ragnar Frisch utvikla, og som det store talentet Leif Johansen vidareutvikla. Dette er store modellar som legg vekt på makro og som prøver å seia noko om kva som vil skje om til dømes kommunane får meir pengar eller finanspolitikken vert stramare.
Altfor forenkla kan vi seia at SSBs tradisjonell modellar legg meir vekt på finanspolitikk, medan Storesletten og Bjørnlands modellar meir har vorte utvikla på basis av nyare pengepolitikk. Storesletten og Bjørnland hevdar i vedlegga at SSBs modellar bomma grovt i 1970-åra, då inflasjonen gjekk i taket, og at modellane «ble sterkt kritisert og oppgitt av forskningen på 1970/80-tallet». Dei vil i staden ha likevektsmodellar baserte på eit mikroøkonomisk fundament bygd nedanfrå på basis av «rasjonelle aktørar» – såkalla DSGE-modellar – som dei kallar «moderne». Desse modellane nyttar mellom anna Noregs Bank, BI og fleire bankar. Problemet er berre at SSB som regel spår langt betre enn alle andre som spår om framtida. I fjor vart SSB på basis av eit moderne internasjonal rangeringssystem kåra til Noregs beste prognosemakar dei siste ti åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.